Dag og Tid nr. 31, laurdag 2. august 2003

Bøker:
Ein tvilsam vitskap

Susan Blackmore har høge mål, men forsøket på ein heilskapleg teori om kulturell evolusjon kan knapt kallast vellykka. Er ikkje eit menneske anna enn ei opphoping av klisjear?


Susan Blackmore:
Memesket
Omsett av Bård Eskeland
Abstrakt forlag

Eg hadde ikkje høyrt om memetikken før eg las boka til Susan Blackmore, og burde helst vere varsam i omtalen av denne nye vitskapen, som Richard Dawkins la grunnlaget for i boka Det egoistiske genet frå 1976. Eg ønskjer ikkje å ironisere på sviktande grunnlag, heller, men det kan verte naudsynt for å seie noko i det heile. Eg står utanfor og gløttar inn i ei framand verd, som eg ikkje kjenner særleg lyst til å trengje inn i. Rett nok har eg nokre spørsmål til den nye vitskapen, men brenn ikkje etter å få svar på dei. Debatten om memetikken går på internett, og allereie ei veke og ei bok etter at eg først fekk kjennskap til disiplinen, høyrer eg til dei som tviler på om han har noko for seg.

Totem og tabu

Feilslått forsking kan vere produktiv. Ta til dømes Freuds teori om monoteismen. Freud skildra ein urhorde, leidd av ein patriark med fleire koner og mange søner. Dei misunnelege sønene slo seg saman og drap faren, som hadde nekta dei omgang med kvinnene. Etter at dei hadde fullbyrda udåden, fekk sønene dårleg samvit. Dei opphøgde minnet om faren, og byrja å tilbe han som symbol (totem) for stamma. Freud meiner at slike hendingar var opphavet til den monoteistiske religionen. Nyare religionsvitskap seier at teorien hans er ei røvarhistorie, med verde berre som ein metafor i psykologien. Freud heldt fast på teorien, sjølv etter at forskinga som han bygde på (Robertson Smith), hadde vorte grundig tilbakevist. Og sanneleg gjorde han rett – med tanke på ryet sitt – for religionsteorien til Freud er framleis ein aktuell referanse for forskarar i mange humanistiske disiplinar.

Sigmund Freud var ein glitrande amatør som religionsteoretikar og evolusjonist. Han var ingen einsam grublar. Då Charles Darwin hadde rokka ved førestellinga om eit avslutta, gudegjeve skaparverk, vart spørsmålet om det primitive opphavet til verdsreligionane brennande aktuelt. Teoriar om animisme, totemisme og solmytar florerte i dei akademiske miljøa på slutten av 1800-talet. Etter eit halvt hundreår med villeiande spekulasjonar var det imidlertid klart at den eggjande gåta ikkje lét seg løyse med vitskapleg forsvarlege metodar. Antropologien, sosiologien og religionsvitskapen fekk sine eigne teoretikarar, og overlét Darwin til biologane og genetikarane. Det evolusjonistiske paradigmet i religionsvitskapen gjekk over i historia som eit lærerikt feilgrep. Difor er det forbløffande Å sjå nokre av dei same tankane dukke opp att i ein ny kulturvitskap.

Frå gen til mem

Argumentet ovanfor er ikkje berre ein digresjon, for Susan Blackmore har faktisk mykje til felles med dei tidlege evolusjonistiske tenkjarane i religionsvitskapen. Ho er òg oppteken av opphavet til religionane, og stiller spørsmålet om dei utvikla seg gjennom «memetisk seleksjon». Dei såkalla mema er kulturelle element som formeirer seg på liknande vis som gena. Mem kan til dømes vere ordtak, songar, skikkar – eller religiøse førestellingar. Dei er kort sagt byggjeklossane i kulturen. Blackmore skriv at menneska og kulturen utviklar seg i evolusjonistisk samspel mellom gena og mema.

Samanlikninga med genetikken er ei rik kjelde til friske metaforar, og kan byggjast ut til eit system med tilfredsstillande indre logikk. Det er ein forlokkande, men uforsvarleg metode. Den systematiske samanlikninga fargar observasjonane. Eg nyttar i denne meldinga ei rekkje klisjear, som Blackmore og andre memetikarar vil kalle vellykka mem. Men likskapen mellom kulturelle klisjear og gen er langt frå fullkomen. Kulturen endrar seg annleis og raskare enn naturen. Skal memetikken verte anna enn ein produsent av meir eller mindre treffande metaforar, må han frigjere seg frå det naturvitskaplege førebiletet – om det då er mogleg. Disiplinen kan allereie ha rota seg for langt inn på ein blindveg til å kome vidare.

Argumentasjonen til Blackmore er usystematisk og «humoristisk» på ein enerverande måte. Dei av lesarane som trass i innvendingane har fatta interesse for emnet, vil eg tilrå eit søk på internett før dei skaffar seg boka hennar. Der finn de ein debatt med fleire og betre innfallsvinklar enn dei ho byr på. Memetics er eit brukande søkjeord.

Odd Magnus Grimeland

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |