Dag og Tid nr. 30, 26. juli 2003
Bøker:
Vakkert, for vakkert frå Nordkalotten
Magiske tall er såleis knapt nokon stor roman, og slik sett er det knapt noko problem at han fyrst no, heile 19 år etter originalutgjevinga, ligg føre på norsk.
Roman
Jurij Rytcheu:
Magiske tall
omsett av Ellinor Kolstad
Pax
Fyrst om lag midtvegs i Magiske tall blir det ordentleg swchung og driv i denne nordkalottromanen der handlinga går føre seg rundt 1920 i isøydet i Tjsjukotka opp mot Beringstredet. Fram til då er forteljinga dominert av ei litt sentimentalisert og romantisert framstilling av den delvis fråfalne sjamanen Kagots liv, om hans arbeid ombord på ein amerikansk skonnert der han lærde engelsk, om korleis han blir sjaman og om korleis han mislukkast i å lækje si kjære kone Vaal med sin sjamanisme. Ja, eit romantisert bilete kviler faktisk over heile denne romanen, noko som ikkje berre gjeld hovudpersonen Kagot og det urfolket han høyrer til, men også dei andre historiske personane, dottera Ajnana (som Roald Amundsen tok med til Noreg i 1921), polfarar Amundsen sjølv og den (fiktive?) idealistiske kommunisten Persjin, som er utsend for å spreie den unge Sovjetstatens bolsjevisme og som langt på veg aksepterer
og adopterer urfolket sitt levesett og tradisjonar. Magiske tall er såleis knapt nokon stor roman, og slik sett er det knapt noko problem at han fyrst no, heile 19 år etter originalutgjevinga, ligg føre på norsk. På den andre sida ville det nok ha vore ein føremon om romanen hadde vore tilgjengeleg på (så god) norsk langt tidlegare, spesielt for dei mange som er opptekne av polferder og polarlitteratur generelt. Desse har truleg for lenge sidan lese romanen på eit anna europeisk språk om dei ikkje sjølve meistrar russisk.
Psykologisk roman
Sjølv om rammeverket, som fokuserer på Roald Amundsens (mislukka) Maud-ekspedisjon og mange av personane er historiske, er det ikkje nokon historisk roman Jurij Rytcheu har skrive. Snarare er det ein psykologisk roman vi har med å gjere, ein roman om kva som skjer med eit urfolksmenneske som blir drege mellom sin eigen og framande kulturar. Hovudpersonen er altså Kagot som alt i utgangspunktet er svært sårbar i møte med det framande. Han kjenner seg dregen mot det nye, nysgjerrig og kunnskapstørst som han er. Difor har han alt før handlinga tek til vorte delvis kjend med det nye, gjennom ein sesong ombord på ein amerikansk båt, dessutan har han mista kona si og byrja tvile på sitt eige sjamankall. Når denne Thomas tvilaren idet handlinga får fres over seg så får jobb som kokk og byssegut på Amundsens Maud der ho ligg innefrosen i isen, får han problem for alvor. I det ytre og i
arbeidet lukkast han overmåte, men når han skal lære seg lesing, skriving og rekning, går det gale for denne evnerike mannen. Morsmålet hans finst sjølvsagt ikkje som skriftspråk, så kva skal dei lære han? Engelsk som han gjer seg forstått på eller russisk som han ikkje kan? Lat oss stutt slå fast at lesing og skriving blir det lite av. Derimot blir det mye rekning. Kagot lærer seg fort å rekne, han blir fascinert og til slutt heilt besett av matematikk. Matematikken eller snarare jakta på det magiske talet som skal gi han svaret på alle dei eksistensielle spørsmåla han har driv han nesten til vanvit. Amundsen må til slutt seie han opp, og kva som sidan skjer skal eg ikkje røpe. Eg minner berre om at romanen har eit romantisert preg...
Unytta sprengkraft
Eit norsk skip med eit internasjonalt mannskap innefrose i isen. Eit urfolk langt ute i isøydet får merke konsekvensane av den russiske revolusjonen. Sjølve romanopplegget skulle ha sprengkraft og dramatikk nok i seg, men eg synest ikkje Jurij Rytchev får gjort så mykje ut av denne situasjonen. Men han har gjeve oss ei lesverdig og vakker forteljing, av og til for vakker kan hende. Ellinor Kolstads norske språkføring er det lite å seie på iallfall for ein som ikkje kan samanlikne med originalen.
Ole Karlsen
|