Dag og Tid nr. 25, laurdag 21. juni 2003
Roald Helgheim:
Dei hatefulle
Seks tusen gifteferdige pakistanske kvinner i Norge, hva tenker du når du hører sånt? Stemma høyrer til Viggo Johansen, den mest melodramatiske programleiaren NRK har, og emnet høyrest ut som tvangsekteskap. Det viser seg å vere ekteskap mellom «norske» pakistanarar og pakistanarar frå heimlandet, som middel til auka innvandring. Eller det som verre er: Eit middel til å få flest mogleg familiemedlemmer til landet. Debatten vart slept laus i RedaksjonEN. Det var ei tvers gjennom motbydeleg førestelling, der det norske hatet mot dei ikkje-underdanige med utanlandsk bakgrunn, dei som insisterer på å ha eigne oppfatningar og ikkje dansar etter pipa til det norske innvandrar-hysteriet, viste seg i all sin styggedom.
Det kulminerte då pakistanske Nazia Mukhtra med skjelvande, men sint stemme først anklaga Hege Storhaug for å skjere alle muslimar og særleg kvinner over ein kam som hjelpelause offer, og endå meir då Nazia insisterte på at arbeidet for auka integrering, særleg for kvinnene, er ein prosess som må starte innanfrå, i dei miljøa det gjeld. Då gjekk Hege Storhaug og Frps Per Sandberg av skaftet. Og programleiaren? Rolla hans var å stille dramatiske spørsmål av typen Hva tenker du når du hører sånt?, og å dempe Storhaug og Sandberg når dei i kor prøvde å valse over Nazia Mukhtar kvar gong ho hadde ordet. Og for ein gongs skuld representerte kommunalminister Erna Solberg fornuftens stemme då ho sa at debattar av denne typen ikkje tente noko formål (Johansen: «Hva mener du med det?»).
Eg såg det ikkje på fjernsynet, eg høyrde det på fjernsyn nærast av vanvare, i reprise utan bilete i NRK Alltid Nyheter. Eg trong ikkje noko bilete for å høyre hatet og det fundamentalistiske norske besserwissen når det gjeld alt som vedkjem våre såkalla nye landsmenn. Storhaug stiller typen på spissen, Frps mann geberda seg som vanleg over den feilslåtte snille innvandringspolitikken, men dei triggerhappy tvangstenkjarane finst i alle leirar, redde som dei er for det fleirkulturelle samfunnet dei helst vil ha den snille søndagsutgåva av.
Som debattforum for slike problemstillingar framstår det tabloide fjernsynet som ein katastrofe. Frå i august i fjor minnest eg ein liknande skrekkdebatt då magasinet Standpunkt stilte spørsmålet om islam er kvinneundertrykkjande. Aktuell sak: Om små jenter skal få gå med skaut (av programleiaren konsekvent kalla slør) i skulen. Eg heia meir og meir på jentene med skaut, mot ein aggressiv, nær hatefull norsk kvit kvinneelite som med likestillingsombodet i spissen prøvde å valse over alternative stemmer som Nazneen Khan, og særleg forskaren Sissel Østberg. I boka Muslim i Norge målar ho, etter å ha levd nær pakistanske familiar i Norge over lang tid, eit heilt anna og optimistisk bilete enn dei faste dommedagsprofetane av integrasjonsprosessen i Norge. Slikt vil fundamentalistane ikkje høyre på, og ho hadde ikkje ein sjanse i eit program der formålet er høg temperatur, og alt anna enn sakleg kunnskap.
I Johansens program var det Hege Storhaug, som representant for Human Rights Service (HRS), som rapporterte om det ho meinte var den største politiske skandalen i vår tid. Ei ny bok heiter Feminin integrering ufordringer i et fleretnisk samfunn. I fjor gifta 331 pakistansk-norske kvinner seg, 250 av dei med menn frå sitt eige land. (Kven gifter nordmenn flest seg med?). Vi fekk ein skrekkreportasje om ein familie som med systematisk inngifte over tiår no hadde samla 64 slektningar i Norge. Rapporten handlar også om norske menn som hentar seg ektefeller, og HRS vil ha tiltak mot både tvangsekteskap, proforma-ekteskap mellom slektningar og mot «serieimport av kvinner blant norske menn». Det siste kom som ein prøveballong nokre dagar før boka, eit av utsjånad aktverdig tiltak, men som også råkar blindt. Med tvangsekteskap som utgangspunkt, grip alle framlegga inn i retten til å gifte seg med den ein
vil, når ein vil, av eigen eller annan nasjonalitet.
Same dag som boka vart lansert la avdelinga for innvandrarstatistikk i Statistisk Sentralbyrå fram tal som viser eit anna bilete, og i Dagsavisen skulda dei HRS for misvisande bruk av tal. Sjølv om dei som gifter seg unge, oftast hentar ektefelle i foreldrelandet, ventar sju av ti innvandrarungdommar som er fødde i Norge med å gifte seg til etter fylte 23 år.
Krangelen om tal er ikkje hovudpoenget her. Om du tykkjer den nitide talføringa av menneske som uansett har kome for å bli, minner om ei ny nasjonalhygienisk bokføring, skal eg ikkje seie deg imot. Men i radioens Sånn er livet kunne vi den same veka høyre eit intervju med den somaliske kvinneforkjemparen Makka Moallim Mohamed, som kom til Norge for fire år sidan. Statsvitaren og den tidlegare parlamentsmedlemmen har brukt heile det vaksne livet til arbeidet for kvinners rettar og mot omskjering, så også i Norge. Så kom Kadra-saka i Rikets Tilstand, og ho opplevde ei kollektiv stigmatisering av alle somaliske jenter som stakkarslege offer.
Mønsteret gjentar seg. Gong etter gong opplever dei som sjølve gjer ein innsats i miljøa sine, å bli ne
dvurderte. Yppar dei seg mot denne diskrimineringa, får dei beskjed. Frå dei hatefulle blant oss.
|