Dag og Tid, nr. 28, laurdag 12. juli 2003
Kultur:
Duuns oppgjer med bedehuskulturen
Olav Duun mislikte bedehuskristendommen så sterkt at det førte til brot med både faren og mora. Som 25-åring forlet han heimstaden Jøa, og han vende tilbake berre tre gonger.
Ottar Fyllingsnes
ottar@dagogtid.no
Olav Duun vart fødd i 1876, og i åra etterpå fann foreldra vegen til vekkingsmøta på øya yttarst av kysten i Nord-Trøndelag.
Etter kvart som Duun voks til, såg han på foreldra sitt sterke engasjement i Den norske Frikirke som eit svik mot miljøet og dei gode tradisjonane som forfedrane hadde formidla. Den store konfrontasjonen mellom far og son kom i 1901. Det var som ein trykkokar som var attgløymd på omnen. Smellet måtte koma, skriv Sivert Fløttum i ein ny Duun-biografi.
Olav Duun var odelsgut på Øver Dòn på Jøa.
Han var i den same posisjonen som Arne Garborg. Det var ingen annan utveg. Han måtte bort, seier Fløttum.
Rett på bålet
Olav Duun døydde i 1939, men merkeleg nok har ingen skrive ein skikkeleg biografi om han; trass i at han var berre ei røyst frå å få nobelprisen i litteratur. Kanskje er det skrale kjeldematerialet ei viktig årsak til at biografien manglar. Rett nok har Rolv Thesen skrive boka Menneske og maktene, men der har han lagt langt større vekt på det litterære enn det biografiske.
No har den pensjonerte ungdomsskulerektoren Sivert Fløttum frå Melhus i Sør-Trøndelag prøvd å bøta på dette. I mange år har han arbeidd med Duun, og i desse dagar gjev han ut ein biografi. Fløttum gjev ut boka på eige forlag, etter at Aschehoug takka nei.
Olav Duun var ein meister i å løyna sine spor. Det aller meste av det han skreiv; brev, noveller og heile bokmanuskript gjekk rett på bålet. Så snart papirkorga ved skrivebordet var full, gjekk innhaldet i omnen, fortel Fløttum.
Likevel meiner han å ha spora opp nytt materiale. Det finst brev som Duun sende frå seg, blant anna til forleggjaren Olaf Norli, forfattarkollegaer og vener.
Sjølvbiografisk
Sivert Fløttum meiner at ein finn svært mykje biografisk materiale i bøkene til Duun. Dei tretti siste åra av livet sitt budde han i Holmestrand. Same året som han flytta dit, gifta han seg med Emma Nakling. Spor av livet hennar finn ein i fleire av romanane.
Sivert Fløttum viser til at mange av romanane til Duun krinsar kring tilhøvet mellom mor og barn; om til dømes mora som avviser barnet. Det skjedde med Duun sjølv, men i endå større grad med Emma.
Då bedehuskristendommen fekk plass i hjartet til mora, kjende Olav Duun det som om det ikkje var plass til han. Frontane mellom mor og son bygde seg opp, og det vart til slutt umogeleg å få til ei forsoning, meiner Fløttum.
For Emma var barndommen og ungdommen endå verre. Faren, Johan Moses Møller, var handelsmann, ordførar og stortingspolitikar. Han vart forlova med Else Marie Dyblie, men då bryllaupet skulle haldast, trekte brudgommen seg i siste liten. Dette var ein katastrofe for brura, som var gravid. Ho fann det best å setja bort dottera, og Emma voks opp på ein av nabogardane i Kolvereid. Der hende det at mora stakk innom anonymt.
Det totale fråværet av morskjærleik, saman med ein ikkje eksisterande farsfigur, sette djupe spor i personlegdommen, meiner Fløttum.
Duun fletta den tragiske oppveksten til kona inn i fleire av romanane sine. Emma kjende seg att i dei første bøkene, og ho likte det ikkje. Også andre kjende seg att, og dei tok det ille opp. I dei seinare bøkene vart Duun flinkare til å kamuflera personar og handlingar, men Fløttum meiner at ein kan kjenna att Emma når Duun skildrar Ragnhilds oppvekst i Medmenneske.
Ragnhild hjartebarnet til Duun gjennomlever Emmas barndom, seier Fløttum. Han meiner at det ligg opp i dagen kven som har vore modellar for både Didrik og Håkon i den same boka, men han vil ikkje røpa noko om det. Men på Jøa kjende folk seg att, og det førte til at dei kasta bøkene på bålet.
Det vert sagt at på Jøa har folk alltid skrive bokmål. Utover på 1900-talet kom nynorsken til Trøndelag, men til Jøa kom han aldri. Det var på grunn av Olav Duun, vert det sagt. Motstanden mot Duun var stor på Jøa, og eg kan godt tenkja meg at det var slik, seier Fløttum.
Ikkje berre Jøa
Olav Duun forlet Trøndelag i 1908, og etter den tid vitja han berre heimstaden tre gonger.
Den første heimreisa gjorde han ti år seinare, etter at han hadde gjeve ut den første boka om Juvikfolket. Det verka som han hadde trong for å friska opp at både miljøet og naturen. Ryktet seier at han ikkje budde heime på denne turen. I 1926 døydde mora. Duun var i gravferda, men han deltok ikkje i minnesamværet i bedehuset. Så gjekk det ti år før han på nytt kom tilbake til Jøa; i gravferda etter faren. Det var siste gongen han vitja heimbygda, og det var eit kort besøk. Sjølv om Dunn ikkje var ein hyppig gjest på Jøa, var han glad i landskapet og miljøet, og han brukte det som kulisser i romanane.
Men ikkje alltid. I Straumen og evja frå 1926, er det eit nytt miljø. Det er landskapet som ein ser frå huset hans på Ramberg i Holmestrand. Den neste romanen Carolus Magnus er plassert i det same miljøet. I den siste boka hans, Menneske og maktene, har han plassert ein historisk person frå Hillestad i Vestfold, Erik Bergan, ute i Øyværet på Trøndelagskysten. Bergan var eigentleg bonde og finansmann, men i romanen er han fiskeskippar.
Endeleg oppgjer
Sivert Fløttum meiner at Menneske og maktene, som kom i 1938, var ei bok Duun kunne skriva først etter at foreldra hadde gått bort. I romanen spelar dei ei sentral rolle.
I boka skildrar Duun ei menneskegruppe i eit øysamfunn. Somme overlever, medan andre går til grunne i den store katastrofen. Dei fornuftige og Helmer som er Duun bergar seg, medan bedehusfolket går under. Det kosta mykje å skriva denne boka, og Duun ymta om at ho kanskje burde ha vore uskriven.
Somme har meint at i Menneske og maktene førespegla Olav Duun utbrotet av Den andre verdskrigen, men Fløttum er ikkje så sikker på det. Han meiner at Duun hadde nok med sitt.
Han hadde bedehusfolket med i dei fleste romanane, og han framstilte dei ofte som usympatiske. Men han tok ikkje noko oppgjer med dei, før i den siste boka. Då går han i seg sjølv. Når uveret er over, står Helmer og ser utover Øyværet.
I skjære skamma vart han ståande og sjå ned. Han syntest at han hadde levd i lag med dem i årevis, desse rare menneskeskapningane. Når hadde han snakka med dem? Når hadde han vore noko for dem? Vore med dem i livet deres? Alle dei gangane han kunne ha gjort det. Slik låg livet hans all vegen attover. Han hadde berre gått og gått, vore Helmer og ikkje noko anna. Ein tomhendt mann. Ein ørkentråvar, snakka dei om ei tid her.
Duun hadde ingen kontakt med bygdefolket på Jøa?
Nei, heller ikkje Holmestrand hadde han særleg omgang med bygdefolket. Han levde ganske isolert. Det vert fortald at ein gong bles det ned eit tre i hagen hans, og det kom til å sperra inngangen til huset hans. Det var han glad for.
Læraren
Olav Duun var ferdig med lærarskulen i Levanger i 1904. Han vart lærar på Inderøy i eitt år, i Singsås i tre år, før han byrja i Holmestrand, der han var lærar frå 1908 til 1927.
Elevar har omtalt Duun som ein dyktig og populær lærar, men forfattaren Nini Roll Anker fortel i dagboka si om årsaka til at Duun slutta som lærar. Han hadde permisjon frå skulen i eitt år for å hjelpa til med omsetjinga av romanane til tysk. Ved skulen vart det tilsett vikar, og ungane tykte om den nye læraren. Då Duun skulle koma tilbake, vart det sett i gang underskriftsaksjon for å få vikaren til å halda fram. Det vart eit frykteleg slag for Duun då han fekk sjå underskriftslista. Han kjende seg avvist av samfunnet og sa opp lærarjobben.
Skral økonomi
Olav Duun søkte invalidepensjon, men fekk diktarløn og trekte pensjonssøknaden. I biografien legg Fløttum stor vekt på den skrale økonomien til Duun. Stadig mottok forleggjaren Olaf Norli brev med bøner om forskot. Etter kvart gjekk dei over til å verta spørsmål om lån, og gjelda til Norli kom opp i ei årsløn for ein lærar.
Duun hadde full lærarløn, og ein kan sjølvsagt lura på kva pengane gjekk til. Det veit ein ikkje noko sikkert om, men Duun hadde store problem med helsa. Han hadde store smerte i både hovud og kropp, og kanskje brukte han mykje pengar på medisin og alkohol. I eit brev skriv han at han døyvde pina i pjolter.
I 1936 fekk Duun den tyske Henrik Steffens-prisen. Det var mykje pengar, over 16.000 kroner, men halvparten måtte brukast i Tyskland. Det var skepsis til prisen her i landet. Prisvinnaren kunne lett takast til inntekt for naziregimet, men Duun hadde ikkje noko val. Privatøkonomien tvinga han til å takka ja. På den tida hadde gjelda kome opp i 9000 kroner, og med prisen kunne han nesten dekka henne.
Olav Duun vart ikkje møtt med offentleg kritikk for å ha motteke prisen, men under overflata ulma det. Fløttum kjenner seg sikker på at det kosta Duun så mykje å ta mot prisen at det gjekk på helsa laus.
Ingen politikar
For nokre år sidan var det fleire innlegg i ein debatt om Olav Duuns haldning til nasjonalsosialismen. Sivert Fløttum meiner at det ikkje er nokon grunn til å mistenkjeleggjera Olav Duun for haldningane til det tyske regimet.
Han var ingen stor politikar, og i kompliserte internasjonale spørsmål hamna han i veit-ikkje-gruppa saman med mange andre tvilarar. Ein nazisympatisør ville neppe omgje seg med jødar og venstreradikalarar, meiner Sivert Fløttum.
|