Dag og Tid nr. 31, laurdag 2. august 2003
Bøker:
Doris Lessing ute i hypotesen
Kva tema Doris Lessing behandlar Ben ute i verden er eg ikkje i stand til å sjå, skriv Nøste Kendzior.
Doris Lessing:
Ben ute i verden
Omsett av Bente Klinge
Gyldendal
Eg las Ben ute i verden. Etterpå blei eg sitjande og vri meg med ei litt ubehageleg, merkeleg uklar kjensle: Kva var dette for noko? Kvifor har Doris Lessing skrive denne romanen? Kva erkjenning var det ho ønskte å formidle?
Annleis
Romanen handlar om Ben, ein 18-åring som ser ut som om han er minst 40, hårete og undersetsig som han er. Han ser svært annleis ut enn andre menneske, og han høyrer, ser, oppfattar og reagerer annleis enn andre menneske.
Men så er han visstnok heller ikkje noko riktig menneske. Han er snarare ein halvape, ein atavisme frå stamfedrane våre. Han er blitt jaga heimanfrå av den pene og borgarlege engelske familien, og aleine i verda, i London, blir han eit lett offer for lurendreiarar av alle slag. Han blir brukt som heroinsmuglar, sidan som ei slags filmstjerne, og han blir kosta rundt med av slemme menneske både i England, Frankrike og Brasil. Skurkane tener godt på forvirringa, langsemda og naiviteten til Ben, og det går dei godt og dei lever lukkeleg alle sine dagar. Men Ben går det riktig ille med.
Atterhalden
Doris Lessing er atterhalden med opplysningar til å forstå psyken til Ben. Lesaren får berre vite at han gliser breitt når han blir redd, dunkar hovudet i veggen når han er frustrert, har ein uhorveleg appetitt på kjøtt og frukt og er ein kløppar til å pare seg på dyrisk vis, med grynt og bjeff. Av respekt for den 84 år gamle verdskjende forfattarinna gjekk eg ut frå at det var meg det var noe i vegen med, sidan eg verken forstod meg på Ben eller på meininga med boka, som eg i det store og heile fann svært overflatisk, trass i det gode arbeidet til omsetjar Bente Klinge. Så eg gjekk på biblioteket og lånte Doris Lessings roman Det femte barnet, som kom på norsk i 1989, og som handlar om barndommen til Ben. Han er det femte barnet i ein familie der alt er såre vel inntil Ben blir født. Den aparte utsjånaden hans og den trugande åtferda fører til at
han blir sperra inne på ein lukka institusjon, der han lever i månadsvis i tvangstrøye og på ekstremt sterke sedativ til mora kjem og reddar han ut att og bringar han attende til familien, som no takk vere Ben sakte, men sikkert går i oppløysing. I denne romanen er Ben blant anna bandeleiar for ein gjeng ungdomsforbrytarar som er fleire år eldre enn han, ei bragd som på ingen måte står i forhold til den tafatte Ben romanen Ben ute i verden.
Romanen Det femte barnet har nokre interessante tilløp, ettersom han set flower-power-periodens syn på fri sex og fri oppdraging i eit ertelystperspektiv. Men dessverre forstod eg heller ikkje meininga med denne romanen. Skulda for dette er ikkje nødvendigvis Doris Lessings, i alle fall ikkje berre. Det har seg nemleg slik at smaken er som baken, og at bøkene om Ben tilhøyrer den delen av Lessings forfattarskap som må skildrast som «sannsynsdikting». Ei anna av denne type bøker er den velkjende Sommeren før mørket, som kom på norsk i 1974. Dette er bøker som Doris Lessing har skrive med inspirasjon frå science fiction og framtidsvisjonar ein sjanger som Deres herverande meldar ikkje så lett lèt seg fascinere av, enda denne typen litteratur ligg i det såkalla motebiletet.
Eg seier meg lei for det.
Sosialistisk grunnsyn
Doris Lessing ein britisk forfattar som blei fødd i Iran i 1919 og voks opp i Rhodesia har elles skrive ei rekkje bøker: romanar og romanseriar, novellesamlingar, drama og dikt. I bøkene sine behandlar ho, ut frå eit sosialistisk grunnsyn, forholdet mellom menneske og politikk, og ho har skrive viktige innlegg om rasemotsetnader, særleg i Afrika, og om kvinnefrigjering. Kva tema ho behandlar i romanen Ben ute i verda er eg som nemnt ikkje i stand til å sjå. Men alle har vi våre «ups and downs». Kanskje har den store forfattarinna berre tillate seg å skrive ei heilt upretensiøs slå-i hel-tida-roman? I så fall undrar eg på om ho her kan ha hatt eitt av sine downs. Det er synd å slå i hel den korte stunda vi har fått her på jorderike. Så les heller den siste boka til ei anna gammal dame: Eit funn av den 80 år gamle nobelprisvinnaren Nadine Gordimer.
Boka kom ut på Gyldendal forlag i år i den fine omsetjinga til Ragnhild Eikli, og den er heilt forbløffande.
Nøste Kendzior
|