Dag og Tid nr. 30, 26. juli 2003
Bøker:
Nye nøklar til Tor Ulven-lesinga
Mytane vil aldri stå i vegen for lesinga av Tor Ulven. Dei litterære kvalitetane overlever mytane, seier Ole Karlsen, redaktør av den nye Ulven-antologien Steinens hvorfor er ditt hvorfor.
Inger Bråtveit
jerven78@hotmail.com
Tor Ulven sette litteraturvitskapen på prøve. Han etterlét seg ein litteratur som aldri før var sett, med innsikt inn eit språkleg, løyndomsfullt, men uhøyrt univers. Han skreiv om eit mørker, eit lysande mørker. Om det som ropar i deg, men som ikkje ropar på deg.
Det einaste intervjuet han gav, halvtanna år før han døydde, har saman med Torun Borge og Henning Hagerup si bok om Tor Ulven, Skjelett og hjerte frå 1999 vorte ståande som sjølve inngangen til forfattarskapen hans.
Nyanserte nylesingar
Antologien Steinens hvorfor er ditt hvorfor om Tor Ulvens forfatterskap inneheld 12 artiklar og essay, som på nytt er med å etablera og nyansera lesinga av Tor Ulven i Noreg og Norden. Boka er den tiande i rekkja av bøkene som har kome i stand etter det årlege poesiseminaret på Flisa. Bidragsytarane, som mellom anna er Torun Borge, Jørgen Erslev Andresen, Ole Robert Sunde, Anniken Greve, Marit Grøtta, Finn Tveito og Idar Stegane har brynt seg på ulike sider av Ulven sin forfattarskap.
Har motiv som død og knoklar skygt for dei tematiske og formsterke sidene til forfattaren?
Du kan ikkje ta feil av Tor Ulven, han har noko upersonleg og samstundes personleg over seg. Han kunne skoda utover ein hage og gje att det heile med streng vitskapleg presisjon. Ulven er vår mest vesentlege tingdiktar, også om ein ser han i lys av den europeiske tradisjonen. Han syner fram tilhøvet tinga har til oss, seier Ole Karlsen.
Målet til Ulven gjennom heile forfattarskapen var å gi tomrommet bak teikna ei røyst, ei røyst som minner oss om det me menneske aldri vert ein del av.
Og tinga er det som gjer han så fortvila, når naturen syner seg med all si lokale likesæle over steinen som lever sitt eige liv, seier redaktør Ole Karlsen.
Me kan leva med ulike syn på Tor Ulven. Biletet av han som ein dødsdiktar er sant, biletet av ein fortvilingsdiktar stemmer, og ja, du kan, slik Borge og Hagerup med tittelen på boka Skjelett og hjerte slår fast, finna ei human side i tekstane hans. Antologien nyanserer dei store orda om fortviling og dødsdikting. Me syner nye måtar å lesa Ulven på, og reiser spørsmål som: Kva er ein fortvilingsdiktar og kva vil det seia å driva dødsdiktning?
Å lesa med omsorg
Det handlar om å lesa heile diktarskapen og finna tematikken i kvart dikt. Kvart einaste dikt må lesast med omsorg for å prøva å finna ut kva diktet handlar om. Fyrst når ein har lese alle tekstane slik, har ein rett til å koma med nyanseringar av tematikken i ein heil diktarskap.
Innleiingsessayet til Torun Borge minner oss om at ein tekst aldri står på staden kvil, og det er interessant å sjå bidraget hennar i høve til det arbeidet ho alt har gjort med Ulven. Essayet vert ei historie om hennar eiga historie om Tor Ulven.
Moralsk diktar
Torun Borge seier sjølv at ho har gripe fatt i ein av dei minst litterære tekstane Ulven etterlét seg. Prosateksten «Mellomspill XIV (dumt spørsmål)» frå Stein og Speil står som eit ope skrik over lidinga i verda og stiller avslutningsvis spørsmålet: «Hvorfor vil de øke smerten istedenfor å minske den?» I innleiingsessayet seier Borge beint ut at teksten uttrykkjer eit personleg vitnemål utan sidestykke i forfattarskapen hans.
Det er blitt sagt at Ulven skriv fram ei meiningsløyse berre kan formast språkleg. Vert meiningsløysa oppheva av forma?
Eg har grubla mykje på kva fortviling det var snakk om. Om tilhøvet mellom meining og ikkje-meining, og kor ein hentar meining og moral i meiningsløysa, og at ein likevel ikkje kan la vera å produsera meining. Ulven såg sjølv meiningsløysa midt i kvit-auga, seier Torun Borge.
At Tor Ulven gav til kjenne ei moralsk fortviling, og ein sjeldan gong ei politisk fortviling, er veldig lite påakta. For han hadde ei menneskeleg haldning som gjennomsyra det han skreiv. Ulven var som Schopenhauer, ikkje berre pessimist, men òg humanist, med både sympati og empati for det å leva. Ein tekst frå Fortæring fortel om eit eg som ser ein person som lenar seg over drikkefontena, der denne personen sit i rullestol.
Ulven peika på ei anna meiningsløyse enn den ontologiske, men på ei meiningsløyse som er i det moralske feltet. Ja eg kan verkeleg ikkje få understreka dette godt nok.
Men om han hadde høyrt at nokon kalla han ein politisk forfattar, hadde han nok flirt, seier Torun Borge.
Du fortel at di Ulven-lesing, er og har vore personleg prega av den allmenne Ulven-lesinga?
Heilt sidan Skjelett og hjerte i 1999 har eg vore oppteken av å finna ut kva for spenn denne forfattarskapen rommar. Viss ein skal vektleggja kor eg sjølv vil leggja vekta, så er vel opningsessayet mitt ei meditativ undersøking av ei av Tor Ulven sine mange sider. Eg ser ikkje på essayet mitt som ei status-erklæring eller eit tungt innlegg i Ulven-lesinga. Eg har skrive meg fram, følt meg fram til noko som kan vera ein nøkkel til Tor Ulven sine tekstar og det store bidraget hans til litteraturhistoria. Slik synest eg elles, reint generelt, fleire innlegg til lesinga av forfattarskapen kunne ha vore.
Han var hemmeleg i så mange år. Berre nokre få, trugne lesarar og forfattarkollegaer visste om han. Sjølv fann eg fram til han ein gong tidleg på åttitalet, ein dag eg dreiv og leita etter gode bøker på biblioteket. Det er lett å gløyma slike opplevingar når me i dag snakkar som om Ulven alltid har vore kjend for oss, avsluttar Torun Borge.
|