Dag og Tid, nr. 28, laurdag 12. juli 2003

Kommentar:
Endeleg tvungen norskopplæring

Erna Solberg vil tvinga innvandrarar til å læra seg norsk. Dermed tvingar ho òg kommunane til å stabla på beina ei skikkeleg norskundervisning, og det er på høg tid.


Ein kunne velja å sjå framlegget som kommunalministeren presenterte på onsdag som eit nytt tvangstiltak retta mot ei utsett gruppe. Ein kunne òg velja å tru at regjeringa på denne måten vil tevla med Carl I. Hagen om framandfrykta i god tid før eit kommuneval. Men det ville vera for dumt.

Framlegget om «obligatorisk norskopplæring for voksne innvandrere» er ikkje brukande som politisk opposisjonsmarkering – til det har regjeringa ei alt for god sak. Det pussige er berre at styres-maktene ikkje har kravd det før.

Problemet

I dag er norskopplæring for utlendingar i prinsippet frivillig. Etter som språkløysa, og såleis arbeidsløysa, fattigdomen og isolasjonen som følgjer med, truleg er største problemet som innvandrarar til Noreg deler, skal ein ikkje venta mange protestar frå målgruppa mot at opplæringa blir obligatorisk. For dei er det eit framsteg.

Somme av innvandrarkvinnene som ikkje har nytta seg av det frivillige tilbodet, til dømes av di ektemannen nektar dei å forlata heimen eller av di barnepass tek all tida deira, blir frigjorde med tvang om norskopplæring. Då er det styresmaktene og ikkje kvinnene personleg som må bera ansvaret for at hauggamal skikk og bruk blir broten.

Men andre tek ikkje del i frivillig norskopplæring av di tilbodet dei har fått er så dårleg, så sporadisk og nyttelaust at det ikkje er bryet verd. I mindre norske kommunar har innvandrarane til dømes møtt ein sliten norsklærar som eit par kveldstimar i veka freistar greia somaliske analfabetar og russiske nevrokirurgar med same kammen. For innvandrar har dette vore tragisk – og for den norske samfunnsøkonomien har det sjølvsagt vore ein skandale. Det Noreg til no har tent på å nedprioritera norskopplæringa for utlendingar, har nasjonen tapt tifald i trygdeutbetalingar.

Konfliktlina

Slike observasjonar gjer det rimeleg å tru at dersom framlegget til opplæringslov for innvandrarar møter motstand, blir det frå kommunar som ottast at staten heller ikkje kjem til å fullfinansiera denne reforma, og at dei nok ein gong må skøyta til med midlar frå ei slunken kommunekasse.

Men Erna Solberg forsikrar om at kommunane denne gongen ikkje treng ottast:

– Regjeringa vil at finansieringa skal leggjast inn i rammetilskotet til kommunane, slik at dei sjølve kan organisera undervisninga slik dei finn det likt, og finna gode, lokale løysingar. Eller dei kan samarbeida med andre kommunar, der tilhøva tilseier det.

Den fyrste tida tilrår dessutan regjeringa ekstra løyvingar til å dekkja etableringskostnadene. Ikkje minst kan kommunane følgja den generelle oppfordringa frå Erna Solberg og regjeringa hennar: Setja opplæringa ut på anbod.

– I dag etterbetaler staten kvar undervisningstime, og det har ikkje nett fremja den kommunale kreativiteten, vedgår ho.

I fjor kosta norskundervisninga staten 760 millionar kroner.

Ikkje berre flyktningar

Regjeringa vil at ordninga om tvungen norskopplæring skal gjelda alle som innvandrar frå land utanfor EØS-området. Folk på innsida skal per definisjon få flytta og flyta fritt, same kor trått kommunikasjonen med dei elles måtte gå. Det er vanvittig, men ikkje noko norske styresmakter har tenkt gjera noko med. Slik er det berre; EØS-borgarar har rett, men ikkje plikt til å læra seg norsk.

Alle andre innvandrarar mellom 16 og 67 år skal etter framlegget frå regjeringa ha 300 timar med undervisning i norsk, medrekna 50 timars samfunnskunnskap. Deltaking og fullføring skal vera eit ufråvikeleg vilkår for å få busettingsløyve her i landet og eventuelt norsk statsborgarskap. Det gjeld:

* flyktningar

* personar med opphald på hu
manitært grunnlag

* somme grupper spesialistar

* familiegjenforeinte med ovannemnde grupper

Dei som treng det, til dømes analfabetar, har krav på opptil ti gonger meir, 3000 timar. Etter framlegget er det kommunane som har plikt til å avgjera kor mykje undervisning den einskilde innvandraren treng – og syta for at han får det, minst 300 timar i løpet av dei tre fyrste åra vedkomande er i landet. Dei som treng 3000 timar, får fem år på seg.

Det vil seie at dei må ha minst 12 timar med tilrettelagt undervisning i veka – og det er ei mangedobling av norsk-tilbodet som mange kommunar vartar opp med i dag. Men kommunane får – altfor – god tid til å førebu seg på lova om tvungen norskopplæring: Framlegget går ut på høyring i desse dagar, og blir ikkje fremja i Stortinget før om eit år. Dermed kjem det til å skura og gå som i dag fram til 1. januar 2005.

Tretrinns rakett

Kommunalminister Erna Solberg har vore med på å strupa innvandringa til Noreg, men det er òg fyrst under henne at landet har fått ein heilskapleg innvandringspolitikk – som tvungen språkopplæring er ein viktig del av og føresetnad for.

Trinn ein var Realkompetansereforma. No møter innvandrarane eit system som evaluerer utdanninga og kunnskapen dei har med seg i bagasjen. Neste steget er Introduksjonsordninga, som skal hjelpa innvandrarane å finna seg til rette i det norsk samfunnet og næringslivet før dei resignerer i eit tilvere som klientar. No skal dei òg kunna prata for seg på eit av dei offisielle språka i landet der dei bur. Det skulle berre mangla. Stå på, Erna!

Johan Brox

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |