Dag og Tid nr. 27, laurdag 5. juli 2003
Bøker:
Ein klassisk Nesser-finale
Håkan Nesser lova ein klassisk slutt, og med Fallet G set han eit lysande punktum for ein politiserie han starta for ti år sidan.
Håkan Nesser:
Fallet G
Albert Bonniers Förlag
Opninga er så klassisk at den forsofne privatdetektiven Maarten Verlangen, som blir oppsøkt av ei femme fatale-utsjåande dame som vil ha han til å spane på mannen sin, tenkjer akkurat det:
«Klassiskt, tänkte han. Det är tamejfan klassiskt. Det var inte ofte han kände sig som Philip Marlowe, åt minstone inte i nyktert tillstånd. Kanske gällde det att suga på karamellen så länge det varade.»
Etter den klassiske oppskrifta går det heller ikkje mange dagar før det hender noko dramatisk. Spaningsobjektet ringjer sjølv til politiet. Han har funne kona si død, på botnen av eit tomt symjebasseng. Det verkar som ho har stupt i tomt basseng frå timeteren. Mord eller sjølvmord? Eitt er sikkert: Ektemannen heiter Jaan G. Hennan. Dei som ein gong kjende han kalla han berre G. Og ein av dei som aldri skulle gløyme han, var komissarie Van Veeteren. Slik starta det som skulle bli Fallet G, den eine saka som Van Veeteren trudde han skulle gå i grava med utan å løyse.
Van Veeteren
Det var ei sak verken vi eller forfattaren visste om då Håkan Nesser med Det grovmaskiga nätet opna politiserien. Ho dukka opp eit stykke ute i syklusen om politikammeret i den imaginære byen Maardam i eit fiktivt land i Europa, som eit traume for sjefen. Den flegmatiske, filosofisk anlagde etterforskaren av typen Maigret eller Morse, han med sans for god mat, god drikke, eit parti sjakk og Penderecki i platespelaren, i tillegg til sitt viktigaste våpen i faget, intuisjon. Alt dette har til no vore glimrande portrettert av Sven Wollter i tre filmatiseringar av serien. Ein stad på vegen har Håkan Nesser forstått at verken han eller Van Veeteren kunne gå i grava utan å ha løyst saka. Det fordrar eit litterært grep der vi flyttar oss i tid.
Eg veit om krimforfattarar som har lukkast så måteleg å måtte skrive seg fram eller attende i historia. Nesser deler romanen i to. Han byrjar i 1987, då først detektiven og så politiet får G-saka i hende. Saka går i stå og vi hoppar til 1992, då noko hender som har alle G-kjenneteikna i seg. At vi veit kva utgangen av 1987 i prinsippet må bli, gjer ikkje bolken mindre spennande. For kva var det ho stranda på? Kvifor greidde dei ikkje å felle G, mannen Van Veeteren visste var skuldig, ja som visste at Van Veeteren visste?
15 år etter
Lenger kan vi ikkje gå, anna enn å fortelje at spørsmålet har påført vår mann vakenetter sidan, også etter at han slutta i politiet og starta bokantikvariat. Ho har vore eit ekstra traume sidan han opplevde G som den personifiserte vondskapen sidan han i skuledagane mobba ein elev så han til slutt tok sitt eige liv.
Alt dette veltar opp på ny, når det ein vårdag i 2002 dukkar opp ei sak med 15 år gamle spor. Det vi kan røpe, er at det er ei kvinne som dukkar opp også denne gongen, no i antikvariatet til vår mann. Vi er i gang. Saka fører oss dessutan til åstaden for nokre bestialske mord i bok nummer to, Borkmanns punkt. Slik er det med politiseriar, det er alltid ein ekstra bonus for dei som har følgt med heile vegen.
Utan dødpunkt
Nesser har gått sitt løp i vekslande tempo, med vekslande temperatur. Med Fallet G set han krona på verket med ein spenningsroman utan dødpunkt, spennande til siste blad. Å operere i eit imaginært, men for trufaste lesarar «kjent» terreng, har forfattaren hatt som ein styrke. Med språkleg meisterskap har han reindyrka det eksistensielle dramaet som eit mord er, den ultimate handlinga der spørsmålet om kvifor er like viktig som kvar og kven. Denne gongen meiner helten å vite både kven og kvifor. Det gjer ikkje boka eit hår mindre spennande. Fallet G er eit strålande punktum for ein eksistensiell thrillerserie i øvste klasse.
Roald Helgheim
|