Dag og Tid nr. 29, laurdag 19. juli 2003

Leiar:
Taliban smiler i skjegget

Mykje har vore sagt om dei eigentlege motiva for å invadera Irak, men få har tvilt på at president George W. Bush ikkje (også) har meint alvor med krigen mot terrorisme generelt og spesielt mot al-Qaida, som stod attom åtaka 11. september 2001. Nett difor er det vel at dei fleste i USA framleis sluttar opp om presidenten, sjølv om det har blitt tynnare i rekkjene. Men eit blikk på utviklinga i Afghanistan kan få ein til å lura på om krigen mot terror verkeleg har fyrsteprioritet for den amerikanske presidenten og venene hans.

Krigen mot Taliban-regjeringa i 2002 var lite kontroversiell, sjølv om mange europearar og Dag og Tid-skribentar likte lite måten USA kriga på – frå 5000 meters høgd, der amerikanarane sat trygt medan bombene og rakettane deira råka både skuldige og skuldlause på bakken. Men dei fleste var samde om at taliban ikkje er til å leva med, korkje for afghanarane eller for omverda.

No lèt det til at «koalisjonen», Nato og USA har valt å gå frå halvgjort arbeid i Afghanistan, den trasige oppryddinga, for å laga eit splitter nytt og spektakulært rot i Irak. Irak-krigen har skubba Afghanistan ut av det internasjonale sakskartet. Soldatar og ressursar blir trekte ut frå Kabul og sende til Bagdad. Det gjev inntrykk av at krigen mot Saddam er viktigare enn krigen mot terrorisme, for USA har aldri sannsynleggjort påstanden om at Saddam er nokon internasjonal terrorist. Det er derimot Osama bin Laden, Gulbuddin Hekmatyar, Mullah Omar og Mullah Dadullah Akhund med trefoten – som lever herrens glade dagar og pønskar ut nye plott.

At slike typar på nytt får boltra seg i Afghanistan, og at den lova hjelpa til attreising av landet lèt venta på seg, seier meir om dei utanrikspolitiske motiva til Bush-administrasjonen enn noka høyring om kven som visste kva om irakiske masseøydeleggingsvåpen kan bringa for dagen.
Johan Brox

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |