Dag og Tid nr. 27, laurdag 5. juli 2003

Bøker:
 Draum om lys og mørke

Den nye boka til Terje Emberland er uomgjengeleg for alle som ynskjer å sette seg inn i tankeverda til dei radikale heidenske nasjonalsosialistane. Forfattaren tek den vrange idealismen på alvor, og finn langt på veg system i galskapen.


Terje Emberland:
Religion og rase
Nyhedenskap og nazisme i Noreg 1933-1945
Humanist forlag


Foreldra våre voks opp under krigen, og fortalde ofte frå den tida då vi var små. Sjølv hugsar eg godt filmbileta av ein haug avmagra lik i ein konsentrasjonsleir. Eg hadde slått på fjernsynet for å sjå om det var noko morosamt der, og så kom dette forferdelege i staden for. Eg ante ikkje at nokon kunne gjere slikt mot andre menneske. Bileta frå konsentrasjonsleiren vitna om ein vondskap som det var smerteleg berre å få eit glimt av. Det var uhyggeleg å tenkje på at det fanst slike mørke rom og menneske i verda.

Forskrudde idear

Om det ikkje hadde vore for det forferdelege som er uløyseleg knytt til alt som har med den tida og dei rørslene Terje Emberland skriv om, skulle eg ha sagt at dette heller var stoff for ei komisk historie enn ei tragisk. Boka hans er full av merkelege typar som kjempa for dei mest forskrudde idear ein kan tenkje seg. Dei patetiske positurane på portrett-bileta skal framheve «ariske» andletstrekk, men er mest til å le av når ein veit kva irrasjonelle, sjåvinistiske tankar dei dekkjer over. Arkitekten Ernst A. Schirmer hevda i fullt alvor at Keops-pyramiden er «en rendyrket nordisk varde,» og utvikla ein heimesnikra kosmologi som minner mest om ein primitiv, rasistisk versjon av Ringenes herre. Her er sanneleg opplegg til ein komedie, men låtten sit fast i halsen når ein les at den same Schirmer var ytterleggåande antisemitt og ein av dei i miljøet som forsvarte Krystallnatta.

Desse forpostfektingane får melde om at stoffet vanskeleg å formidle utan å falle i ei myr av stridande kjensler. Tankeverda til nyheidningane i mellomkrigstida er ikkje så isolert som ein kunne tru. Her finst parallellar både til Tolkien og til dei gamle gnostikarane. Nyheidningane snakka om kampen mellom det gode og det vonde, og hadde førestellingar om ein opphavleg guddom sett til sides av jødanes Jahve som kunne ha vore henta frå klassiske gnostiske tekstar. Rasismen i den nazistiske ideologien er den djupe og ubotelege skilnaden.

System i galskapen

Boka er uomgjengeleg for alle som ynskjer å sette seg inn i tankeverda til dei radikale heidenske nasjonalsosialistane. Terje Emberland tek den vrange idealismen deira på alvor, og finn langt på veg eit system i galskapen. Det er ikkje til å unngå at han vekkjer motstand frå dei som helst vil legge minna om dette bak seg. Utan å gå langt inn på dei einskilde sakene, vil eg seie at forfattaren har valt ei korrekt line. Det er opplysande å lese at den liberale teologen (og Grini-fangen) Kristian Schjelderup ikkje var fri for å sverme med dei dunkle, irrasjonelle kreftene i den nyheidenske vekkinga. Det var for visst ein flyktig episode i den åndelege utviklinga til den seinare Hamar-bispen, og må ikkje hefte urimeleg ved ettermælet hans. Men kapitlet om Schjelderup forsvarer plassen i boka som eit teoretisk orienteringspunkt – og minner om at også dei verkelege nyheidningane kom frå ein forståeleg vitskapleg og åndeleg tradisjon.



Komiske element

Eg har allereie nemnt at det finst komiske element i stoffet som gjer at lesaren av og til sit i skrekkblanda fryd over innsiktene forfattaren byr på. Det er likevel viktigare at boka avdekkjer det indre livet til dei nyheidenske nasjonalsosialistane. Nyheidningane såg på seg sjølv som idealistar og gode menneske. Forfattaren har funne eit vell av kjelder, og nyttar dei førebiletleg i boka. Religion og rase er eit vektig bidrag til granskinga av sjølvbiletet til dei som fann ei positiv meining i nyheidenskapen og nazismen. Terje Emberland har med denne boka kome langt på veg mot ei innsikt i vondskapen desse ideologiane bar i seg.

Odd Magnus Grimeland

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |