Dag og Tid, nr. 28, laurdag 12. juli 2003
Reportasje:
Dei usynlege knivane
Skyene heng lågt over Aasentunet i Ørsta. Knotten er intens. Vestlandsfanden og Hellbillies skal spele på utescenen. Det er Ryfylke mot Hallingdal, Vestlandet mot Austlandet. Eg ventar på at folk skal ta til å rispe kvarandre med kniv.
Tekst og foto: Kjetil A. Brottveit
kbrottve@online.no
Ikkje for å skade, berre for å markere på stilig bygdevis: «Kjem du frå Ål? Her er det eg som rispar.» Arrangørane, Dei Nynorske Festspela, har sett det gode namnet Dobbeltdans på konsertkvelden. Vaktene mildnar stemninga med å sende myggolje rundt i sommarkvelden.
Festspela har tenkt lurt. Dei har invitert to band med brei appell, lokal forankring og ry for gode tekstar. Nynorsk er ikkje kjedeleg. Fire hundre billettar er selde på førehand, og fleire folk kjem til. Her finst folk med slike utrulege dongeribukser som er skjemma av å vere farga på låra. Her er tenåringar og vaksne, her er damer med tresmykke som drikk raudvin. Danseplattingen står klar. Eit arsenal av instrument står på scenen. Kablar strekkjast, kontaktar pluggast i. Reidar Brendeland, hovudmannen i Vestlandsfanden, har hatt, bart og lisseslips. Snart dreg han konserten i gong.
Vestlandet yppar seg
Publikum ser fredsæle ut, men i hovudet mitt er det ein duell som skal avviklast. Eg skal dele ut poeng, og poenga skal sitje laust. Men då vert eg Ivar Dyrhaug som er kjempeblid på fjernsyn om fredagskveldane, tenkjer eg, og finn ut at eg sjofelt kan trekkje poeng òg. Det gjer vel ikkje Dyrhaug?
Vestlandsfanden opnar konserten akustisk. Dei syng om «Vestlandet i meg», og spelar «Skipsekspedisjonen» med tekst av Kjartan Fløgstad. «Livet er ein gamp i sivet», høyrer vi, og denne songen held seg godt. 1-0 til Vestlandet.
Etter kvart kjem Fløgstad sjølv opp på scenen. Han les fleire dikt, bla
nt anna «Ittepå imårå»:
Når eg les dette diktet aust for vasskiljet, forklårar eg at det tyder overimårra, seier Fløgstad på tilgjort austlandsk. Slik får han både bunde vestlendingane saman og forklåra det rare uttrykket som iallfall eg, og kanskje fleire, sjølv om dei er i Aasentunet, ikkje forstår. Fløgstad dediserer diktet til arbeidarane som miste jobben då Ringnes la ned Tou bryggeri. Med forfattarhjelp frå saudabuen Fløgstad, går Vestlandet opp til 2-0.
Mistenkeleg låning av penn
Tempoet aukar. Bandet har ei rufsete og urein framtoning, ikkje musikalsk, men i stil og klede. Ivar Woxmyhr har ei prangande Hawaii-skjorte. Ragnar Hovland plar òg gå med Hawaii-skjorte. Er det vestlandsk? Woxmyhr har metallic blå fele som han spelar godt og fort på. «I Oslo har de Kongen, Akershus og Karl Johan. I Sauda har me skiftarbeid og en gammal stor fabrikk.» Dei får 3-0 for skiftarbeidet.
No vil dei plukke plommer i Hardanger. Eg håpar at eg ikkje skal vere fullt så lei av songen som eg trur, men det er eg, og med kalde augo trekkjer eg eitt poeng, Vestlandet er nede i 2-0 att. Bandet er ferdige med fyrste sett. Ei dame rundt 40 og ein gut på kan hende 16, har funne kvarandre i mangelen på penn. Dei spør meg om å låne, men kva skal dei med penn? Kanskje dei berre skal distrahere meg før dei rispar meg med kniv? Eg prøver å ha kontroll på båe, medan eg gjev ein penn til kvar. Dei går ned til sletta, og eg får sjå kva ærend dei har: Dei skal ha autografen til Reidar Brendeland. Det vert eitt poeng for kvar autograf: 4-0.
Sjarme mot kniv
Dama kjem att med pennen. Men ungguten, kor er han? Tenk om den eine pennen eg har att sluttar å verke? Eg får anna å tenkje på, for no går Hellbillies på scenen. Vokalist og gitarist Aslag Haugen har sleng i buksene og dongerijakke med naglar. Aslag tøffar seg med ein g i staden for k i førenamnet, og kan hende eg er munter til sinns, for eg gjev poeng for g-en: 4-1.
Dei spelar «Sur som rognebær» om Gamle Bryn som er ilter på byfolk. Aslag er både tøff og mild når han syng. Han minner ei aning om Kenneth Sivertsen og har noko lett over seg. Eg trur han er ein type som avvergar knivslagsmål med sjarme.
Vi har spela saman sidan 1992. Det er så lenge sidan at fleire av oss var virile på den tida, seier Aslag Haugen og glisar mot bassisten Arne Sandum som er grå i håret.
Men han seier at han aldri har vore i be
tre form på alle måtar. Det er så mykje flott å få på blå resept, seier Aslag, og då skal vi tenkje vårt, tenkje på Viagra og ikkje akkurat ikkje le. Er det austlandsk å le av Viagra? Eg er sur som rognebær og inndreg eitt poeng: 4-0 til Vestlandet.
Kjenslevar med bart
Broren til Aslag, Lars Håvard Haugen, har ei lang svart fløyelsjakke. Han tenner seg ein røyk, og festar røyken under strengene på den elektriske gitaren. Slik gjer hallingrockarane med røyken. Merkeleg nok let eg Austlandet få poeng for det: 4-1.
No byter Lars Håvard til mandolin. Det gjer han svært sjeldan. Mor mi spør han ofte om å spele mandolin når ho har selskap, men han seier alltid nei, fortel Aslag.
Dei spelar «Den grå vegen». Songen handlar om at det er best å gå utanfor allfarveg, men når den fyrste strofa er: «Den grå vegen er lettast å sjå», er det ikkje lett å tru på han. Eg trudde grått var vanskeleg å sjå. Eg er så sur og triumferande at eg til med gløymer å sjå om det blenkar i knivstål rundt meg då eg stryk eitt poeng til: 4-0 til Vestlandet.
Han kjekke unge mannen som går att og fram med gitarar til oss han er klar for å giftast bort i dette området. Dersom nokon ynskjer kontakt, kan eg hjelpe dykk med romnummeret, seier Aslag med sjarmen.
Ungguten vert flau, men Aslag ler så mykje at eg òg må le. Eg er blid som eit jordbær og gjev poeng: 4-1.
No kjem «Det finaste eg veit.» Eg ser rundt meg og legg merke til ein mann med bart og dongerijakke som truleg er ein djevel med motorsag. No syng han med og ser forklåra ut. «Det finaste eg veit,» syng han. Det er heilt klårt 4-2 over den synginga.
Swing mot grøn li
«Lauv i eit vindkast» er neste song. Så mykje som fem par sprett opp frå benkene. Dei må ikkje misse eitt sekund. Dei spring mot danseplattingen. Femdobbelt dans. Vestlandet halar innpå. 4-3.
Han som spelar tangentar, Trond Nagell Dahl, buktar fælt på seg. Eg trur han har svært lyst til å kome lengre fram på scenen. Eg må prøve å sjå ein annan veg, men tykkjer ikkje eg kan trekkje Austlandet for eit nytt poeng når eg mistenkjer meg sjølv for berre å vere misunneleg på dei som dansar.
Bandet skal introduserast:
Og frå sumpene ved Mjøsa: Trond Nagell Dahl, seier Aslag om musikaren frå Raufoss, og med det oppsummerer han ein del av Hellbillies-kjernen: Hallingdal-mytologien. I ein slik mytologi passar det òg med kjærleg terging av andre landsdelar. Som det står på heimesidene til Hellbillies: Dei likar rakfisk, så lenge den «ikkje er frå Valdres!».
No kjem «Eitt lite strå». Det er ein beint ut ny
deleg song. Eg snur meg varsamt mot mannen med bart og mange motorsager heime. Han syng med. Austlandet har utlikna til 4-4.
Tempoet aukar att. Det er «Gamle Bryn»:
«Gje rei juling», san Gamle Bryn,»papaguta ifrå byn!
Kjøyre fin bil so blank som lyn.
Dei tru rei eige alt. Forbannare papadalt!»
Aslag trur kanskje at han er tøff når han syng «forbannare papadalt», men han ville ikkje hatt godt av å vite kor tøff eg tykkjer han er. 4-5, og Austlandet i leiinga.
Dei vil ha oss til å synge med, men vi syng ikkje høgt nok.
De høyrest ut som ein gjeng hallingdølar der de sit, seier Aslag.
Det er programmessig sjølvironisk og gjev ikkje poeng. Gode spørsmål er neste song. Har du lagt merke til kor storfisken står? Eller kor bjellekyra går? Det er Hellbillies sine gode austlandsspørsmål. Spørsmåla gjev 4-6 før Hellbillies tek farvel til ståande applaus, og eg tenkjer at eg vil liggje i fanget til Aslag. Nei, kva er det eg skriv? Eg vil gå på rjupejakt med han.
Eg reiser meg òg, og ser at den sakna pennen ligg fint på sekken min. Det var ein Vestlandsfanden-tilhengar å lite på. Dermed gjer Vestlandet det kunststykket å få poeng medan Austlandet spelar. 5-6.
Dei spelar så fort
Etter ein pause med ny omrigging på scenen,
dreg felespelaren med Hawaii-skjorta folk tilbake til scenen. Vestlandsfanden spelar «Drøm Drøm Drøm» frå den nye plata, og etterpå vert det mange lange soloar. Woxmyhr imponerer, men eg tykkjer det vert vel mykje fortspeling på fele. Er det vestlandsk? Eg er nok surare enn gjennomsnittet då eg inndreg eitt poeng: Vestlandet 4 Austlandet 6.
Dei syng: «Postmann postmann komme klokka ti
alltid går du bare rett forbi
eg går og vente, eg e spente
på om du har brev i veska di.»
Men han har aldri noko brev. Han går berre forbi. Dei let refrenget kvine rundt og rundt overdrive mange gonger. Eg snur meg mot plattingen og ser at talet på dansarar er rekordarta: Sju par. Det er ingen knivar her, det er nok berre ei førestelling frå det sarte sjelslivet mitt. Det er dans det dreier seg om. Dei dreier seg i dansen. Natta er på det mørkaste, og dansinga gjev eitt poeng: 5-6.
Vi får ein del gamle klassikarar: «For livets glade gutter går solen aldri ned.» «Siste dans på Folkets hus.» Brendeland tek ein dryg presentasjonsrunde.
På fele, fløyte, Paralgin Forte og ikkje minst Viagra: Ivar Woxmyhr!: Skulle det verte Viagra-vitsing som vart brua mellom aust og vest? Eg må trekkje poeng att: 4-6.
Han spelar meir fort på fele, og mange liker det, men då den andre presentasjonsrunden kjem, og den tredje, står konserten i fare for å renne ut i berre showing. Få heller ein ordentleg song. Vestlandet går ned til 4-6, tenkjer eg, men ser to render med poenggjevande sveitte som renn nedover kjaken til Brendeland: 5-6.
Opp med hendene, seier han og klappar over hovudet for å syne korleis det gjerast.
Vi har ikkje komme hit for å ha det gøy, ropar han.
Tre jenter står heilt framme ved scenen og klappar. Dei klappar seg til eit poeng: 6-6. Eg har ein sterk trong til harmoni, og trur eg skal stoppe der, stoppe verdig på uavgjort, sjå opp mot himmelen der Ivar Aasen sit og seier at vi må skrive gode songtekster. På dialekt.
Med slike opphøgde tankar forlet eg Aasen-tunet. Eg får auga på eit uforklårleg sår på underarmen:
Nokon har kome til med kniv likevel. Som setesdøl mistenkjer eg nokon frå Telemark for å stå bak.
|