Dag og Tid nr. 29, laurdag 19. juli 2003

Klok på bok:
Klok på sommaren

«Et kjapt søk på nettet ga meg ‘Okkupert kjærleik’ av Ragnfrid Trohaug fra 2000. Det er for lettvint, så jeg fortjener vel ingen premie om det skulle være rett?»
, spør Gro Hauge Stensrud på Hamar.

Barabass låg og velta seg i graset i varmen før i dag. Eg hadde teke med meg Klok-kassen utandørs, og då eg las svaret frå Hamar høgt, sa Barabass: I denne varmen fortener kjappe søk og lettvinte svar premie. Difor: Gratulerer Gro Hauge Stensrud! Me feirar med jordbær og is.

Barabass held seg heime i sommar. Då han høyrde at Paula skulle på ferie sa han med det same at han ville halda seg heime. Han trur ikkje eg maktar Klok på bok-vikariatet sjølv. Og det har han nok rett i. Elles vil han ikkje høyra snakk om kulturlosing meir, men han har derimot late seg inspirera av Tour de France – av alle ting! Han har fått sykling på hjernen. Dette lyt eg skriva meir om seinare. For det uroar meg. Han meiner han skal verta verdsmeister. I sykling! Ein ver – verdsmeister... Hu hei! Tilbake til saka:

«Dagens Klok er ei av dei unge røystene i nynorsk litteratur, ei nord- og nynorsk røyst, med gode takter. Ragnfrid Trohaug er enno ikkje 30, fødd i -75, men har fått både lovord og prisar for dei to ungdomsbøkene ho har gitt ut. ‘Okkupert kjærleik’, som oppgåva er henta frå, kom i 2000, og fekk også Kulturdeprtementets debutantpris, i tillegg til Blixprisen. Boka handlar om 15-årige Ida og broren Thomas, som har fått kjærast og alt... Neste bok, ‘Frå Null til no’, (2001) tek føre seg eteforstyrringar, og er såleis temmeleg aktuell. Vi er mange som er spente på Trohaug si vidare utvikling»,
skriv Gunder Runde i Ulsteinvik.

«Eit lett vindsus, og klåre triller frå svalene – når augo er attlatne og angen av høyturk blandar seg med den av solvarm hud. Eg au sit i eit tre, med årringar i ryggmergen og små, svarte borkerusk i vindhåret; eg sit på ei grein med ei avis over knærne. Tenkjer at er det ein kjærleik ingen nokosinne kan okkupere, er det min kjærleik til sumaren. Gras mellom tærne og solbrend i nakken. Morgonsolsfrukost og Kpb i eit tre.»
, skriv Gyro Knutsdotter Homme i Valle og svarar sjølvsagt heilt korrekt. Barabass vil rå henne til å vera varsam med treklatring. Han kjem ikkje til å gløyme då ho Paula plukka eple i fjor haust. Ho ropte frå ein tretopp at finare eple hadde ho ikkje sett på årevis. Og så! Ja, de skjønar sikkert. Ho vart for ivrig. Ho braut både ein arm og ein fot og fekk hjerneskaking, men ho har ikkje skrive noko om det. Ho skamma seg, seier Barabass. Vel, tilbake til Trohaug og klok på bok.

Brita Lundeland i Aurland er svært boklærd. Ho veit til og med at: «Ragnfrid Trohaug er fødd i Bodø, men bur no i Bergen». Kari Folvik i Oslo skriv at «RT skriv eit godt og originalt nynorsk utan klisjear, ofte med overraskande vendingar. Dette er ein forfattar som vi kan vente mykje godt frå.» Så sant som det er sagt, legg Barabass og eg til.

Kaare Stegavik i Trondheim visste sjølvsagt svaret. Det ville vore langt meir oppsiktsvekkjande om han hadde svara feil!

Ingrid i Gaupne er òg blant dei kloke. Ho skriv: «Tiril Rem skreiv i Dag og Tid (oktober 2000) at Trohaug ‘Trampar takta til teksten’. Og Rangfrid sjølv forklarar at ho vil seie noko om det midlertidige av di ‘ingenting er fast. Kjærleiken varer ikkje. Men det gjer ikkje noko. Ida er tøff likevel.’ – Boka handlar om Ida, 15 år, som kjenner seg einsam og forlaten. Foreldra er reist til Afrika, begge er legar (kanskje Leger uten grenser). Storebror Thomas føler Ida seg nær knytt til, og det har vore ymta om at det kanskje er for nært, men det kjem sikkert an på augo som ser.»

Mette Vaag i Steinkjer er Klok på bok denne veka. Det same gjeld Ellen M. Mjømen i Bergen. Dyktige og koke damer, seier Barabass. Olav Molven visste òg råd denne veka. Han ønskjer dessutan Barabass og meg velkomen: «Eg helsar Dykk velkomen til å halde spalta gåande. Ser at ho Paula skal ‘ein liten tur ut i verda’. Og då får ein truleg rapport om ferda når tida er inne.»

Takk for velkomsthelsinga, Molven!



Klok 623

Om sommeren før jeg skulle i gymnasiet, trak rørlæggeren, Henry sig ud af cykelforretningen og kompagniskabet med Carl-Fredrik. Betty var rystet. Hun var kommet til at sætte stor pris på ham og syntest ligefrem hun havde lært noget av ham. Men han ville tilbage til sit gamle fag.

Tittelen på dette første kapitlet er «Cykelforretningen 1959». Utdraget er på originalspråket. Forfattaren debuterte med dikt seint på 60-talet. Denne romanen er eit framhald – og romanen har ein tittel som høver godt no om dagane. Kva forfattar og kva roman er dette?

Veit du svaret, sender du det til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, faksar til 22 41 42 10 eller sender e-post til paula@dagogtid.no. Send svaret innan 25. juli. Lykke til!

Dale-Oskar
og Barabas


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |