Dag og Tid nr. 30, 26. juli 2003
Forsvar:
Norsk forsvar blir åtak mot litt av kvart
Den norske «fi» skal for framtida peikast ut av manipulatorar, manipulerte og maktpolitikarar i Washington og London. Målet er «informasjonsover-legenhet». Strategien er åtak som det beste forsvaret.
Johan Brox
johan@dagogtid.no
Den norske forsvaret, slik me på godt og vondt kjenner det, blir bygt ned av di nasjonen ikkje lenger har nokon ytre og handfast fiende. I staden skal forsvaret gå til åtak. Det er mest effektivt. Men mot kva? Mot kven? Kor? Det skal avgjerast i all hast, og truleg løynd på bakgrunn av etterretning frå mellom andre organisasjonane CIA og M16. For i framtida skal Noreg ta del i operasjonar av «preventiv, proaktiv karakter» og «gripe inn for å forebygge alvorlige angrep», som det heiter i rammedokumentet til forsvarsminister Kristin Krohn Devolds militærfaglege utgreiing.
Norsk Bush-doktrine
Vårt Land fortalde denne veka at forsvarsministeren med dette dokumentet legg politiske føringar for den nye langtidsplanen for det norske forsvaret. Folkerettsekspert Henrik Thune ved Norsk utenrikspolitisk institutt tolkar dokumentet til at Krohn Devold her har fornorska «Bush-doktrinen» om preventive åtak, som sist blei brukt mot Irak. Irak var ikkje noko trugsmål mot USA, men Bush-administrasjonen ottast at landet kunne bli eit trugsmål. Åtak på eit slikt grunnlag er ikkje, seier Thune til Vårt Land, i samsvar med FN-pakta, som godtek forkjøpskrig når eit land står i overhengande fare for å bli angripe av eit anna. Eit åtak på eit aggressivt Tyskland rusta til tennene i 1939 hadde til dømes vore definert som forkjøpskrig og såleis i samsvar med FN-pakta.
Åtaket på Irak, bygde derimot offisielt på påstandar som fekk autoritet ved at ei rekkje mektige statsleiarar, med George W. Bush i brodden, gjekk god for dei truleg mot betre vitande. Dei reelle grunnane til åtaket mot Irak må me framleis gissa oss til.
«Overlegenhet»?
Forsvarsminister Kristin Krohn Devold fekk skrive rammedokumentet sitt før det blei offentleg kjent at amerikansk og britisk etterretning ikkje er så etterretteleg. Ein tale ho heldt i Tromsø 4. februar 2003 om norsk forsvars- og tryggingspolitikk i Nato viser nærast blind tillit til klovnane og kjeltringane i Pentagon:
«Tidligere talte vi antall plattformer; fartøy, fly og tanks. Nå fokuserer vi på evnen til å operere koordinert i et nettverk. Vi går fra plattformbasert krigføring til nettverksbasert krigføring. Målet i fremtidens operasjoner er informasjonsoverlegenhet. Målet er å vite mer om fienden enn fienden vet om seg selv. Slik informasjonsover-legenhet, med et klart bilde av situasjonen, både egen og fiendens, gir unik beslutningsstøtte for å kunne gjennomføre en effektiv operasjon».
Eit klårt bilete
Å ha eit «klart bilde av situasjonen», er lettare sagt enn gjort ei i tid då det er profesjonelle «spin-doktorar», manipulatorar, som på oppdrag frå maktpolitikarar legg siste handa på etteretningsrapportane. Når den amerikanske presidenten vedgår/påstår å ha fått for dårleg informasjon frå CIA, er det lite rimeleg å tru at informasjonen Kristin Krohn Devold får, er av betre kvalitet. Truleg har ho til dømes framleis ikkje fått noko klårt bilete av situasjonen i Irak, sjølv om det har gått månader sidan det preventive åtaket. Frå Bush og Blair har ho ganske sikkert ikkje fått vite meir om Saddam Hussein enn Saddam Hussein veit om seg sjølv.
Tvert om har Krohn Devold blitt fôra med ei rekkje løgner om Irak for at Noreg skulle bli med i «Koalisjonen av dei villige», det vil seia dei nyttige idiotane som no sit med skjegget i postkassen. Det går tydeleg fram av referatet frå pressekonferansen etter Nato-møtet 24. desember 2002, der ho og andre forsvarsministrar i Nato blei «brifa» av Donald Rumsfeld om situasjonen i Irak. Utskrifta syner kva «informasjonsoverlegenhet» tyder i praksis: «Laug han til meg, lyg eg til deg!»
Spørsmål: Var det nokon av ministrane som tok til orde mot synspunkta dine på Irak?
Donald Rumsfeld: Nei. Eg meiner, det me presenterte var fakta og eigentleg berre det me veit. Det var kva den samla etterretninga til dei landa som var representerte i rommet, og andre land, visste frå før. Og me har alltid meint at når folk legg dei same fakta til grunn, så dreg dei ofte dei same konklusjonane. Når folk arbeider... alle kan ha si eiga meining, men ikkje sine eigne fakta. Det er når alle har det same notearket, at dei syng same songen.
Spørsmål: Var det snakk om sambandet mellom Irak og al- Qaida?
Rumsfeld: Ein god del.
Spørsmål: Det er eit samband?
Rumsfeld: Sjølvsagt er det det.
Spørsmål: Kan du seia kva sambandet går ut på. Eg meiner, dersom Blair alt har nemnt...
Rumsfeld: Sikkert, les rapporten hans.
Spørsmål: Men kan du...
Rumsfeld: Eg kan, men vil ikkje. Det hjelper oss ikkje å gå i detalj, det påverkar evna vår til å gjera ting.
«Irak-gate»
Slik tala Rumsfeld før jul i fjor, og slik skreiv Kristin Krohn Devold. Det var åtte månader før bruken av etterretning blei kommentert i til og med seriøse aviser under titlar som «Irak-gate» og «Tony Bliar».
I dag veit me meir om veikskapen med «nettverksbasert krigføring». Me veit at nettverket ikkje er betre enn kongroa som sit i midten og dreg i trådane. Eventuelt vasar seg inn i dei. Difor kan det tenkjast at Regjeringa kjem til å skriva om einskilde sider før forsvarsministeren får leggja langtidsplanen til det norske forsvaret fram for Stortinget i 2004.
|