Dag og Tid nr. 25, laurdag 21. juni 2003
Musikk:
Overrumplande
California-bandet Grandaddy er ute med nytt album, og trass i nokre halvgode songar, overrumplar dei på sitt beste lyttaren.
Grandaddy
Sumday
V2
Jason Lytle, som skriv alle songar, syng og spelar på gitar og tangentar, fann saman med Kevin Garcia på bass og Aaron Burtch på trommer og tok namnet Grandaddy i 1992. Tre år seinare, etter ymse småutgjevingar, vart lydbiletet rikare, då Jim Fairchild kom med på gitar og Tim Dryden på tangentar. A Pretty Mess By This One Band kom så i 1996, utan at bandet enno heilt hadde funne sitt eige uttrykk, og vart etterfølgt av Under The Western Freeway året etter, ei plate som markerte eit gjennombrot for Grandaddy og førte til ein kontrakt med selskapet V2, som lanserte plata på ny i 1998. Lytle fann med denne plata fram til dei gode melodiane og vidareutvikla dei underfundige tekstane sine.
Meisterverk
I 2000 kom den suverene The Sophtware Slump, ei plate som kombinerer element frå country og elektronisk musikk på usannsynleg vellukka vis. Ambisiøs utan å vere pretensiøs, variert men like fullt heilskapleg, romma konseptplata sprudlande popmelodiar som sat godt saman med melankolske balladar. Produksjonen, som gjekk føre seg i eit heime-studio, var elegant heimesnikra og eigenarta. Kvervlande keyboards over akustiske instrument vart avløyste med kvitrande fuglar og vind, og over det heile passa Lytle si lyse, skjøre stemme særs godt. Det sveipande elektroniske i lydbiletet fungerte godt til tekstane som var prega av lett karikerte, dystopiske science fiction-stemningar. Lyttaren fekk helse på den forkomne androiden Jed, attåt ymse robotar og programmerarar som sleit seg gjennom det traudige livet i rennesteinen, som framleis eksisterer i det teknologiserte samfunnet, for menneske så vel som maskiner.
Raritetar og godbitar
Ei samling, Concrete Dunes, kom i fjor, med raritetar og ein og annan godbit, og no ligg altså Sumday føre, ei plate som ikkje tangerer meisterverket frå 2000, men som like fullt har mykje å by på. Grandaddy har halde seg i heimestudioet, og nektar å involvere for mykje bransjefolk i plateproduksjonsprosessen, noko som sikrar dei eit heilt eige uttrykk, langt utanfor allfarveg. Denne skepsisen til å verte fanga av industrikonvensjonaliteten er òg tema for fleire tekstar denne gongen, både i form av kosteleg satire over musikkbransjen («The Go in the Go-For-It» og «The Group Who Couldnt Say») og i erklæringar av artistisk fridom («Lost On Yer Merry Way»). Dette er sterke og naudsynte songar. Samstundes problematiserer Lytle slike fakter med å etterlyse den store inspirasjonen i «Im on Standby»: «Im wonderin if Ill ever know if Ill be
better than I was before», syng han, og rett skal vere rett: Nokre av popsongane vert litt for ordinære denne gongen, ikkje alle melodiane sit like godt som eg mistenkjer Lytle for å ønskje at dei skal gjere, songar som «El Caminos In The West» og «Yeah Is What We Had», for å nemne to, festar seg ikkje nemneverdig.
Små popsymfoniar
Best er dei samansette låtkomposisjonane over nokre minutt, nydelege, kontrastrike små popsymfoniar som nemnde «Lost On Yer Merry Way», og særskilt «Saddest Vacant Lot In All The World», «O.K. With My Decay», «The Warming Sun», og «The Final Push To The Sum». Her klaffar melodiane heilt, og arrangementa er frydefullt originale. Lytle syng om å akseptere sitt eige forfall med eit skuldertrekk, men òg om det å verte overvelda av sakn. Og slik viser han at han kan vere i stand til å skifte frå det lakoniske til det bittersøte, for så å la ein avgrunn opne seg; han er i stand til å skifte frå det distanserte til det brått nære, frå ei strofe til neste, og då overrumplar han lyttaren, og maktar å verte gripande.
Øyvind Vågnes
|