Dag og Tid nr. 31, laurdag 2. august 2003
Bøker:
Alt om sjiaene i Irak
I ei tid der magekjensla spelar ei sentral rolle i synet på Irak er det viktig med bøker som kan gje oss kunnskap om det irakiske samfunnet.
Yitzhak Nakash:
The Shiis of Irak
Princeton University Press
«Lærebøker», sa Goethe, «bør vera attraktive; dei vil berre vera det om dei presenterer dei klaraste og mest tilgjengelege sidene av læring og vitskap.» Yitzhak Nakash si bok om sjiaene i Irak er ei attraktiv bok, sjølv om ein treng litt kjennskap til islamsk historie for at ho skal verte klar og tilgjengeleg. Har ein ikkje det inne må ein nok bu seg på å gå til eit godt leksikon for å bøta på eventuelle hol i kunnskapen, men det vil vera verdt strevet. For i ei tid då magekjensleekspertisen om Irak florerer, er det frigjerande å lesa eit verk fullt av læring og vitskap. Boka, som er frukta av doktoravhandlinga til Nakash, vart fyrst utgitt i 1995, men kom i ny utgåve og med nytt forord i år. Kvifor? Du gjetta det, konflikten i Irak.
Stadig aktuelt
Det er høgst tvilsamt at denne boka ville ha kome i ny utgåve om Irak ikkje dominerte overskriftene i om lag eit halvt år. Fyrst gjennom opptrappinga til og seinare gjennom krigen. I slike høve vert det sjølvsagt spurt etter bøker om Irak, og forlaga teppebombar marknaden med nye utgåver av bøker som har med Irak å gjere. Verdien på desse bøkene er så ymse at det krev sin mann og skilja klinten frå kveiten, eller magekjenslebøkene frå dei bøkene som kan gje ein verkeleg kunnskap om Irak. Nakash bryr seg ikkje om magekjensla, men kjeldene. Nakash ber heilt klart arven frå grunnleggjarane av moderne midtaustenforsking med seg. I denne arven, som ein kan spora attende til Tyskland, Holland og Sentral-Europa på slutten av 1800-talet, er respekt for islam og ein rik filologisk kunnskap essensielt. Nakash nyttar kjelder på arabisk, persisk, hebraisk, tysk, fransk og engelsk for å skriva
soga om sjiaene i Irak. Me har utan tvil med ein akademisk tungvektar å gjera. Og som hjå tungvektarar flest, sit slaga der dei skal.
Sjiismevogga
Sjølv om dei fleste i dag set sjiisme i samband med Iran, så er Irak sjiismevogga. For alle sjiaer må det ha vore spesielt å høyra om slag ved Karbala under den siste krigen i Irak. For ingen stad er viktigare i sjiisk historie og myte enn slaget ved Karbala i 680 eller 61 etter islamsk tidsrekning. Her vart Hussein (Husayn), som i høve sjiaene var det rettmessige arvtakaren etter den fjerde imamen, Ali, forrådd og drepen. Resultatet var at umayadane med hovudsete i Damaskus vart det herskande islamske dynastiet. Sentralt i den sjiiske teologien står trua på dei tolv imamane (twelver imams), der det tolvte er den skjulte imamen som vart tatt opp til himmelen og som i endetida skal koma attende som imam-madi, verdsfrelsaren. Dei fleste av desse imamane er gravlagde i dei fire sjiiske altarbyane i Irak: Karbala, Najaf, Kazimayn og Samarra. Med ei så viktig rolle i sjiisk historie ville det vore nærliggjande å tru at
sjiaene i Irak har vore der sidan tidleg islamsk historie, Nakash syner at det er annleis.
Stammene konverterer
Det er fyrst i midten på 1700-talet at dei arabiske stammene i Irak byrjar å konvertera til sjiismen, prosessen held fram heilt til midten på 1800-talet. Og som med all historie, er det ein rekke element som spelar inn. Samanbrotet av det sjiiske læresenteret i Isfahan i Iran etter at dei sunniske afghanarane okkuperte byen i 1722. Den sjiiske læresentra flytta då til Karbala og Najaf. Bygging av vasskanalar av det osmanske imperiet som då styrde Irak, gjorde at dei sosialøkonomiske tilhøva i byane betra seg. Frå 1831 byrja osmanane ein politikk med busetjing av stammar som tidlegare hadde levd som nomadar, eit tileggsresultat av dette var at dei irakiske stammene kom i kontakt med sjiaene i Karbala og Najaf, dei fleste persarar, og etter kvart konverterte fleire stammar til sjiismen.
Sentralt i tesen til Nakash står den sterke arabiske identiteten til dei irakiske sjiaene. Eit døme er at dei såkalla myrlandbebuarane (marsh dwellers) vart sett på som mindreverdige. Myrlandbebuarane som bur i sumpområda i Søraust-Irak vart sedde på som etterkommarar etter persarar og ikkje arabarar. (Boka til Wilfred Thesinger, The Marsh Arabs, er verd å lesa om ein vil veta meir om myrlandbebuarane).
Store endringar
I det førre hundreåret skjedde det mykje med sjiaene i Irak. Ein ser korleis Najaf voks og fall som hovudsenteret for sjiisk teologisk og akademisk senter. Korleis pilegrimane kom frå India (britisk India) og Iran til altarbyane og korleis lik av sjiamuslimar vart frakta til Karbala og Najaf for å gravleggjast på sida av dei sjiiske «patriarkane». I andre halvdel av hundreåret byrja det å gå nedover for sjiismen si stilling i Irak. Hovudsetet for sjiisk teologi og læring vart flytta til Qum i Iran, der det framleis ligg. Frå om lag 8000 studentar i Najaf ved i byrjinga av det tjuande hundreåret var talet nede i 150 i 1985. Og Saddam Hussein tok store steg for å undertrykkja all form for sjiisk opposisjon. Epilogen har ein del om det sjiiske opprøret mot Saddam i mars 1993. Nakash trur at opprøret mot Saddam i 1991 vil gå inn i dei irakiske sjiaene sitt medvit som opprøret mot dei engelske
styresmaktene i 1920. I tillegg skriv Nakash om korleis Saddam starta eit storstilt prosjekt med å regulera Eufrat i sør etter opprøret. Allereie i 1995 var det teikn på at den unike kulturen til myrlandarabarane var i ferd med å verte øydelagd som eit resultat av drenering av myrland og regulering av Eufrat. I dag er Saddam fjerna og sjiaene kan for fyrste gong på lenge koma til å spela ei sentral rolle i Irak. For fyrste gong på lenge kan sjiaene i Irak fritt gjennomføra ashuraseremoniane til minne om Hussein og slaget ved Karbala. (Mahmoud Ayoub: Redemptive Suffering in Islam er den beste boka eg kjenner om ashuraseremoniane).
The Shiis of Iraq har sidan fyrste utgåva kom, vorte omtala som det beste verket som nokon gong er skrive om sjiaene i Irak. Det er enno relativt tidleg i Nakash sin akademiske karriere, men eg trur han allereie har skrive livsverket sitt. Korleis framtida til sjiaene i Irak vil verte etter Saddam, står enno att å sjå. Vil ein få ei ny oppblomstring i Karbala og Najaf og kan desse byane igjen verte sentrale læresenter for sjiisk teologi og eit alternativ det dei persisk dominerte læresentra i Qum og Mashhad i Iran? Vil dei arabiske sjiaene koma ut av skuggen til sine persiske trusbrør i teologiske spørsmål? Desse spørsmåla vil me få svara på i åra som kjem, men om ein i det heile skal forstå noko om sjiaene i Irak og posisjonen deira, kjem ein ikkje utan om denne boka som er tett opp til Goethe sitt ideal om ei attraktiv lærebok.
Asgeir Ueland
|