Dag og Tid nr. 30, 26. juli 2003
Kommentar:
Kva skjer i Hillbilly-land?
Det er lett å forstå at Britt Kramvig (DT nr. 29) og alle andre som er seriøst interesserte i kva som skjer med norske bygder (og dermed med byane) blir frustrerte over dei vrangførestellingane som media har skapt med vekslande hjelp og misbruk av forskarar, skriv Ottar Brox.
Det bildet av Bygde-Norge som folk flest i dette landet blir utsette for, er ein mosaikk med bitar frå mange leverandørar. Ordførarar og stortingsmenn leverer det dei meiner kan gi grunnlag for større overføringar, forskarar set saman statistikk og fortolkar sine observasjonar, og media brukar både det eine og det andre for å skape, heller enn å «bringe bod» om kontrastar, konfliktar og konfrontasjonar. På toppen av kransekaka står Erling Fossen og får mykje åtgaum for bodskapen om at «byfolk» og «bygdefolk» er så forskjellige genera artar at ein kan tvile på om dei som hesten og eselet kan få avledyktig felles avkom.
Det interessante intervjuet med Britt Kramvig i Dag og Tid 19. juli stimulerer til fleire fruktbare spørsmål, som avisa burde gå vidare med, til folk som veit som til dømes Turid Noack i Statistisk Sentralbyrå. Bildet av den stakkarslege kvinnfolklause ungkaren i Bygde-Norge stemmer kanskje ikkje? Kramvig viser til at innslaget av ugifte menn er større i Oslo enn i Finnmark. Og det er tankevekkjande: For det kan bety at det er andre ting enn kvite tennissokkar og supermaskuline odørar som får kvinner til å sky bygdeungkarar, og det viktige spørsmålet er kanskje heller ikkje at jentene tar skulegang og jobb i storbyen? Mykje tyder på at det vi burde interessere oss for er sjølve den prosessen som fører til at hushald (basert på sambuande par) blir etablerte i dagens samfunn i bygd og by?
Seksuell frigjering
Då eg studerte sosiologi for snart 50 år sidan las vi Talcott Parsons. Han argumenterer sterkt mot den populære oppfatninga at familien hadde sett sine beste dagar, for (den nordamerikanske) statistikken dokumenterte ein drastisk tendens til auke i skilsmålstalet. Han viste til at den same statistikken fortalde at fleire USA-folk enn nokon gong levde i ekteskap først og fremst av kjenslemessige grunnar, så vidt eg hugsar pensum.
Men var det den gongen (50-åra) det, og «itte nå»? Med risiko for at kollegaer, fattige på andre argument, avviser mine observasjonar som «anekdotiske» og analysen som «intuitiv», vil eg argumentere ut frå eigne og kameratars erfaringar frå dei første femten etterkrigsåra før «den seksuelle revolusjonen» på 1960-talet.
Kort og enkelt sagt: Skulle min generasjon kome i seksuell kontakt med det andre kjønnet måtte det skje gjennom ein lang og krevjande prosess, som både innebar kinokveldar, lange dagsturar, mange kaffikoppar på Bondeheimen, besøk hos foreldre, etablering av ein viss tillit, noko som inneber stor innsats av tid og arbeid (pengar hadde vi sjølvsagt ikkje). Og om og når vi endeleg kom til sengs var antikonsepsjonsteknikken såpass tilfeldig at vi visste at Mendelsohn når som helst kunne påreknast å tone med frå orgelet. Det var berre skarvar som laga barn utan å gifte seg med mora.
Men det var altså den gongen. Og no? Her kan eg ikkje byggja på deltakande observasjon, men må nøye meg med ustrukturerte intervju, som det tar liten plass å gjere greie for: Prosessen mellom «Det første Møde» og orgasmens «Sødme» kan ofte reknast i timar, samtidig som fødselskontrollen er 100 prosent effektiv. Seksuell utfalding er frikobla frå hushaldsetablering.
Sjølvsagt veit eg at det ikkje berre er seksuelle motiv bak etablering av parforhold og felles hushald. På alle inntektsnivå har par med to løner det langt friare økonomisk enn einslege. Men samstundes som menn ikkje treng å etablere hushald for å leve eit godt nok seksualliv, er ikkje kvinner så avhengige som før økonomisk av å ha ein mann. For begge inneber det normalt sett eit liv utan barn. Slike norm-messige og økonomiske endringar ser i alle fall ut til å ha utsett det første barnet med kanskje femten år, noko som sjølvsagt også inneber færre barn.
Frieriet
Desse refleksjonane over pardanning og hushaldsetablering må vel gjelde både bygd og by? Det kan vel ikkje vere slik at bygdegutar ikkje får nokon medan byfantar ikkje vil ha nokon? (Det hender, veit vi, at vesensforskjellige fenomen kjem fram i statistikken som identiske). Kanskje unggutane og for den saks skuld sveinkallane på bygdene heller ikkje har sterke nok grunnar til å etablere fast parforhold og få barn? Bygdenæringslivet er ikkje lenger slik som det var i «Frieriet hass Ola husmann», han som hadde bygsla ein plass som det var plent uråd å drive kvinnfolklaust. Den som ser for seg framtida som pendlarliv, er kanskje svakt motivert for ekteskapet.
Men knapt nok i ei einaste bygd vil ein finne berre ein type ungkarar, som pendlaren eller den ustabile hillbilly-typen. Det finst framleis mange som berre Ludvigsen og hans folk hindrar i å engasjere seg i den prosessen som samfunnsforskarar Ragnar Nilsen ved Universitetet i Tromsø skriv om på 80-talet: Ungguten driv sesongfiske heime med den utrangerte sjarken etter bestefar, og driv litt bygningsarbeid når det høver. Han tener godt i sesongen, har små utgifter, men noka heil årsløn blir det ikkje ut av det. Men ei han likar i nabogrenda har 60 prosent jobb på eldresenteret, og då ho får overta huset (som han kan pusse opp) etter ei ugift tante, flyttar dei saman. Etter kvart får ho full hjelpepleiarjobb og han skifter ut gamalsjarken med ein velutstyrt 28-foting. Etter nokre år har dei hus- og bilstandard som dei aldri ville kunne få i nokon by.
Vrangførestellingar
For den som har prøvd å bidra med kunnskap om bygdeforhold, er det nedslåande å oppleve kva media gjer ut av det forskarane kan fortelje. Då vi fann ut at ufaglærde jobbar i byar som Oslo var blitt så relativt dårlege at ikkje berre skuletaparar, men kven som helst måtte føretrekkje å bli buande hos foreldra og kombinere svarte småjobbar med ymse overføringar (hillbilly-liv), nådde det gjennom media fram som ein dom over mannleg bygdeungdom: Dei er så jævlige at ingen jenter vil ha slikt, slik at dei reiste til byen og var tapt som rekruttar til bygdesamfunnet. Det blei også slutta litt for lettvint at sjølve kjønnsproporsjonen var problemet: Det blei for få jenter å velje mellom. Det må i alle fall vere tøv, om ein kjem innom ein fest der ungdom innanfor ein 12 mils radius samlast. Den som «kjører gammal Amazon» har stor
rørslefridom.
Det er lett å forstå at Britt Kramvig og alle andre som er seriøst interessert i kva som skjer med norske bygder (og dermed med byane) blir frustrerte over dei vrangførestellingane som media har skapt med vekslande hjelp og misbruk av forskarar. Det er dei allmenne prosessane som hushaldsetablering og klasseutvikling som det har meining å interessere seg for ikkje bruken av barbervatn, moteklede og heimebrent i hillbilly-gjengane.
Ottar Brox
|