Dag og Tid nr. 29, laurdag 19. juli 2003
Afghanistan:
Taliban er på veg tilbake i Afghanistan
Terror-krigen er langt frå vunnen i Irak, og i Afghanistan ser det ut som om han kan vera tapt. Taliban veks seg sterkare, meir aktiv og skremmande for kvar dag som går.
Johan Brox
johan@dagogtid.no
«For eit år sidan var taliban redd, spreidd, knekt. No dukkar dei opp att, sakte og gradvis som når eit fotografi blir framkalla», seier Masood Khalili, tidlegare leiar i Nordalliansen og no afghansk ambassadør i India i komande utgåva av Time Magazine.
Taliban står sterkare i dag enn dei har gjort til noka tid etter at regjeringa deira fall, fortel politisjefen i Kandahar, Mohammed Akram.
«Ny-talibanar» opererer no i tusental i Afghanistan frå basar i Pakistan, skriv Time. Der får dei åndeleg og militær rettleiing av den gamle garden, med Mullah Omar, som leidde Taliban-regjeringa til ho fall, i brodden. Dei skal òg ha jamn kontakt med Osama bin Laden og den internasjonale terrororganisasjonen al-Qaida. Dessutan har taliban styrkt og formalisert banda til den illgjetne krigsherren Gulbuddin Hekmatyar, som Pravda kallar «Afghanistans eigen bin Laden». Hekmatyar var mellom leiarane for mujahedin som kjempa som løver mot sovjetisk okkupasjon med stinger-rakettar og millionvis av dollar frå Washington. Sidan har han vore meir rival enn opponent for taliban, som opportunisten no har slege pjaltane saman med. Kapitalen Hekmatyar forvaltar, er mest av alt det fundamentalistiske partiet hans, Hizb-i-Islam, som framleis står sterkt mellom pashtunar aust i landet. For Hekmatyar er hatet mot Vesten, og
«horene deira» i heimlandet, især president Hamid Karzai, for tida sterkare enn alt anna. USA prøvde å ta livet av mannen seinast i fjor, med rakett frå eit umanna fly. 30 blei såra, men Gulbuddin Hekmatyar var ikkje mellom dei.
Han blei berre sint.
Al-Qaida-eksperten Rohan Guarana i Singapore seier til Time at arbeidsdelinga mellom opposisjonsgruppene er å la Hekmatyar sine folk opera i aust, medan taliban konsentrerer styrkane i aust. Dermed kan al-Qaida retta ressursane, som rett nok har skrumpa, mot «oversjøiske aksjonar». Truleg var det likevel al-Qaida som stod bak sjølvmordsbomba i Kabul 7. juni, som drap fire tyske soldatar og ein afghansk tenåring i ein buss.
Ny-taliban
Time skriv at målet til «ny-taliban» er å skapa nok terror til at utlendingane dreg frå landet og folket som er att, ikkje vågar å støtta regjeringa til Karzai. Somme stader har dei langt på veg lukkast med det, men i byen Spin Bodak, på grensa mot Pakistan, møtte taliban motstand førre månad. Offisielle tal seier 40, medan militære kjelder rapporterer om 90 daude taliban-soldatar, og sju frå regjeringsstyrkane. Dette var såleis det største militære nederlaget for taliban sidan regjeringa fall for snart to år sidan.
Men heller enn å gje opp, trappar taliban opp åtaka, med bomber på offentlege stader og rakettar til dømes mot militærbasane til USA, bakhald og dei har brent nyreiste skulebygg. Siste veka i juni okkuperte dei offentlege kontor fleire stader i Zabul-provinsen. Dei opererer til fots i grupper på to og tre, eller kjem over grensa frå Pakistan på motorsykkel.
Mullah Nik Mohammed, ein av taliban-leiarane som blei tilfangeteken etter slaget i Spin Boldak, fortalde i avhøyr at han skulle få 850 dollar for å sprengja ei bombe, det dobbelte om ho drap minst ein sivilist, og for kvar drepen soldat skulle han få 2.600 dollar i bonus.
Pakistan
President Pervez Musharraf har vore støttespelar for USA i krigen mot terrorisme, men han gjer ikkje meir enn han må, og knapt nok det, meiner regjeringa i Afghanistan.
For kvar av dei 500 mistenkte medlemene av taliban som er arresterte i Pakistan, er det mange fleire som går fri, især i det lovlause Baluchistan og grenseområda i nordvest som taliban-leiarane har til fristad. Så seint som i juni skal òg bin Laden ha vore der, og Mullah Omar blir rapportert å vera konstant på farten gjennom Baluchistan. Siste kommunikeet frå Omar melder at eit ti mann sterkt råd er skipa, der kvart medlem har ansvar for å destabilisera ein afghansk region. To av medlemene kjenner me frå Operasjon Anakonda i 2002: Rahman Mansoor, leiar for talibanhæren, og den einbeinte etteretnings-sjefen til taliban, mullah Dadulla Akhund.
