Dag og Tid nr. 25, laurdag 21. juni 2003
USA-AMBASSADEN:
Først Blitz, og så dette...
Vi vil vekk herifrå så snart som mogleg, forsikra Pamela Pearson. Viseambassadøren på Den amerikanske ambassaden møtte Byutviklingskomiteen i Oslo på synfaring. Som takk fekk ambassaden på rekordtid gjennom ein ny festningsplan for Drammensveien 18, som skyt flyttinga ut i det blå.
Roald Helgheim
roald@dagogtid.no
Onsdag gjorde bystyret som USA ville, mot stemmene til SV og RV. Ambassaden får eit nesten tre meter høgt stålgjerde rundt seg. Med ei tryggingssone på rundt 15 meter mellom huset og gjerdet vil det drastisk innsnevre trafikken i alle gater rundt. Om det skal minske terrorfaren for ambassaden, aukar det snarare faren for sivile tap for dei som bur rundt. Det sa dei protesterande naboane høglydt på synfaringa tysdag. Der var også Dag og Tid.
Det startar på amerikansk. I god tid før klokka ni om morgonen troppar vi opp framfor dei stygge betongblokkene og det endå styggare gjerdet som har skjemt ut strøket sidan 12. september. Der kjem Erling Folkvord, RVs mann i Byutviklingskomiteen. Mens vi ventar vil eg ta eit bilde at han framfor huset vi begge har demonstrert mot mange gonger. Hi there, ropar ein av vaktene. No pictures! Men vi står då på norsk jord! Vakta kjem bort til gjerdet og spør kven vi er. Eg er journalist som skal dekkje synfaringa til «the city council». Vakta seier han ikkje kan hindre oss i ta bilde, men... Det same seier det norske politiet. Dei berre oppmodar oss til ikkje å gjere det.
Terrorfaren
Som ein av berre fire i heile verda vart USA-ambassaden, som vart bygd i Drammensveien 18 i 1959, stengd i to dagar etter 11. september 2001. Sidan har han vore omgitt av politisperringar og provisoriske gjerde, og ser ut som ein permanent byggjeplass. I all sin stålsvarte velde skal huset i triangelet Drammensveien, Løkkeveien og Hansteens gate som terrormål vere eitt av dei mest utsette i verda. Sentralt plassert som han er, med Slottsparken langs den eine sida i trekanten, bustadblokker og verksemder av alle slag tett innpå langs dei to andre, i det elles tettbygde stroket mot sør. Difor vil ambassaden ut av sentrum så snart råd er, forsikrar den svensktalande Pearson.
Vi får snart ikkje pengar av US State Department til å vere her lenger. Det har gått to år sidan vi fekk løyvingar utan at noko har hendt. Vi er alt på etterskot.
Det er det første kuriøse poenget i saka. Det hastar å få vedteke dei nye tryggingsplanane USA sende inn til plan- og bygningsetaten for meir enn eit år sidan fordi: Politikarane har fått beskjed om at US State Departments budsjettpost for ambassaden i Oslo blir borte frå det amerikanske budsjettet i løpet av sommaren, dersom det ikkje blir gjort vedtak i saka no. Det har ordførar Per Ditlev-Simonsen formidla vidare frå ambassaden til byutviklingskomiteen. Ei løyving som er ei indre amerikansk sak, framskundar ein norsk prosess, men ingen meiner seg pressa i saka.
Ei utsetjing vil føre til endå meir byråkrati, og alt er betre enn dei stygge og fæle sperringane vi har no, seier nestleiar i komiteen John Tore Norberg (H).
SVs Knut Even Lindsjørn ser motsett på det.
Det er sjølvsagt lettare å få fart i prosessen «ambassaden ut av sentrum» med det provisoriet som er no. Får USA gjennomslag for dei omfattande planane, blir dei verande på ubestemt tid.
Hasterekord
I verste fall kan det gå ti år, vedgår Pamela Pearson.
Alarmen frå kassa i US State Department, som brått gjorde ei over eitt år gammal sak til ei akutt hastesak på tampen av vårsesjonen i Oslo Bystyre, forklarar også den nye fartsrekorden i å banke henne gjennom. I byrjinga ville USA få handsama saka som ein vanleg byggjesøknad. På grunn av følgjene for nabolaget vart det ei reguleringssak, og slike skal ut til høyring. Når kravet om handsaming før ferien melde seg frå His Masters Voice, var gode råd dyre, for Byrådet.
Byrådet gjorde vedtak 3. juni. Saka vart fremma 5. juni. Torsdag 12. juni var det møte i Byutviklingskomiteen, der leiaren ville ha vedtak med det same. I staden vart det vedteke synfaring sist tysdag, nytt komitemøte same dag og bystyrevedtak onsdag, seier SVs mann.
«Synfaringa» var deretter. Byutviklingskomiteen vart tromma saman utanfor ambassaden tysdag morgon, flytta seg ned på eit fortau i sidegata Hansteens gate, saman med representantar for dei involverte etatar og nabolaget. I støyen frå gata kunne ein med øyro på stilk høyre dei frammøtte repetere standpunkt som var kjende frå før. Samferdselsetatens mann var for USA-planen, det same var Plan- og bygningsetaten og trafikketaten, medan Byantikvaren, som også representerer Riksantikvaren, hadde ei sjølvstendig haldning til saka. Han ville ha ein konkret og ufråvikelege tidsfrist for flytting, og garanti for tilbakeføring til tilstandane før 11.09.
Turen kom til bustadsameiga i Løkkeveien, som frå første stund har avvist det dei kallar festningsplanane i Drammensveien. I Hansteens gate ligg Wang Handelsskole, der rektor Ingar Lae er bror til byrådsleiaren.
Det beste de kan gjere for tryggleiken dykkar og for byen er å flytte, sa rektoren, som vert hindra all normal ferdsel og transport til og frå skulen. Dei innsnevra gatene medfører at all stogg i Løkkeveien og Hansteens gate blir forbode, parkeringsplassane blir borte, mens ambassaden får fleire parkeringsplassar innanfor gjerdet.
Mot, men for
Ingen likar det, men vi stemmer for, seier Frps komitemedlem Grete Lunde før synfaringa.
Vi har ikkje noko val, dette er kvasiforforhandlingar, seier representanten for Bygdøy og Frogner Bydelsutval.
Først Blitz og så dette, få tak i Stein Lillevolden, blir det sagt. Så kjem politiet.
Vanlegvis set USA 30 meter som minimums tryggingssone. Her har de fått halvert det USA set som krav, seier politiets mann Morten Skagen, som kallar det ei permanent midlertidig løysing.
Rina Brunsell Harsvik (A) er leiar for Byutviklingskomiteen. På ein time har ho gjort unna synfaringa. Storkoalisjonen Ap, Høgre og Frp sytte for at USA fekk viljen sin. Mot røystene til RV og SV onsdag vart det amerikanske framlegget til regulering, også kalla bystyresak nr 211/03, vedteke utan tidsbestemte vilkår.
Tryggleik for «Fort America»?
Det verste er argumentet om at tryggingstiltaka også vil styrkje tryggleiken til dei som bur i strøket, seier Erling Folkvord.
Roald Helgheim
roald@dagogtid.no
Om festninga gjer det tryggare for ambassaden, vil bombeeksplosjonar utanfor gjerdet føre til større skade på naboane.
Ei anna sak er at dei omfattande byggverka ikkje gir ambassaden nokon reell trygg-leik mot terroråtak. Det finst mange våpen som ikkje blir stogga verken av betongpullertar eller eit gjerde på 2,75 meter.
Ambassadøren skreiv 3. juni i eit brev til byråd Ann Kathrine S. Tornås at «we are looking for green field sites only». Dette bør ein kunne løyse utan å setje sivilbefolkninga eller viktige turområde i fare. Som vertsby må Oslo krevje at USA flytter til område der faren for personskade er minst mogleg. Folkvord meiner sjølv at eit aktuelt område er Grønmo, den gamle søppelfyllingsplassen som alt er teken i bruk til andre formål, men som har ledige område. Det hyppigast nemnde alternativet har vore den snart ledige Huseby-leiren på Hovseter. Ein talsmann for Skifte eiendom, som er underlagd Forsvarsdepartementet, sa til Aftenposten 30. mai at dei har hatt ein dialog med USA om Huseby-leiren i eitt år utan resultat. Eit anna aktuelt område er Lindeberg leir på Oslo austkant. Husebyleiren står tom frå 1. april neste år, men Skifte Eiendom seier til
Aftenposten at USA har takka nei til Huseby, som nyleg vart annonsert «ledig» på ei messe i København.
Fabian Stang (H) i Byutviklingskomiteen meiner Sjømansskulen, som for tida blir brukt av Handelshøgskolen BI, er ein høveleg stad. Det er Røkke-selskapet Avantor som eig den karakteristiske bygningen som ligg som ei festning i Ekebergåsen mot fjorden. «I denne festningslignende bygningen kan USA frå sitt Fort America», seier Stang til Aftenposten.
Det er eit amerikansk arkitektfirma, Davis Brody Bond, som har utarbeidd dei detaljerte planane for trygginga av Oslo-ambassaden. Dei er godkjende av Colin Powell, og USAs «Statsbygg» er byggherre. Aftenposten skriv også at det amerikanske UD for nokre veker sidan kalla inn Noregs USA-ambassadør Knut Wollebæk for å forklare han at det hasta med eit vedtak før sommaren. Klepsvik seier det ikkje er første gong Wollebæk har vore kontakta i saka. Dei har uttrykt synet sitt gjennom fleire kanalar.
Vi i UD er inne i saka, men berre som eit mellomledd, seier Klepsvik til Dag og Tid.
Når det gjeld vilkåra for ambassadar generelt, seier Wienerkonvensjonen av 1961 at dei einskilde landa sine ambassadar skal sikrast skikkelege og trygge arbeidstilhøve, legg han til.
|