Dag og Tid nr. 29, laurdag 19. juli 2003
Roald Helgheim:
På eit stadion i Molde
MOLDE: I dag er det sesongopning i eliteserien. Sogndal møter Molde på jazzfestivalens siste dag på Røkke stadion, og sjølv med ein skadd Tommy Øren trur eg på bortesiger. Molde har ein fotballbane til, der lågare divisjonar spelar kampane sine. Det ligg vakkert til på ei høgd over byens sentrum, med Idrettens Hus attåt. Men onsdag stod det gamle Molde Stadion tomt. Politiet skulle bruke det som fengsel for arresterte demonstrantar under Sharon-besøket. Ikkje berre det: Det var laga eit ad hoc jurdisk senter med advokatar som skulle syte for ekspeditt juridisk grunnlag for fengslingane, ein politisk standrett. Dette hende Molde i 2003. Om halvannan månad er det tretti år sidan eit stadion i Santiago de Chile var interneringsleir for arresterte fangar etter militærkuppet mot Allende. For mange var det ein transittleir på veg til avretting.
Gamle Molde Stadion vart ståande tomt. Det vart aldri bruk for det under eit statsbesøk der den einaste demonstranten som måtte takast hand om var ein som svima av i varmen. Dei fredelege demonstrantane sytte for at stadion ikkje fekk ein einaste fange. Men det stod klart til bruk, i tenesta til ein krigsforbrytar og ein okkupant skulle få fred i Rosenes By. Den same krigsforbrytaren skulle etter planen avslutte besøket ved Kongebjørka, eit historisk minnesmerke over den norske fridomskampen. Det vart det ikkje noko av, offisielt grunna tidsnaud. Andre snakka om at det var ein tryggingsrisiko etter at alle nærbuande og folk i tilliggjande institusjonar enten vart jaga ut eller hadde streng beskjed om å dra for gardina. Eg lurer på kva som hadde hendt om einkvan nyfiken hadde vist seg i eit vindu. Hadde det væpna politiet ordre om å skyte først og spørje etterpå? Sjukehuset hadde ikkje berre ekstra
beredskap. Det hadde spesialberedskap for å ta seg av ein viktig person, ein VIP, som det heitte i den offisielle språkbruken.
Ingenting av dette vart det noko av. Om Sharon hadde medverka til å gjere fredelege Molde by til eit terrormål, gjekk livet elles mest sin vante gang. Unntaket var at mange heldt seg borte frå eit sentrum som elles myldrar av titusenvis under festialveka. Om ettermiddagen gjenerobra dei byen sin og fylte gater og utestader langt inn i ei fantastisk tropenatt. Eg veit ikkje kven som hadde klekt ut ideen om stadion. Det einaste eg sakna under solidaritetskonserten og demonstrasjonen var Lillebjørn Nilsen. Han skulla ha stått på scena og sunge om eit stadion i Santiago, songen om fridomskjempa og martyren Victor Jara.
Den tiltenkte skjendinga av Kongebjørka var det som opprørte alle, ikkje minst Bjørnsonfestivalens general Knut Ødegård, som ville lese opp eit brev for Sharon. Den groteske symbolbruken av gamle Molde Stadion rakk folk knapt å tenkje på før det var over. Men nokre timars jarnring rundt Molde by, stenginga av flyplassen og andre ferdselsårer, det var berre ein ørliten smak på kva som er kvardagen i det okkuperte Palestina, der folk ikkje ein augneblink kan røre seg fritt, der nye betongmurar stengjer dei inne eller ute, der okkupanten når han finn det for godt skyt ein palestinar, raserer byar og bustader, og brukar palestinarar som levande skjold. Det er i seg sjølv eit krigsbrotsverk, sa Nora Ingdal under demonstrasjonen. Nestleiaren i Fellesutvalet for Palestina har arbeidd i Gaza i mange år. Ho har ved sjølvsyn erfart at Sharons snakk om fred og ein palestinsk stat er falskt frå ende til
annan. Han snakkar ikkje om Gaza og Vestbreidda. Han snakkar om Judea og Samaria. Den palestinske staten hans vil bli isolerte øyar med omland og samferdsel kontrollert av Israel. I praksis har han bannlyst ein Osloavtale han har motarbeidd frå første dag. Han har vore garantisten for auka jødisk busetjing på okkupert land. Han krev at palestinarane og det internasjonale samfunnet skal vende ryggen til den einaste folkevalde leiaren Arafat. Han vil berre snakke med statsminister Abu Mazen. «Ved å komme til Molde vinket Saron farvel til Oslo-avtalen. Han vil arbeide for fred mellom israelere og palestinere på sin egen måte», seier Sharon-venen og Jerusalem Post-journalisten Uri Dan til Romsdals Budstikke.
Lokalavisa kallar statsbesøket «Bondeviks triumf». Han «vant Sharons tillit». Ut over det får vi vite at ein tagal Sharon «likte vaffel og leikarring», det einaste kunstnarlege innslaget han fekk oppleve langs ei reiserute godt skjerma frå festivalen. Men som det heiter på leiarplass: «Selv om vi er Molde-patrioter og forsvarer den politiske dialogen, så må vi medgi at møtet på Nøisomhed (gammalt herskapshus, no invadert av forretningsdrivande, brukt til offsiell møtestad mellom Bondevik og Sharon) neppe får særlig å si i forhold til Midt-Østen».
Sjølv er eg ingen Molde-patriot. I kveld heiar eg av full hals på Sogndal. Eg er festivalpatriot. Men byen og dei tilreisande har vist anstende andsynes det mange har opplevd som ein politisk provokasjon. Mange demonstrerte langs reiseruta. Eit tusental demonstrerte i sentrum. «Mislykka demonstrasjon» skal somme tilreisande demonstrantar ha sagt til Budstikka. «Vi fekk ikkje stoppa bilen med Sharon».
Kvar dag får palestinarane røyne kva det vil seie å stå opp mot Sharon, tankane hans og bombene hans. Det er inga politisk leikestove, men ein kamp på liv og død. Når alt kjem til alt vil eg kalle dagen ein siger for anstendet, mot den politiske skjenselen Ariel Sharon og terrorstaten hans står for. Dei som må skamme seg, er dei ansvarlege for den planlagde skjendinga av eit norsk krigsminne, og dei som ville bruke eit idrettsstadion til å vanære eit anna, tretti år gammalt minne, om eit stadion i Santiago.
|