Dag og Tid, nr. 28, laurdag 12. juli 2003
Klok på bok:
Klok på latskap
«Poeten denne gong heiter sjølvsagt Helge Torvund. Han er poetkongen som regjerer dei sørlegaste delar av Jæren med si mjuke, faderlege hand. Samstundes som han er poetlærar på Dagbladet sin poesi-sajt, Kammeret. Ein sajt som frå profesjonelt hald ofte blir rakka litt ned på, fordi den er amatørmessig. Eg er ein av dei som har vore innom og funne sajten avslappa underhaldande», skriv Finn Øglænd i Stavanger.
Barabass har òg stor sans for Kammeret. Han meiner han lærer både eitt og hitt om poesiskriving der.
Vel, kjære lesar, som du kanskje forstår, er det eg, Dale-Oskar og Barabass som står for Klok på bok denne veka. Paula er reist på ferie. Ho må vekk og få luft under vingene, seier ho. Barabass seier at han ikkje har sett noko til vingene hennar. Eg har sagt til han at det er eit språkleg bilete, men han ser berre undrande på meg og fnyser.
Barabass driv med mangt for tida. Dette brevet frå Jon Lorentzen i Egersund gav han ein ide!
«Eg bur ikkje så langt frå han raudskjeggen frå Ogna, og eg ser han på dei vidunderlege strendene der på denne tida av året. Faktisk var Helge (Torvund), for det må jo vera han som er svaret, kulturlos på ein utruleg interessant tur i sanddynene på Ogna i fjor sumar. Me hadde òg med eigen naturlos, han Audun Steinnes frå Hovsherad. Helge fortalde om Kitty Kielland og Audun sa namnet på mange blommar eg alt har gløymt. Veret var fint og me mimra om dagane på gymnaset på Bryne. Det var ein tur du skulle ha vore med på Paula! Namnet på antologien har gått same vegen som namna på blommane til Audun eg har pinadø gløymt det, eller eg har kanskje aldri visst det. Eg fortener absolutt ikkje å vinne denne gongen.»
Dette brevet fekk Barabass i tankar om at han kunne tena pengar på «kulturlosing» rundt på garden. Han har sett opp skilt nedi vegen og ventar stadig på at nokon skal koma innom og be om tenesta. Det har ikkje skjedd til no, men Barabass seier: Berre vent!
«Helge Torvund er opphavsmannen til Gjennom skodda, og eg tippar at du har funne det i barneboklyrikkantologien Natt i nytt hus, som kom i 1995. Men veit du at diktet også står i samlinga med den talande tittelen Dikt for småsjefer (Kagge forlag) noko som gjev meg inspirasjon til å forkynne at både små og store sjefar burde lese minst eitt dikt pr. dag, og gjerne av Helge Torvund.», skriv Gunder Runde i Ulsteinvik. Det var eit aldeles korrekt svar.
Svara er mange. Ellen M. Mjømen i Bergen, Ingrid i Gaupne, Skeisebibliotekarane i Lask, Stein Erik Finne i Bergen dei er alle gysla kloke på dette diktet. Det same er Olav Molven som sender eit aldeles nydeleg postkort frå Bergen og Ranveig Orkanger som sender kort med fjellblomar på.
Randi Sortland i Florø var litt i tvil. Ho skriv: «Kven andre enn Kaldestad skriv slikt? men eigen skule? Eg måtte på internett for å finna ut at forfattaren er Helge Torvund.» Hilde Matre Larsen i Oslo svarar aldeles korrekt og i tillegg tøffar ho seg litt: «Skole og skole, fru Blom, er det ikke bare et lite kammer han har?» Me kårar henne til vinnar, seier Barabass. Eg gratulerer!
Kaare Stegavik i Trondheim kjem med eit langt, korrekt og klokt svar: «Æ sjer at de e non som skriv korte og fine dikt på norsk, å med bakgrunn i norsk kultur. Det e heilt fint, men itj å kaijll dæm fer Haiku, sjøl om det kanske e tri linja, å med 5-7-5 rytmiske element». Haiku oppstod i det fjerne Østen, e basert på japansk kultur, japanske tradisjona, tenkemåte å referansa å framfer alt japansk språk, som e så totalt ferskjelli frå norsk at det e vel nesten bærre haijnn Masahiko Inadomi som kaijnn tænkes å vårrå i staijnn te å få te nå som legne på ei brukbar oversettels te norsk. Haijnn sei sjøl om morsmålet sett: Språket har ingen klår skilnad mellom eintal og fleirtal og heller ikkje mellom bunden og ubunden form. Eit adjektiv kan ha notids- og fortidsbøying og hypotetiske og optative former. Det nærmer
seg såleis eit indo-europeisk verb. Pronomen blir berre nytta når det ikkje er heilt klårt kva subjektet i setninga er. Av verbale tider har japansk notid og fortid. Psykologisk subjekt det kan vera eit verb, eit substantiv eller eit adjektiv er mykje brukt, mellom anna i haiku-diktinga. Den sermerkte språklege strukturen, den ukjende tankeverda, ja kulturtradisjonen i det heile, gjer det svært vanskeleg å overføra haiku til framande mål». Men haijnn sa itj at det va heilt umuli!!»
Mykje kloke folk der ute, seier Barabass.
Klok 622
Fredrik Jonson Lök hadde aldri gjort noe uhederlig, siden han aldri hadde gjort noe som helst. Han var av den oppfatning at hans høye byrd forbød ham å arbeide.
Dette er byrjinga på ein roman eg har lese høgt for han Barabass, ein roman som eignar seg for høgtlesing. Forfattaren kjem frå ein svensk småby, og somme reiser dit for å kikka på kva underlege typar som bur der. Det er alt me kan røpa, seier Barabass.
Veit du svaret sender du det til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, faksar til 22 41 42 10 eller sender e-post til paula@dagogtid.no. Send svaret innan 18. juli. Lykke til.
Dale-Oskar og
kulturlos Barabass
|