Krybba
Taliban har såleis kome heim til Pakistan, der krybba for denne mellomalderdomelege rørsla stod for berre eit drygt tiår sidan. Her er det Jamiat Ulema Islam som rår, den pakistanske varianten av taliban. I Quetta, der ein stor del av folket kjem frå Afghanistan, er dei svart-kvite taliban-uniformene ein normal del av gatebiletet.
Difor har naturleg nok dei diplomatiske tilhøva mellom dei to nabolanda blitt stadig meir spende. I tillegg kjem skuldingar om at pakistanske troppar har operert opptil 40 kilometer inne på afghansk område. To afghanske grensevakter blei såra i samanstøytar med pakistanske styrkar på afghansk jord.
Til gjengjeld blei 20 av taliban-lika etter slaget i Spin Bodak demonstrativt dumpa på ein av grensestasjonane til Pakistan. Pakistan skuldar til gjengjeld Afghanistan for å konspirera med India, som Pakistan har eit elendig tilhøve til for tida, ikkje minst av di Kashmir-konflikten har blitt heitare.
Rekruttane
Taliban vervar nye rekruttar i flyktningleirane i Chaman, Quetta, Peshawar og Karachi drivhus for apati og fanatisme. Men òg tidlegare talibanar melder seg til ny teneste, dels av di rykta går om at dersom tidlegare aktive talibanar som følgjer oppfordringa frå president Karzai om å koma fram og bli med på å byggja det nye, demokratiske Afghanistan risikerer å enda opp på Guantánamo-basen. Dessutan kan taliban gje ei etter måten raus løn for strevet, og det er det ikkje mange andre som gjer i Afghanistan.
Attreisinga
Koalisjonen som held si teoretiske hand over Afghanistan (i praksis dekkjer ho knapt hovudstaden), innser at beste, om ikkje einaste, medisinen mot ny-talibaniseringa, er å få fart på attreisinga av landet, få folk i løna arbeid og syna resultat. Ein ny skule eller ei sjukestove kan vera nok til å venda opinionen i ein landsby. Men det har gått smått.
Difor er det ikkje berre tragisk for afghanarane, men òg eit sviande nederlag i den internasjonale kampen mot terrorisme at dei rike landa har mist mykje av interessa for Afghanistan. Difor aukar korrupsjonen og lovløysa, og regjeringa kjenner seg berre trygg i Kabul. Utanfor er det dei ymse krigsherrane som huserer mykje som dei gjorde før taliban, skapte ein viss orden i kaoset. Finansminister Ashraf Ghani åtvarar mellom anna om at Afghanistan på nytt held på å bli eit narko-reir, med opiumsdyrking som fremste vekstnæringa mykje som ho var før taliban rydda opp. For tida er om lag 150.000 sesongarbeidarar i sving med innhausting av opiumsvalmuar, fortel visestabssjef for ISAF, Ole Martin Hojem i Klassekampen.
Han legg til at krigsherrane i Nord-alliansen, bakkestyrkane til USA, har så langt greidd å fordela opiumsprofitten mellom seg utan større dramatikk. Det verste, meiner Hojem, er at FN ottast at opium blir smugla ut av Afghanistan i barnelik, kroppane til ungar som blir kidnappa og avretta for føremålet.
Framtida
Om me ikkje greier å etablera infrastruktur, naudsynte institusjonar og eit rammeverk av lover, kva framtid kjem Afghanistan til å få? Me blir atter eit underutvikla land med eit folk som ikkje kan lesa og skriva. Og atter blir me ei kjelde til ustabilitet, åtvara utanriksminister Abdllah Abdullah til kollega Colin Powell i Washington denne veka.
Til neste år skal det vera val i Afghanistan ei særleg utfordring av di ingen veit sikkert kor mange veljarar som finst. Eller folk. Der er 24 år sidan førre folketeljing i landet, det var i 1979, rett før den sovjetiske invasjonen. Då talde ein 13,5 millionar afghanarar. I dag meiner FN at det kan vera om lag 25 millionar.
Berre sju millionar dollar er sett av til ei ny folketeljing, som skal vera ferdig ved årsskiftet 2003-2004, og det er ei stor utfordring i eit mykje godt veglaust land. Ei gruppe teljarar som til dømes drog ut frå Kabul for ti dagar sidan, til fots på veg mot eit landsby i nordaust, har framleis ikkje kome fram, kunne The Guardian melda før helga.
|