Dag og Tid nr. 30, 26. juli 2003

Riddu riddu:
Ulike forteljingar for ulike føremål

Manndalen: Folkrockgruppa Gåte samla flest tilskodarar under Riddu Riddu-festivalen i Manndalen i Nord-Troms. Tilhøyrarane møtte opp i Forteljargammen eller andre stader der historie eller historier stod i sentrum.
Gunnar Sætra
Gunnar–saetra@yahoo.com

Riddu Riddu-festivalen har blitt eit samlingspunkt for urfolk frå heile det arktiske området. I år kom det artistar frå Noreg, Finland, Canada, Grønland, Russland og USA. Publikummet kom stort sett frå Nord-Noreg, Nord-Sverige og Nord-Finland, men ein kunne også treffe på ein og annan tyskar, brite og amerikanar under festivalen.

Forteljing

Riddu Riddu tyder «storm på kysten» på samisk og i år blei festivalen arrangert for 12. gong. Lokalt har det storma rundt festivalen fordi det ikkje er alle som ønskjer at Kåfjord kommune i Nord-Troms skal identifiserast med samisk kultur. Samstundes veks tilskodartalet frå festival til festival og i år blei det selt 1900 billettar. Dermed blei innbyggjartalet i bygda tredobla i løpet av helga.

– I år hadde vi forteljing som hovudtema for festivalen fordi forteljing og forteljarkunst har ein sentral plass i den sjøsamiske kulturen. Hos oss har den munnlege tradisjonen lange røter, medan den skriftlege er ganske ny. Difor er det viktig å få dei som kan den gamle forteljarkunsten til å føre han vidare, seier leiaren i Riddu Riddu-styret, Lene Hansen.

Nyheitsformidling

Føre Riddu Riddu-festivalen i år blei det sett opp ei ny gamme der gamle og unge kunne få høyre forteljingar frå ulike delar av det arktiske området. Tre av dagane under festivalane var det sett av tre timar til forteljingar på tre ulike språk – norsk, samisk og engelsk. Harry Solhaug var ein av dei som bidrog med historier i Forteljargammen. Han meiner det er flott at forteljartradisjonane fekk stor merksemd under Riddu Riddu-festivalen i år.

– Før i tida blei mesteparten av nyheitene formidla gjennom forteljingane. I dag har fjernsyn, radio, internett og aviser tatt over den delen av forteljartradisjonen og då er det ikkje lenger naudsynt at vi samlar oss i lyset frå omnsdøra for å høyre om kva som skjer eller har skjedd i den store verda. Dermed har vi også mista dei andre delane av forteljartradisjonen og det er synd, seier Solhaug.

Forteljarkvelder

I Manndalen stod forteljartradisjonen sterkt då Solhaug var ung og han seier gode forteljarar også var gode underhaldarar.

– Nokre av dei hadde kanskje lese bøker som dei attfortalde. Folk brukte ofte å samlast på kveldstid for å høyre på dei gode forteljarane. Kanskje orka dei ikkje lese bøkene sjølve eller kanskje var det fordi dei tykte at det som stod i bøkene blei meir spennande når det blei framført av folk som gjenga innhaldet på ein måte som var meir variert enn det å lese boka.

Dei fleste foreldra var også gode forteljarar for borna sine og Solhaug minnest mellom anna at det blei fortalt mange historier om at nykken heldt hus under fossen som ligg like ved heimgarden hans. Det var også mange historier om mannfolk som hadde slåst med draugen (sjøtroll), vunne kampen og kome heim for å bli tatt vare på av konene sine.

Barnevakt

– Det er klart at historiene som blei fortalde hadde fleire funksjonar enn å skremme ungane. Dei fungerte også som barnepass. Eg hugsar sjølv at eg aldri torde å nærme meg fossen, iallfall etter skumringa om hausten, fordi eg var redd for å bli fanga av nykken. Historiene om dei som slost med draugen hadde etter mi meining også ein djupare botn enn å berre vere skildringar om slåstkampar. For eigen del trur eg det var forteljingar om dei som hadde slåst med psykiske problem. Det er verdt å merkje seg at dei som vann kampen mot dei mørke kreftene i seg sjølve som regel fekk omsorg frå ei kvinne, anten ei kone, ei mor eller ei syster, seier Solhaug.

Entusiast

Solhaug har vore opptatt av samiske tradisjonar og samisk historie i ei årrekkje og lenge var han og eit par andre i Manndalen blant dei få som meinte at samisk kultur var verdt å ta vare på.

– Eg vakna då eg høyrde eit radioprogram om eit indianarfolk i Andesfjella. Programmet handla om dei to siste som snakka språket til dette folket. Dei var gamle og når dei døydde kom språket deira berre til å eksistere på lydband. Då bestemte eg meg for å snakke samisk med alle i bygda som eg visste kunne språket slik at vi unngjekk at det berre var å finne på museum.

No ser eg at stadig fleire har vakna og tar språket i bruk. Spesielt er eg glad for at ungdommen er aktiv og eg trur at det har samanheng med at dei har fått utdanning og dermed tør å vise fram bakgrunnen sin. Eg hugsar jo sjølv at det var dei som tok utdanning som var mest aktive i arbeidet for å få det samiske kulturen godtatt i det norske samfunnet, seier Solhaug.

– Harry har gjort ein kjempeinnsats for den sjøsamiske kulturen her i Manndalen og eg ser på han som ein rettleiar for det eg sjølv driv på med. Difor er eg glad for at han og andre dyktige forteljarar har kome med sine bidrag under festivalen i år, seier Riddu Riddu-leiar Lene Hansen.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |