Dag og Tid nr. 27, laurdag 5. juli 2003
Roald Helgheim:
Korleis har vi det?
Dette var tittelen på eit essay den danske forfattaren Klaus Rifbjerg skreiv ein gong i det førre hundreåret, kan hende på åttitalet. For 500 kroner fekk vi trykkje artikkelen i mi gamle avis, og utan at eg hugsar eit et einaste ord, veit eg at det tok ein absurd verdstilstand på kornet. Det er noko vi andre berre kan streve etter, men trøytt av innvandringsdebatten kjem eg over ein artikkel ein annan dansk artikkel har skrive, under den beslekta tittelen «Hvordan synes du selv det går?», omsett til norsk i Morgenbladet. Forfattaren heiter Carsten Jensen, og spørsmålet er retta til dei intellektuelle som støtta Irak-krigen. Her skal eg ikkje blande meg inn i ein liknande debatt på våre sider, men artikkelen opnar med at «så fikk danske soldater skutt sin første iraker». Når ein norsk soldat får den ære, er uvisst, men Jensen meiner dei fleste danskar er glade for at landet
har blitt ein krigførande nasjon og tel med i den store samanhengen. Av røynsle veit vi at når norske soldatar blir sende på ei slagmark, forsikrar statsministeren at dei på ingen måte er i krig.
Jensen er ikkje så mykje opptatt av kven som «fekk rett» om Irak-krigen, men i motsetning til dei som var på ja til krig-sida av debatten er han bekymra for situasjonen. Han held med Chou Enlai, som då han vart spurt om betydninga av den franske revolusjonen, sa at det er det for tidleg å uttale seg om. Sjølv var Jensen av den oppfatning at når krigen først var eit faktum, måtte vi vone på ein snøgg amerikansk siger og ei snøgg gjenoppbygging av det krigsherja og despotistyrde landet. Ei stund gledde krigstilhengarane seg over at dommedagsprofetiane før krigen var overdrivne, men dei unngjekk alltid kardinalspørsmålet: Kva vart att av grunnlaget for invasjonen? I dag framstår spelet om dei kjemiske våpna
som ein farse, mens ein og annan seier at spørsmålet er det for tidleg å uttale seg om.
Sjølv krigsavisa VG har byrja å skrive om det politiske kaoset som herskar, og i etterpåklokskapens kranke lys kan vi vel seie at det var ikkje anna å vente. Kven hadde venta seg berre raske løysingar? Også Afghanistan er eit meir eller mindre permanent krigsområde, late i stikken av dei som dreiv taliban på flukt. Spørsmålet er: Kor lenge skal vi gnåle om spørsmålet? Det hender jo ikkje noko av den grunn. Men Carsten Jensen gir seg ikkje. Han spør namngitte kjende korleis dei kjende det den dagen det vart avslørt at utanriksminister Powell aldri trudde på dei prova han la fram i FN, eller når viseforsvarsminister Wolfowitz sa til Vanity Fair at det med masseøydeleggingsvåpna var ei «byråkratisk løysing» når det gjaldt å skaffe dei beste argumenta. «Følte dere at dere var ført bak lyset? Misbrukt, redusert til marionetter i det store
krigsspilet?» spør han. Og: Er de bekymra for den rådande utviklinga, for at USA vil redusere nærværet av soldatar frå 100.000 til 30.000 i eit land der 25 millionar blir utleverte til kaos? Er dei like bekymra som sine amerikanske meiningsfellar? Spørsmålet er, korleis har de det? Var støtta til krigen i Irak berre ei oppvisning i ansvarslause handsopprekkingar?
I vår del av verda har det rådd ein politisk konsensus om at når nokon skal angre seg for gamle synder, er ho på «venstresida». Om «høgresida» kjem inn i bildet, er det i sin mest ekstreme variant, når stalinistiske syndarar kan samanliknast med nazistiske. Mellomting finst ikkje, og det finst inga kollektiv «høgreside» i norsk politikk som har noko å angre. Verst er det at folk på «venstresida» sjølv har blitt fange av retorikken, når dei meiner denne sida (gjerne med tillegg for «kvinnerørsla»), må leggje seg flat for ein eller annan kritikk, in casu når det gjeld norsk innvandringspolitikk. Det hender nokon står fram og piskar seg og seier «ja, eg legg meg flat», men spørsmålet mitt er stadig: Kva har dei tenkte å gjere med det, utover å leggje seg flate? Kva meir har «venstresida» å svare for som ikkje andre i
det politiske landskapet har? Om Carl I. Hagen kan ein seie at han er ein mann med konsekvens, men er det nokon som spør han om skilnaden på drap utført av ein innfødd kvit mann, og drap utført av andre? Er rullestolmordet i Bergen av ein annan karakter enn drapet i Haugesund? Forskar ved politihøgskulen, Ståle Frogner, stiller i boka Gode formål gale følger spørsmålet om innvandrarkriminalitet finst. Han svarar ikkje på spørsmålet, men gjer eit nitid arbeid for å finne kva statistikkar ikkje-vestlege innvandrarar er overrepresenterte i. Men må ikkje innvandrarkriminalitet definerast som ein type brotsverk berre innvandrarar kan utføre? Eller blir han då meiningslaus som forskingsobjekt, ubrukeleg i den debatten der folk bombarderer kvarandre med kriminaltal?
Det verste er media som i jakta på ei sak, køyrer ein politisk repetisjon på noko Huuse har sagt før. Avisa veit svaret, og etter at eit høveleg tal personar har fått rase ut, kan avisa skrive ein leiar som tar avstand frå sitt eigenbestilte utspel. Ein gallup bekreftar at «framandfrykten» har auka, oppslaget blir supplert med det faste fikenbladet, intervju med «vanlege» innvandrarar som for hundre og nte gong spør kvifor dei som gruppe berre blir halt fram for å svare for det einskildpersonar har gjort? Slik blir det berre ein ny karusell, tynt til siste mediedrope. Har «venstresida» noko å fortelje?
Mange kjenner sikkert eit ubehag. På høgresida ventar dei kanskje på kven som får rett. Det er det for tidleg å uttale seg om, seier ho, men det blir vi.
|