Dag og Tid nr. 29, laurdag 19. juli 2003
Musikk:
Gjennom Farrars landskap
Fallet er hardt, men hjartet er ungt, syng Jay Farrar optimistisk.
Musikk
Jay Farrar:
Terroir Blues
(Act/Resist/S2)
Jay Farrar heldt ein minneverdig konsert på Ole Blues-festivalen i Bergen tidleg i mai. Eit tettpakka lokale fekk ein tjuvlytt til noko av materialet som no er tilgjengeleg på Terroir Blues, og allereie ved første lytting gjorde fleire av songane inntrykk i konsertversjon. Farrar hadde berre med seg ein musikar, Mark Spencer på steelgitar, og han er sentral på albumet òg. Om det kan ha vore dei nydelege fiskepinnane dei serverer på Naboen restaurant i Bergen som inspirerte fram tittelen til instrumentalen «Fish Fingers Norway», som visstnok vart gjort live i studio under miksinga av plata seint i vår, er uvisst.
Terroir Blues byr på tjuetre nye spor. Som tidlegare prøver Farrar å vrengje og vri på tradisjonelle grep slik at noko nytt oppstår, nye lydar, nye stemningar. Han har forklart i intervju at songane først har ein ganske basisk struktur når han skriv dei, men at han etterpå spelar inn songane på ulike måtar, heilt til han finn ein versjon han meiner har gitt songen den forma han ønskjer. «Fool Kings Crown» er til dømes ein relativt tradisjonell blues som vert til noko heilt anna, først og fremst sidan Brian Henneman spelar elektrisk slide sitar (!) på sporet.
Neil Young er ei openberr inspirasjonskjelde, og på Terroir Blues har Farrar gjort som Young ved nokre tilfelle har gjort fleire alternative versjonar av nokre av songane finst på same albumet. På dette viset står ein song fram med fleire identitetar, versjonane er fascinerande distinkte og til same tid like. «Hanging on to You» er meir alvorsam første gong enn andre. «No Rolling Back» får eit sterkare countrypreg andre gongen vi høyrer han. Første gong vi høyrer «Hard Is the Fall» er det miksa ein djup klang på Farrars gitar og vokal som gir eit noko klaustrofobisk preg, andre gongen opnar songen seg, blømer liksom.
Instrumentalinnslag
Dissonans følgjer det melodiske i eit skiftande lydleg landskap, noko Farrar markerer med den mangetydige refereransen til terroir i tittelen. Like fullt verkar albumet meir konsistent enn Sebastopol (2001) gjorde, ei plate som på meg verka noko sprikjande. Det var så mykje som gjekk føre seg i låtane at lyttaren vart overvelda og kunne miste songane i det heile. Denne gongen er arrangementa enklare og produksjonen meir direkte. Det enkle er ofte det beste på Terroir Blues. På «Cahokian» er Farrar berre akkompagnert av Janice Reiman på cello, og «Out on the Road» kler Lou Winers enkle og leikande fløytespel.
Om eg har ei innvending mot Terroir Blues, må det vere mot dei instrumentalspora som avløyser det i all hovudsak akustiske, korte sporet Farrar kallar «Space Junk», der mellom anna elektrisk saz og synth vert spelte over musikk som er avspelt baklengs. I intervju har Farrar sjølv påpeikt at han lytta til Revolver (1965), albumet der The Beatles byrja å nytte studioeffektar for alvor, medan han arbeidde med delar av Terroir Blues (Farrar gjer òg mykje bruk av elektrisk sitar på plata, slik George Harrison i si tid integrerte instrumentet i deira uttrykk). Eg synest ikkje dei korte instrumentsnuttane er interessante nok, og dei maktar ikkje å fascinere saman med svært sterke enkeltsongar på plata. Trass i at eg ikkje tvilar på at innslaga er motiverte, gir dei like fullt albumet eit noko samanraska preg som ikkje verkar naudsynt. Dei skapar små brot som er intenderte, men som denne lyttaren
kunne klart seg utan.
Sterke songar
Farrar er ein artist som gjer som han vil. For å sikre full artistisk kontroll har han starta sitt eige selskap med det talande namnet Act/Resist. Det er òg ønsket om ein slik kontroll som har resultert i at Farrar har vorte soloartist, etter å ha prøvt seg i ulike bandkonstellasjonar. Det var i 1967 at både han og Jeff Tweedy vart fødde på same sjukehuset i Belleville, Illinois. Dei voks opp saman og gjorde seg gjeldande i det mykje omtalte bandet Uncle Tupelo. No Depression (1990) har vorte referert til som klassisk punkecountry av mange, men mest kjent er Anodyne (1993), det fjerde og siste albumet bandet laga idet dei braut opp. Farrar og Tweedy sin fascinasjon for tradisjon og innovasjon var kjelda til suksess såvel som splid mellom dei to, som vart usamde om kva retning musikken etter kvart skulle ta. Medan Tweedy var meir interessert i å utforske rockeuttrykket og har gjort det med stort hell med bandet
Wilco var Farrar oppteken av å halde sterkare på roots-grepa. Han gjorde det på tre plater med bandet Son Volt, med musikk som fekk stemplet «alternativ country», sidan uttrykket stod i openberr kontrast til den kommersielle countrymusikken som herja hitlistene. Så byrja Farrar på eiga hand, med Sebastopol, som vart følgt av ThirdShiftGrottoSlack (2002), ein EP med remiksar og andre påfunn.
Det er enkelte uhyre sterke låtar på Terroir Blues som imidlertid gjer siste plata til Farrar til den sterkaste utgjevinga hans som soloartist så langt. «San Francisco», der Farrar over ein nydeleg steelgitar syng at ingen kunne ha drøymt eller dikta opp ein stad som California, var ein av dei songane som imponerte frå scena i Bergen òg. Den flate stemma til Farrar uttrykkjer på ein fascinerande måte både den insisterande vona og den trugande resignasjonen som heile tida er til stades i musikken hans. Fortida er alltid til stades i notida på Terroir Blues, i den forstand at minna om ho gjer seg gjeldande i augeblikket. Farrar bur i St. Louis, og gammal tid møter ny på tvitydig vis i «Cahokian», der elvekulturen rundt Mississippi dannar bakteppe. Men i «No Rolling Back» syng Farrar òg om framtida som noko uavvendeleg, noko ein unekteleg ikkje kan velje bort, og i den
innsikta ligg det både eit frigjerande og eit avgrensande potensiale. Slik er det i fleire av Farrar sine songar, han løftar opp noko og snur på det, ser på det frå fleire sider. «Hard is the fall, but your heart is still brand new» heiter det vakkert i «Hard is the Fall». Det handlar om fallet, men òg om å reise seg att. For i Farrar sitt univers føder kvart tap òg ny von.
Øyvind Vågnes
|