Dag og Tid nr. 26, laurdag 28. juni 2003
Bøker:
Lyrikk på roteloftet
Nye innføringsbøker i litteraturlesing for leg og lærd har vore etterlengta.
Erik Bjerck Hagen:
Hva er litteraturvitenskap?
Universitetsforlaget
Christian Janss og Christian Refsum:
Lyrikkens liv. Innføring i diktanalyse
Universitetsforlaget
Litteraturen har ein spesiell posisjon i høve til andre forskingsfelt, fordi det er ei brei interesse utanfor universiteta og høgskulane for litteratur og litteraturforståing. Folk les bøker og meiner noko om dei. Det såg ein tydeleg av debatten om Olav H. Hauge som gjekk i Dag og Tid for nokre månader sidan. Og derfor er det både gledeleg og viktig at det nå ligg føre nye introduksjonsbøker til lyrikkanalysen som sjanger og litteraturvitskapen som forskingsfelt. Dei norske bøkene ein har hatt tilgjengelege til nå, har starta på eit for avansert nivå til å passa for grunnfagsstudentar og andre litteraturinteresserte.
Opne
Det første ein blir slått av, er kor opne desse bøkene er. Begge nyttar god plass til å forklara ulike måtar å nærma seg litteraturen på, og dei insisterer på at valet av utgangspunkt er opp til den einskilde. Dette er nok ein refleks av den såkalla postmoderne tilstanden, at ein ikkje lenger kan operera med normative instruksar for korleis ein «skal» oppfatta og analysera litteraturen. Denne audmjuke haldninga kjem òg til uttrykk i viljen til å vera pedagogisk, til å forklara snarare enn å postulera. Og apropos pedagogisk, så inneheld Lyrikkens liv til og med ei smørbrødliste over kva spørsmål ein kan ha i tankane når ein skal analysera dikt. På plusskontoen til Janss og Refsum må det òg reknast at dei hentar døme frå den nyare litteraturen, som Tor Ulven og Øyvind Berg, og at dei ikkje avgrensar seg til sjølvhøgtideleg
sentrallyrikk. Bjerck Hagens forse ligg i eit suverent oversyn over fagfeltet, og i evna til å gjera synleg kva vegar han fører resonnementet sitt, slik at ein ikkje på noko tidspunkt sit og lurer på kva forfattaren er ute etter å gjera synleg for oss.
Det andre ein blir slått av, er at forfattarane av og til må knipa saman tennene for å halda inne med kva dei eigentleg meiner om einskilde av framgangsmåtane. Særleg gjeld dette for Bjerck Hagen. Han er ærleg nok til å vedkjenna seg sympatiane sine i føreordet. Og ein merkjer seg etter kvart at han nok helst ser at litteraturen blir lesen a) som ein heilskap, der ein får så mange som mogleg av elementa i teksten til å gå opp i analysen, og b) som tematisering av kunsten som kunst, og ikkje som ytring om den sosiale røyndomen. Dette siste kjem særleg til uttrykk gjennom det tafatte som pregar dei analysedøma der han skal henta inn røyndomen i teksten. Dessutan får ein etter kvart ei klar forståing av at analysane ikkje skal ha for sterke hypotesar.
Men desse innvendingane kan lett vendast til fordel for bøkene. Gjennom dette spriket får bøkene presentert det teoretiske og metodiske mangfaldet, samstundes som dei gjennom sine eigne prioriteringar gjer synleg kva det er som er rekna for vanleg og god tone innanfor norsk litteraturforsking. For det er typiske, vanlege prioriteringar dei gjer. Same kva ein seier om teoretisk mangfald og frie val av metode, så skal det helst vera heilskaplege analysar, med svake hypotesar og fokus på metaperspektivet.
Kjepphestar
Personleg har eg to innvendingar, ei til kvar bok.
For det første er eg heilt samd med Janss og Refsum i at det kan vera «vanskelig å vite når det ene diktet slutter og det neste begynner, eventuelt om hele diktsamlingen skal leses som en sammenhengende helhet». Men korfor i holingen har dei ikkje eit eige kapittel om å lesa diktsamlingar som heilskapar då?
For det andre har eg problem med opningsdømet hos Bjerck Hagen:
kriveligheten
sier du, kriveligheten
er mye kriveligere
enn virkeligheten, syns
du ikke? Jo, det er vel
så, svarer jeg, men
virkeligheten
er nå virkeligere
da. Du sier: Hva
hjelper det
mot kriveligheten, så
krivelig som den er!
(Jan Erik Vold, 1969)
Eg meiner Bjerck Hagen er på bærtur når han ikkje oppfattar at «kriveligheten» er ord for den litteraturen og litteraturinteressa som vil gjera krivinga/skrivinga krivelig/trivelig, i staden for å setta henne i samband med den ukrivelege røyndomen. Det er nemleg meir enn nærliggjande å oppfatta «jeg» i diktet som ein som ønskjer at litteraturen skal gå i dialog med den sosiale røyndomen, slik Vold og dei andre Profil-forfattarane på 60-talet ville. Bjerck Hagen oppfattar ikkje at «kriveligheten» er den «litterariteten» som dei fleste litteraturforskarar i Noreg interesserer seg for, og som tar ifrå litteraturen moglegheita til å seia noko om verda som ho er.
Og då kan ein spørja seg om Bjerck Hagen ikkje både gjer eit praktfullt sjølvmål alt i det første speleminuttet, og samstundes gjer synleg at han er alt anna enn open i sin måte å nærma seg litteraturen på.
Framifrå
Men dette er altså innvendingar som mest har med mine eigne kjepphestar å gjera. Som sagt er begrensingane til desse bøkene identiske med begrensingane i det feltet dei presenterer.
Som presentasjonar av det som er god takt og tone er det ingenting å utsetta på dei. Eg meiner beint fram at desse bøkene er framifrå, og eg trur dei vil fungera ypparleg både som lærebøker, som etterutdaningsbøker og for den ålment interesserte.
Hadle Oftedal Andersen
|