Dag og Tid nr. 30, 26. juli 2003

 Klok på bok:
Klok på frost

«På et salg i en bokhandel i Lillehammer kjøpte jeg en gang en bok jeg aldri hadde hørt om, skrevet av en svensk forfatter fra Sunne. Boken het ‘Tyven’ og forfatteren var Göran Tunström – og det er i denne romanen Fredrik Jonson Lök opptrer, sammen med sin kone og deres tretten barn. En stor roman skrevet av en stor forfatter. Begeistret (fordi jeg endelig klarte ‘Klok på bok’) hilsen Vigdis Hølen, Bergen»

Stas at Vigdis Hølen er begeistra og at ho klarte oppgåva denne veka, seier Barabass. Ho er kåra til vinnar og her i garden har me allereie feira med serinakaker og kaffi. Gratulerer!

Lars Moa i Stjørdal visste svaret og skriv: «Og byen er Sunne i Värmland. Sunne kommun har i dag 13.600 innbyggjarar, mot 26.000 i 1875. (Kva er det som har skjedd? Eg håpar at ein som veit dette, kan skrive noen ord om det i Dag og Tid.) Det er ikkje berre G.T. som har gjort Sunne kjend gjennom bøker. Det har også Selma Lagerlöf gjort i minst like stor grad, jfr. herregardane Rottneros og Mårbacka», skriv Lars Moa.

Rett nok har Barabass og eg vore ein svipptur til Sunne i sommar, men å forklara kvifor folk flyttar frå Sunne kan me ikkje. Det er både triveleg og kjekt i Sunne, seier Barabass. Då me besøkte Sunne var det Kulturveke der. Den engelske landslagssjefen, Sven-Göran Eriksson (og kalla Svennis) opna arrangementet med ein tale der han ikkje sa eitt ord om Tunström,derimot snakka han om ishockeyhallen i Sunne - og om øl! Fotballfolk, altså.

På same tid vart det arrangert Sverigesmeisterskap i sykling iSunne. Underleg kledde folk rasa gjennom Sunnes gater med bøygde ryggar over bukkehornstyra. Det var då Barabass fekk føre seg at han skal verta proff syklist. Han snakkar ikkje om anna for tida. Vel!

Astrid Wikström i Vestskogen kjende til Tyven og skriv slik: «Som i de fleste av Tunströms bøker er også denne spekka med utrulige handlinger, fantasirike navn og formuleringar og en frodig fortellerstil. Her er nok av tragiske skjebner, vold, fattigdom og fornedrelser. Men først og fremst handler den om kjærlighet.»

Morten Haugen på Ørland folkebibliotek har lese Tyven tre gonger, men elles er han skeptisk til Tunström: «Bortsett fra Tjuven, som er en lesefryd, må jeg ellers, til min fortvilelse, innrømme at Tunström ikke griper meg. Det irriterer med litt, på en slags måte, fordi alle andre synes han er så fin. Og fordi jeg ellers setter stor pris på svensk litteratur.» Ja, ja, seier Barabass.

Elles har me denne veka fått brev frå ein svenske, noko me sjølvsagt sette stor pris på. Mail från din svenske läsare Arne Rörbecker«, heiter det i brevet. «Alltid fint när en svensk författare uppskattas i Norge, som Tunström verkligen blivit! Res gärna til Sunne och titta på dom där typerna, det ligger inte så langt från norska gränsen.»

Ellen M. Mjømen sit på arbeid og ho er varm: «Du skulle tro jeg var i Syden, men jeg er faktisk på jobb. Og på grunn av temperaturen er det få som går på kino her i Bergen. Så jeg sniker meg til å lese nettutgaven av Dag og Tid, samt svare på ukens oppgave.». Mjømen har kome fram til aldeles korrekt svar. Thor Henriksen siterer ein analyse av romanen denne veka: «Johan er et vanskjøttet men begavet barn som får sin oppvekst i den barnerike familien til sin alkoholiserte onkel. De eneste to personene Johan kjenner seg akseptert av, er fostermor Ida og sin elskede kusine Hedvig. Historisk kunnskap gjør at han får følelsen av en spesiell samhørighet med Codex Argentum, Sølvbibelen. Han forestiller seg at tyveri av dette håndskrevne eksemplaret vil gjøre ham økonomisk uavhengig, og skaffe Hedvig andre vilkår enn den skjebnen har tildelt henne. Romanen handler om utstøting, ensomhet, kjærlighet som overlever alt, hevnlyst, sjelelig sykdom, og flukt inn i en beskyttet akademisk verden», siterer Henriksen. Klokt sagt, seier Barabass.

Tove Thorp i Oslo, Halldis Seternes i Kristiansand, Kaare Stegavik i Trondheim, Stein Erik Finne i Bergen, Margrethe Birkeland i Kristiansand og Hilde Matre Larsen i Oslo er blant dei kloke. Det same gjeld Ingrid i Gaupne. Ho skriv: «Eg trur ikkje eg treng å bli klok på latskap, eg føler meg nokså lat akkurat no. Eg skal ikkje jobbe i dag, men sykle beint til stranda ved Marifjøra. I sekken har eg Göran Tunström og boka hans Tyven.»

Inger Marie Saltnes, 5451 Valm er rasande klok og skriv slik: «Setningen fyrst i boka Tyven er av Göran Tunström er ugløymande. Tenk å få sagt med så få ord kvifor Fredrik J. Lök ikkje gjorde noko gale... Ikkje berre dei fyrste setningane er gode og ugløymande, heile romanen er eit meisterverk.»



Klok 624

Ein dag vart døra til rommet hennar stengt. Ein dag kom ein vind og bretta lappen saman.
Det er bestemor sin sykkel som står i kjellaren. Det er hennar sykkel eg syklar på når eg skal på butikken.



Dette er byrjinga på ein roman frå i fjor skriven av ein ung forfattar. Kva heiter forfattar og roman? Veit du svaret, sender du det til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, faksar til 22 41 42 10 eller sender e-post til paula@dagogtid.no. Send svaret innan 1. august.

Dale-Oskar og Barabass

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |