Dag og Tid nr. 29, laurdag 19. juli 2003

Kronikk:
Kronjuvelane i bølgjeblikkland

Det kan hende at skriftkulturen og den immaterielle språkkulturen på Island er pålagde ei symbolsk bør som ein dag vil bli for tung å bere, skriv Stephen Walton.



Her i vår skulle eg på ein konferanse i den amerikanske Midt-Vesten. Den raskaste vegen dit går om Oslo og Reykjavik med flyselskapet Icelandair. Eg vil ikkje påstå at eg er stamkunde der, men eg har iallfall skifta fly på Keflavík fleire gonger, utan altså å forlate flyplassen. I vår hadde eg ei sterk kjensle av ikkje å vilje vere i USA lenger enn nødvendig, og i tillegg var det folk ved universitetet på Island eg trong å snakke med. Så eg sette meg for første gong på bussen, og tok inn til byen.

Den analysen av det islandske samfunnet som følgjer, skriv seg såleis frå eit opphald på knapt tre døgn, og har eit geografisk nedslagsfelt som avgrensar seg til utsikta på kvar side av vegen fram og tilbake frå flyplassen, med den obligatoriske avstikkaren til Den blå laguna. Men inntrykk har ein verdi som nettopp inntrykk. Ein kan lese eit landskap på same måten som ein les ein tekst. Bokmeldarar les sjeldan boka meir enn ein gong, om dei altså les ho i det heile. Les da helst dette som ei melding av den teksten som menneska har lagt oppå den særs tynne islandske jordskorpa.

Det som slår ein med ein gong, er kor stygt alt er. Naturlandskapet er sjølvsagt trøysteslaust, men likevel beint fram sjarmerande i høve til byggjemiljøet. Langt over halvparten av islendingane bur i Stor-Reykjavik, og byen har est utover lavaen i eit forstadslandskap som mange stader vitnar om at dette er eit samfunn med både veksande økonomisk velstand, og veksande sosial ulikskap.

Ein kan dele Reykjavik grovt inn i tre soner. Den ytste og nyaste består av blokker, villaer og rekkjehus om kvarandre i ein stil som er lett å kjenne att frå amerikanske byar. Byggjematerialet her er betongelement, med aluminium til taktekking. Den eldre delen av denne husmassen viser at tidens tann bit med full styrke på Island, og jamvel utan hjelp av noka særleg regulering.

Innanfor betongringen kjem ein til ei sone med det som iallfall under taknivå ser ut som hus som har innvandra frå kommunale byggjefelt i Skottland. Her har tidens tann også togge godt, noko manglande vedlikehald av både vindauge og murpuss har hjelpt til med. Eg vil tippe at denne delen av byen stammar frå førti- og femtiåra. Mellom husa veks det meir og høgare grønt enn ein skulle vente. Det som skil dette området frå Skottland, er dei knallraude metalltaka.

Den inste sona er den mest originale. Vi kan likevel godt kalle ho for den «norske», fordi ho i stor grad består av hus som i utgangspunktet kom som ferdige byggjesett frå Noreg. Originaliteten ligg i at vêret snart slukte det norske treet, og kva skulle islendingane da gjere?

Som ein alt vil ha forstått, er problemet på Island at dei i utgangspunktet ikkje har byggjemateriale. Vulkanstein eignar seg visst svært dårleg til husbygging, og så vidt eg kan minnast finst det berre eitt basalthus i Reykjavik, nemleg det gamle fengselet. Betong klarer dei tydelegvis å produsere, likeins aluminium, men i gammal tid fanst det knapt anna enn torv og drivved. Da smuldra naturlegvis husa snart vekk.

Når det gjeld dei norske husa, var det aluminiumet som for alvor berga dei. Først tok ein til å lappe over dei rotnande trehusa med jern-, og seinare aluminiumsplater. Etter kvart heiv ein like godt heile treveggen, og sette inn bølgjeplater av metall. Slik vart den einaste innfødde islandske husestetikken fødd. Platene får godgjere seg ei stund, så vert dei måla. Det er fargerikt, men ein kan knapt seie at det er særleg vakkert. Det heftar seg tydelegvis ikkje noko sosialt stigma ved dette å leve i det ein i andre land nok hadde oppfatta som bølgjeblekkskur. Jamvel statsministerbustaden er eit aluminiumsplatehus.

Dei eg skulle treffe på universitetet held til ved Det arnemagnæanske instituttet, som tek hand om den eldre islandske skriftkulturen. HF-fakultetet ved universitetet ligg litt utanfor sentrum mellom Nordens Hus på den eine sida og SAS-hotellet på hi. Dei islandske humanistane vert altså haldne trygt og godt i det fastlandsskandinaviske symbolgrepet, dersom dei skulle kome til å gløyme kor i verda dei høyrer heime.

Instituttet driv med forsking på dei gamle islandske tekstane, og inntil for eit par år sidan var tekstane også utstilte der. No har kremen av tekstane kome i eit nyombygt hus i sentrum, det gamle Nasjonalbiblioteket, som ligg attmed Høgsteretten. Plasseringa er like symboltung som HF-fakultetet si.

Utstillinga i det gamle Nasjonalbiblioteket er ikkje stor, men eg trur ho inneheld nøkkelen til å forstå noko vesentleg om det islandske samfunnet, og om forholdet mellom materiell og ikkje-materiell kultur meir allment.

Det første ein kjem til, er ei alminneleg grei attforteljing av historia til islandsk og norrøn mellomalder, men det er først innanfor den ting begynner å lette. For her ligg dei gamle tekstane. Dei ligg i glasmonter i eit rom der lyset straks vert sløkt dersom ingen rører på seg. Lyset er dempa, stemninga høgtidsam, for dette er kronjuvelane i eit land der det korkje har vore krone eller noko særleg overskot til å kjøpe juvelar for. Dersom nokon skulle tvile på dét, er det berre å stå nokre minutt og sjå på videoen som stadig går av den store dagen i 1971 da dei gamle bøkene kom heim att frå den lange utlegda i Danmark. Dei vart tekne i mot av både øvrigheita, sjølvaste presidenten, og av ein stor, jublande folkeskare.

Vi undrast av og til over den islandske språkpolitikken, over den ekstreme purismen. Somme beundrar han, andre tykkjer han er litt komisk eller paranoid, mange andre klarer å oppfatte han som både imponerande og litt komisk. Men ein kjem kanskje nærmare ei forståing av dette fenomenet når ein ser det i vekselspelet mellom alle dei stygge husa utandørs og dei dimt lyssette kronjuvelane innandørs på Island. Den materielle kulturen på Island knyter ingen band bakover i tid, gir ingen samanhengar som bind samfunnet i hop. I estetisk og dels også bokstavleg forstand kjem ikkje eingong husa på Island derifrå. Ein kan knapt sjå historia der. Men ein kan lese og høyre ho. Språket, tekstane, altså skriftkulturen får aleine den funksjonen å binde samfunnet ideologisk saman. I andre samfunn vert denne funksjonen fordelt over langt fleire sosiale praksisområde. Såleis kan også alt anna på Island vere gjennomamerikanisert, eller iallfall sjå slik ut, utan at nokon er redde for å ta skade på si sjel. Berre språket og skrifta speler si rolle, er det visst greitt.

Man tager det man haver.

Det kan hende at skriftkulturen og den immaterielle språkkulturen på Island er pålagde ei symbolsk bør som ein dag vil bli for tung å bere.

Seinare i vår fekk eg sjå korleis japanarane har løyst denne floken, men dét er ei anna historie.

Stephen Walton,
professor i nynorsk skriftkultur


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |