Dag og Tid, nr. 28, laurdag 12. juli 2003

Kultur:
Rocken skal på museum

Trønderane satsar på eit rockemuseum i Namsos.

Ottar Fyllingsnes
ottar@dagogtid.no

Planane er ikkje nye, men no har nord-trønderane pussa støvet av dei. Det var den kreative revygeneralen på Høylandet, Lorents Mørkved, som lanserte ideen. Og sidan har mange meint at Namsos må vera staden for eit slikt museum. Det er trass alt her dei kjem frå: Åge Aleksandersen, Terje Tysland , Stein Ingebrigtsen og DDE.

Forprosjekt

Tidleg på 90-talet var det mykje prat om å plassera rocken på museum i Namsos, men økonomi og finansieringsproblem sette bom for planane. Rockemuseet vart lagd på is, men med jamne mellomrom har ideen dukka opp att. Kultursjef Terje Adde i Namsos er ein av dei som meiner at tida er moden for å gjera eit nytt forsøk.

I første omgang treng ein pengar til eit forprosjekt, og i juni vart det sett i gang eit kronerullingsprosjekt for å få pengar til dette. Målet var 200.000 kroner, og Trønder-Avisa og Grong Sparebank var raske med å løyva 5000 kvar.

I Trønder-Avisa i Steinkjer er Arve Løberg sjefredaktør, og han var på 90-talet leiar i hovudutvalet for kultur i Namsos. Det var den gongen dei første bølgjene om museumsrocken slo inn over byen. No fungerer han som pådrivar gjennom avisa han er sjefredaktør for. På leiarplass i avisa peikar han på den stolte rocketradisjonen i Namsos. Han meiner at dei gamle heltane har sørgd for den beste marknadsføringa av byen, men nemner også dei nye trønderrockarane; som Askil Holm, The Reel og Miss D, og han er nokså sikker på at dei kjem til å sørgja for at Namsos-rocken vert ført vidare.

– Namsos treng eit rockmuseum, på same måten som rocken treng Namsos. Det spirar og gror i nær sagt alle krikar og krokar av rockebyen. Stadig ny ungdom grip sjansen, lærer seg det nødvendige og satsar sterkt på å få til noko. Mykje at dette skuldast tradisjonar, heiter det på leiarplass i avisa.

Og der slår han fast at det er eit «berettiget» krav at rockehistoria skal dokumenterast i rockebyen.

– Det vert ikkje det same om Tysland og Aleksandersen vert dokumentert i Oslo, Bergen eller på Flisa, heiter det.

Og lesarane vert minna om at interessa for rockarane er stor. Turistkontoret i Namsos har hatt stor pågang frå turistar som vil vita kvar DDE-medlemmene budde. Eller kvar Åge Aleksandersen voks opp.

Samrøystes fylkesting

Førebels er det lite konkret om rockemuseet, men det finst i det minste teikningar som fortel korleis det kan koma til å sjå ut. Arkitekt Svein Iversen hjå Letnes-Nord AS i Namsos har drege fram att ei ideskisse frå november i 2000. Der har han teke for seg Felleskjøpets lagerbygning i Namsos og utstyrt han med gitarhals og strenger. Det har vorte eit rockmuseum med ei innbydande fasade.

I Nord-Trøndelag er interessa for rockemuseeet stor. I juni stilte eit samrøystes fylkesting seg bak planane, men det trengst pengar for å koma vidare. Kultursjefen i Namsos meiner at det er behov for ein halv million kroner til eit godt forprosjekt, og vona er å leggja det fram om eit halvt års tid.

– Me vil arbeida fram eit trønderrock-prosjekt, men vonar å lyfta det til eit nasjonalt museum. Me håpar å få nasjonal museumsstatus, og me kjem til å gå til Stortinget for å få midlar, seier kultursjefen.

Han viser til at den førre kulturkomiteen på Stortinget gjorde eit vedtak om at det skulle etablerast eit informasjonssenter for rock. Seinare er det teke initiativ til å leggja ein database for norsk populærmusikk i Oslo.

Ringverknader

I Namsos har alt snakket om eit rockmuseum tidlegare verka utmattande på folk, men no kan ein spora ny entusiasme, seier kultursjefen.

Leiaren for Arbeidarpartiet i Nord-Trøndelag, Jon Olav Alstad, meiner at Namsos kan opna rockemuseet om eit par år – om berre viljen er stor nok.

– Dette kan verta eit prosjekt med enorme ringverknader, seier den optimistiske Ap-leiaren. Han har bak seg åtte år på Stortinget, har hatt plass i kulturkomiteen og vore rockepolitisk talsmann for Arbeidarpartiet. No har han vore på synfaring i den gamle bygningen til Felleskjøpet i Namsos og uttalar at dette kan verta eit symbolbygg for rockebyen Namsos. Ein turistattraksjon.

Trønder-Avisa fortel at det er fleire byar som har ytra ønske om å få det nasjonale rockemuseet. Og nemner stolte rock-tradisjonar både i Halden, Bergen og Oslo, men fylkesleiaren i Ap i Nord-Trøndelag er klar.

– Ingen har så gode føresetnader som Namsos, men først må forprosjektet på plass. Viss ikkje, er det fare for at toget går frå oss, seier Ap-leiaren i Nord-Trøndelag til Trønder-Avisa.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |