Dag og Tid nr. 27, laurdag 5. juli 2003
Klok på bok 621:
Okku-pasjonen
«Hei Paula. Riktig svar på Kpb 619 er Rubato av Lars Amund Vaage. Som abonnent på Dag og Tid har jeg fulgt med i Kpb ganske lenge, men greier meget sjelden oppgavene. Nå hadde jeg nettopp lest Rubato, og kjente igjen åpningsordene. Jeg er imponert over litteraturkunnskapene til de faste innsenderne, og vil takke for mange artige og kloke svar. Ingen nevnt, ingen glemt. God sommer til Paula og hele hennes omgangskrets, og takk for en interessant spalte», skriv han Oskar Jahnsen i Oslo, og vinn på det. Gratulerer!
«Kjære Paula. Nei, no må eg berre setja meg ned å svara deg som eg har tenkt på så mange gonger (i alle fall nokre). Boka er Rubato, forfattar Lars Amund Vaage. Eg held på å lesa den no og sundag 15. juni var eg på Baroniet og høyrde eit fantastisk foredrag med forfattaren, så kanskje det ikkje gjeld når ein får det så rett i fanget? Takk for ei flott spalta!» Det er ho Olaug Kråkevik i Jondal som skriv slik på eit kort med motiv frå Baroniet i Rosendal. Nei, Olaug, det er ingen som kjem for lett til det: Alle måtar å finne svaret på er like gode.
«Kjære Paula, denne gangen blir det kvalifisert gjetning: Antar at svaret på Kpb 619 er Rubato av Lars Amund Vaage. Jeg har lest den, og burde jo vite det sikkert, men... sporene peker entydig nok i den retningen, Bach, Bedford og pino, debut i 1979 og boka kom ut i 1995. Pluss at det er en forfatter som forfattere liker Rubato fikk Kritikerprisen (forteller leksikonet meg, mener å huske at den ble nominert til Nordisk Råds litteraturpris også), om ikke Paula heller sikter til da Jan Kjærstad gikk ut og mente at Vaages bok om Wilhelm Reich (Den framande byen) ble ufortjent oversett det året den kom ut. Jeg har ikke veldig god kontakt med den litterære andedammen, men det er vel ikke ofte at en forfatter på denne måten driver opplysningsarbeid for en nålevende kollega? Det skaffet i hvert fall Kjærstad en liten stjerne her i heimen...», skriv ho Merete
Hoel i Loddefjord.
«Lars Amund Vaage skriv nynorsk slik eg synes det skal gjeras! Bestefaren, Ragnvald Vaage, gjorde òg inntrykk. Den gode sumaren var ei av dei aller beste bøkene mor las for oss borna. Vaage-namnet har difor ein god klang for meg», skriv ho Kirsti Bremer Fjær i Oslo.
«Hei Paula! ...så merkelig. Har du begynt å ta for deg pesumlisten for norskfaget ved Lærerhøgskolen i Bergen? De to siste ukene nå har vært direkte pensumrelaterte. Så du kan tro jeg ble overrasket da begynnelsen av Lars Amund Vaages bok Rubato ble sitert som Klok på bok nr. 619. Tre på rad! Er dette tilfeldig? Eller står du i ledetog med lærerne? Eller er dette rett og slett bare så god litteratur at alle bør få det med seg..?», undrar ho Ellen M. Mjømen i Bergen.
Ja, no har det seg slik at eg har plukka desse bøkene or mi eiga bokhylle. Spørsmåla kan då vere: Har eg studert ved Lærarhøgskulen i Bergen? Er lærarane og eg med i same bokklubb? Nei, eg trur du har rett, Ellen. Det tilfeldige er at gode bøker hamnar i mange bokhyller.
«Eg-personen i boka Stein er ein Hamlet-type, like vinglete som Shakespeares «Hamlet. Prince of Denmark». Han sluttar tvert sitt pianiststudium ved musikkonservatoriet i Bergen, endå han er svært lovande, og tek seg arbeid som lastebilsjåfør. Det er tydeleg at vinglinga hans er ein reaksjon på ein autoritær bestefar. Her er det Bedforden kjem inn, ein bil der kardangen stadig går i filler og må skiftast. Kva ein enn måtte meine om det symbolske ved lastebil og kardang, er det den spolerte kardangen som driv handlinga frametter. På tur til Bergen for å skaffe ny kardang oppsøkjer han ei veninne Astrid frå studietida ved konservatoriet. Her kjem eit motstykke til Shakespeare. Hamlet held ei lita preike om skodespelarkunst, Stein om problem ved framføring av musikk, spesielt Bachs f-mollkonsert. I gravferda til bestefaren spelar Stein kista ut or kyrkja. Rimelegvis
er dette opptakten til eit betre liv, både for Stein og Astrid, som nok er glade i kvarandre. Det vil ein i det minste tru», skriv han Stein Sæbø på Ås.
«Her var det noko kjent, ja, og med eitt føltes det heile som eit deja vu; har ikkje vi løyst kpb der Lars Amund Vaage var svaret, og kor vi fortalte om opplevinga ved å vere til stades under hans opplesing under Festspela i Bergen i 2001, oppbacka av broren, på piano, før? Eller er det berre teikn på at no treng vi sårt til ferie? Vel... Rubato er boka, og ho er steikje god! Besthels Skeisebibliotekarane i LASK.»
Tja, vi er visst fleire som treng ferie...
Klok på bok 621
Eg sitt i treet. Kjem ikkje ned. Eg blir til greina visnar eller stammen knekk av alderdom. Ryggen verker: hardt mot hardt, tre mot bein. Blodårer og årringar. Kjem til å bli ein fin sommar skal du sjå, Ida
Dette er opninga på ein debutroman som kom ut for få år sidan. Forfattaren som har gjort vestlending av seg, kjem opphavleg nordfrå. Debuten gav henne to prisar. Blix-prisen var ein av dei. Kven vil eg fram til? Send sommarlette svar til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 før fredag 11. juli.
No dreg eg ein liten tur ut i verda. Han Dale-Oskar har lovt å halde det gåande.
God sommar!
Paula på posta
|