Dag og Tid nr. 29, laurdag 19. juli 2003
Bøker:
Hemmelege krigarar
Innsikt i dei hemmelege tenestene er naudsynt om ein vil forstå kva som skjer i verda, meiner Thomas Powers. Nestoren i amerikansk etterretningsjournalistikk har samla dei viktigaste artiklane sine i ei nyttig og underhaldande bok.
Sakprosa
Thomas Powers:
Intelligence Wars
American Secret History from Hitler to al-Qaeda
New York Review Books
Denne samlinga av lange bokmeldingar er ein kommentert bibliografi over den amerikanske litteraturen om etterretningsspørsmål dei siste tretti åra. Thomas Powers har tidlegare skrive biografien til CIA-sjefen Richard Helms. Sjølv om dei politiske vurderingane hans er prega av omgang med folk frå etterretningsmiljøet, er lesaren i trygge hender når det gjeld grepet om fakta. Powers er ikkje blind for overgrepa til dei hemmelege tenestene, og er særleg kritisk til CIA sine aksjonar i Latin-Amerika, men meiner likevel at dei gjer eit naudsynt arbeid. Hovudtesen hans er at kunnskap om motstandaren gjer krigen mindre sannsynleg.
Tenkinga til Powers er forma av den kalde krigen. I ein artikkel frå 1982 skriv han om den tredje verdskrigen som ei sikker hending i næraste framtid. Året etter avsluttar han ein artikkel med å seie: «Det store føretaket no er førebuinga av krigen.» Utsegna er typiske for stemninga på byrjinga av 80-talet (om nokon skulle ha gløymt den tida). Heldigvis gjekk det ikkje slik vi frykta den gongen. Thomas Powers meiner at god etterretning frå begge sider avverja den store smellen. Det er ikkje godt å seie om han har rett. Powers skriv frå eit amerikansk perspektiv, og det pregar sjølvsagt forståinga. Men eg held uansett med han i at «alle løyndomar er interessante,» og finn difor mykje godt lesestoff i boka.
Kennedy-brørne
Artiklane om Kennedy-brørne skil seg ut. Her går Powers djupare i det menneskelege enn elles i boka, som hovudsakleg er skriven i ein tørr, faktastyrt stil med jamlege innslag av mild ironi. Teksten er full av namn; stikkord til ei større førestellingsverd for lesarar som allereie har noko kjennskap til sakene Powers skriv om. Skribenten skriv tørt, men stimulerande. I artiklane om Kennedy-familien er han òg personleg engasjert. Han skriv særleg godt om den gåtefulle Robert Kennedy, som på nokre får år endra seg frå ein hauk (som etter alt å døme var med på attentatplanane mot Fidel Castro) til ein forkjempar for rettane til dei fattige og underprivilegerte i det amerikanske samfunnet. Etter attentatet mot John F. Kennedy visste Robert at han var utsett, men nekta å innrette seg etter det. Noko brast i Robert Kennedy etter drapet på broren. Robert la ned ein rosenkrans og ein lokk av håret sitt i kista til presidenten, og lét med det noko av seg sjølv følgje broren i grava. Lou
Reed har ein fin, sår song om den dagen John F. Kennedy døydde. Drapet innvigde ungguten i meiningsløysa. Engasjementet til Powers når han skriv om dette, tyder på at han òg opplevde hendinga slik.
James Jesus Angleton er det beste dømet på at dei hemmelege tenestene kan vere ein tumleplass for folk med hang til vidløftige konspirasjonsteoriar. Powers drøftar om leiaren for kontraspionasjen i CIA frå 1948 til 1974 kan ha lide av forfølgingsvanvit. Nokon klinisk diagnose vart vel aldri stilt, men det er openbert at Angleton lét seg styre av førestellingar som heller stamma frå indre fryktbilete enn frå saklege opplysningar. Han hevda til det siste at fiendskapen mellom Sovjet og Kina var eit taktisk spel for å fremje verdskommunismen. Angleton stolte blindt på den sovjetiske avhopparen Anatolij Golitsyn. Powers meiner at han «forelska seg i agenten sin», som CIA brukar å seie når kravet om sannsynleggjering vert ofra i von om å finne malm hjå informanten. Portrettet av den intelligente lyrikkelskaren og drastiske skeptikaren Angleton gjev farge til biletet av «folkloren» i dei
hemmelege tenestene, og leverer godt skyts til kritikarane av CIA.
Etterretninga sviktar
Boka er innramma av spørsmålet om etterretningssvikten i forkant av 11. september 2001. «Korleis kunne det enorme amerikanske etterretningsapparatet i så mange år unngå å merke seg både storleiken og viljen til terrornettverka og forherdinga av hatet som dreiv dei?» Powers har berre utkast til eit svar, og det handlar mest om intern strid i CIA og skandalen med moldvarpen Aldrich Ames, som svekte organisasjonen på 90-talet. Powers tenkjer meir strategisk enn politisk. Han kritiserer organisatoriske veikskapar i CIA; politisk kritikk finn ein knapt. Jamvel den gamle liberalaren (slik eg tolkar han) Thomas Powers har blitt ein lojal amerikansk patriot. Men boka er uansett politisk slagside eit oppkomme av gode opplysningar. Powers minner om at George H. W. Bush var direktør for CIA i 1976-77, og framleis er hugsa i organisasjonen som ein ideell etterretningsbrukar då han var president. Dei daglege møta mellom George W.
Bush jr. og den noverande direktøren i CIA, George Tenet, må vere ei av dei viktigaste kjeldene til oppdateringa av verdsbiletet til den amerikanske presidenten.
Thomas Powers har gjennom eit livslangt studium oppdaga djupe, nesten mystiske kvalitetar i dei hemmelege tenestene. Han seier at innsikt i etterretningsorganisasjonane er naudsynt om ein vil forstå kva som skjer i verda. Dei er lukka selskap, med mykje makt. (Eg vil ikkje seie større makt enn vi aner; det verkar for paranoid.) Dei hemmelege tenestene kviler aldri, og verksemda deira vert berre unntaksvis offentleg kjend. Dei er som levande, tenkjande organismar. Powers ber lesaren tenkje på arkiva til CIA som det umedvete i den nasjonale psyken. Mytologisering av nasjonale karaktertrekk er ei tvilsam øving, men eg må medgje at Powers dreg ei elegant samanlikning mellom dei hemmelege tenestene og den amerikanske folkesjela: «Amerikansk hemmeleg historie vitnar til overmål om at vi er energiske, men utolmodige [...]: at vi trur på tekniske løysingar [...]: at vørdnaden vår for andre folks meiningar (the opinions of mankind) er
ustadig (a sometime thing).»
Odd Magnus Grimeland |