Dag og Tid nr. 25, laurdag 21. juni 2003
Leiar:
Maktarroganse
Vi har endeleg fått dei første rapportane frå fangeleiren til USA på Cuba. Det er skakande lesnad. Over 650 fangar frå fleire titals land har sete opp til 18 månader i Guantanomobasen. Vi har alle sett bileta av oransjekledde fangar med munnbind, øyreklokker, handjern og fotjern. Dei første månadene sat fangane i bur på knappe seks kvadratmeter og fekk berre koma ut av buret ein gong i veka for å dusja. Tilhøva skal visst ha endra seg til det betre no får dei to lufteturar i veka på til saman 30 minutt.
Enno er det ikkje teke ut tiltale mot nokon av fangane. Ingen har fått advokathjelp, og USA har nekta å følgja internasjonale reglar for krigsfangar. Handsaminga av fangane er provoserande og er eit ekstremt døme på maktarroganse. Det er utruleg at dette er sett i scene av eit land som er vertskap for FN.
Samstundes har USA på nytt kravt at amerikanske statsborgarar skal vera unnatekne sjansane for rettsforfølging av den internasjonale kriminaldomstolen, som starta arbeidet sitt denne veka. Såleis svekkjer USA eit viktig internasjonalt rettssystem som gjer det mogeleg å straffeforfølgja lovbrytarar både statsleiarar og vanlege borgarar uavhengig av kvar dei måtte opphalda seg.
Det er i dag meir enn nokon gong før naudsynt å trekkja skiljelinene mellom det amerikanske statsapparatet og det amerikanske samfunnet. Dei gode trekka vi knyter til USA som generøsitet, kreativitet og fridom er i dag berre representert ved det amerikanske samfunnet. Det amerikanske statsapparatet går på akkord med elementære rettstryggleikstandarar. Dette burde ikkje vera naudsynt. USA stiller med ei overlegen kraft. Likevel tek dei seg ikkje bryet med å respektera rettsreglar som strevsamt er bygde opp ikkje minst av USA sjølve.
Svein Gjerdåker
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|