Dag og Tid, nr. 28, laurdag 12. juli 2003

Leiar:
Skytefelt vil dei ha

Stopp Regionfelt Østlandet har i tre veker aksjonert mot det planlagde skyte- og øvingsfeltet i Åmot kommune i Hedmark. 120 aksjonistar har delteke i aksjonen som har vore ein av dei største sivil ulydigheits-aksjonane i landet på mange år. Leiaren i aksjonen, Einar Gjems, seier at dei med aksjonar kan halda forsvaret i sjakk, men at dei no vil arbeida på andre måtar for å skrinleggja feltet for godt.
Men skytefelt vil forsvaret ha.

Regionfelt Østlandet kjem til å leggja beslag på kring 200.000 mål natur. Regionfeltet skal brukast til øving med tunge våpen, stridsvogner og artilleri. Eit område på storleik med Nederland kjem til å verta plaga av bråket. Eit uvanleg stort samanhengande naturområde vert berørt, med stor verdi som friluftsområde og rikt på kulturminne. Tidlegare var den fiskerike elva Rena skjerma mot inngrep, men no er planane endra. Eit skytefelt vil òg kunne gje store utslepp av bly, kopar og kvitt fosfor, noko som vil ureina og vera til fare for dyrelivet.
Men skytefelt vil forsvaret ha.

Motstanden mot planane har vore stor. Då saka vart handsama i Stortinget stemte Krf, Venstre, SV, Sp og delar av Ap mot. Eit samrøystes kommunestyre i Åmot er imot utbygginga.
Men skytefelt vil forsvaret ha.

I desse dagar vert norske soldatar sende til Irak. «Peace is hell» var denne veka tittelen på framsida av Times Magazine. Ein kan lura på om eit skytefelt er det som skal til for å trena opp soldatar til moderne krigar. Dei norske soldatane som skal til Irak treng ein heilt annan kunnskap enn den USA stadig demonstrerer.

Nyleg gjekk Kjell Birger Olsen av som sjef for Sjøforsvaret. Han hevdar at det norske forsvaret ikkje er i stand til å forsvare interessene våre til havs. Kjem eit skytefelt på Austlandet til å endra på det?
Cecilie N. Seiness

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |