Dag og Tid nr. 25, laurdag 21. juni 2003

Kultur:
Kulturjournalistikken er lukka


– Kulturjournalistikken må verte meir open og søkjande, seier Henrik G. Bastiansen.

– Ei manglande interesse for skriving og originale tankar spreier seg, hevdar Nils Rune Langeland.

Jørgen Alnæs



I Dag og Tid 7. juni hevda Jan H. Landro, kulturjournalist i Bergens Tidende, at kulturjournalistikken skal gje rom for refleksjon og skape samanheng, men at dette idealet er sterkt truga i dag. Er kulturjournalistikken på veg nedover?

Nils Rune Langeland, forskar ved Institutt for samfunnsforsking, peikar på ein tendens han meiner pregar heile kultursektoren.

– Landro er inne på noko når han snakkar om at det går mot ei oppdeling mellom skribent og journalist, og at dette er eit uttrykk for noko større. Det er management som tar over. Eit døme er Morgenbladet som tilset ein ny redaktør og gjev han ein halv million i året, men når dei skal jakte på dei beste skribentane, betaler dei berre ein tusenlapp. Denne tendensen er eigentleg ei marginalisering av kunstnarar og intellektuelle til fordel for eit slags management, seier Langeland.

Personleg interesse

– Eg trur at den gode kulturjournalisten sjølv må vere ein slags kritisk intellektuell, ein som er ute i felten, har skråblikk og er modig. Eg er litt usamd med Landro når han går ut mot eg-journalistikken. Det er berre når journalisten er person-
leg interessert at det er mogleg å oppretthalde tilstrekkeleg pågangsmot, spørjelyst og vilje til å gjere noko uventa eller snu opp-ned på ting.

– Og dette vert svekt av management-tanken i kulturlivet?

– Det ser ein tydeleg. Mange administrerer kulturen og dei som skal skape noko. Dette gjeld også den gode forlagsredaktøren, han må vere retteleg interessert i tekstar og ha erfaring, slik at han kan sjå at her er det noko morosamt og spennande. Det held ikkje med ei profesjonell distansert haldning og nokre grunnfag i litteraturvitskap. Denne tanken fører med seg ei  slags snikande manglande interesse for skriving og originale tankar. Det vert masse halv-interesserte folk som styrer. Det er eit tydeleg mishøve mellom dei som produserer og dei som redigerer.

Klisjeen om det smale

Langeland hevdar vidare at det finst klisjeaktige oppfatningar av kva som er breitt og smalt.

– Eit av dei beste programma eg har sett på NRK-fjernsynet var eit langt portrett av Georg Johannesen. Det kostar nesten ingen ting å lage eit slikt program og det er svært morosamt å sjå. Sjølv BBC World har eit hardtalk-program der dei til dømes nyleg hadde ein konfrontasjonsamtale med sjefen for Siemens i Storbritannia. Det var komplisert og tett, men det kjem mykje ut av det om til dømes globalisering, og dette er altså BBC World som er såpass strippa for alt unødvendig. Når dei gjer sånt, kvifor kan ikkje NRK gjere det?

– Så du meiner det er låste oppfatningar om kva som er aktuelt kulturstoff?

– Kva som er interessant er opplese og vedteke. Sjå til dømes på NRK, dei trur dei må verte så like TV 2 som mogleg. Men det er heilt uforståeleg at ein kanal som NRK ikkje gjer meir ut av resursane sine. Tenk kor billig det kunne vore å lage godt samtale-TV. Det kostar ingen ting, du treng berre tre personar som er taleføre og elskar å prate, ei interessant kameravinkling og ein tøffing som stiller spørsmål. NRK har sett seg sjølv under same type sjølvsensur som du finn blant politikarar og den politiske eliten i dag. Dei trur dei må vere som TV 2, og dei skammar seg for at de ikkje er kommersielle nok. Det er ei slags sjølvforakt, og det er trist. Slik sjølvsensur finn du også i avisene. Det krev sjølvsagt mykje å fylle avissidene kvar dag, men sjå på Aftenposten. Aftenposten har ei svær kulturavdeling, og dei får utruleg lite ut av det. Små kulturaviser får jo mykje meir ut av langt mindre resursar. Det må liggje noko sjølvsensurerande på redaksjonelt nivå i Aftenposten.

Forandring, ikkje forfall

Henrik G. Bastiansen, stipendiat ved institutt for medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo, hevdar at det er tvilsamt om kultursidene har vorte dårlegare, men er samd i at dei kunne ha vore langt betre.

– Det er ein fare dersom kulturjournalistikken blir lanseringssjournalistikk. Det er nok eit nyare fenomen i kulturjournalistikken. Elles er det lett å seie at no har alt vorte forflata og tabloid, men det er ein forfallstankegang som altfor mange akademikarar har. Ein må ikkje gløyme at folk er meir informert om saker no enn nokon sinne. Folk søkjer informasjon sjølve no, og gjennom andre kanalar enn avisene.

– Vil  ikkje det seie at oppgåva til kulturjournalistikken er å reflektere, meir enn å informere?

– Jau, og då kjem det inn at ein kulturjournalist må vere ein tenkjande og reflektert person som har eit kunnskapsgrunnlag i botnen, står på sida og kastar nokre skråblikk inn.

Søk det utbreidde!

– Kulturjournalistikken kan nok lett verte prega av at ein skriv til lesarar ein trur er like seg sjølv. Klassisk musikk til dømes er noko det ikkje vert skrive om, trass i eit enormt publikum, medan det vert skrive mykje om pop og rock. I mediefaget er det noko som heiter tystnadspiralen. Det går ut på at media kan fokusere på meiningar eller tendensar som dermed vert svært synlege, men dette pressar samstundes andre ting ut i skuggen slik at det verkar som om dette ikkje eksisterer. Ei utfordring for kulturjournalistikken bør vere å fange opp ting som faktisk er meir utbreidd enn det mange er klar over.

– Kulturjournalistikken bør vere meir open og søkjande og freiste å finne ting som er meir utbreidd i folket. Eit døme er at det er tre hundre tusen menneske som syng i kor i Noreg. Dei får aldri noka form for offentleg merksemd. Då filmen Heftig og begeistret kom, vart dette miljøet synleggjort og filmen vart ein stor suksess. Men det overraska ikkje meg, dette engasjementet var jo allereie til stades i folket. Sånne ting meiner eg burde vere spanande, å synleggjere utbreidde tendensar som ofte vert gløymde av den etablerte kulturjournalistikken, seier Henrik G. Bastiansen.

– Jan H. Landro hevdar at avgrensa plass hindrar lange tenksame samtaler og kulturstoff med substans. Korleis har utviklinga vore her, Henrik G. Bastiansen?

– Dagbladet har ein særskild status. På 60-talet var det ei avis i storformat med lange artiklar. Det stod berre tittel og namnet på forfattaren, ikkje nokon ingress eller noko meir. Der skrev heile kultureliten. I dag er Dagbladet ei lita avis i lite format som fyrst og fremst går tett på personar. Det er klart at rammevilkåra rundt journalistikken i dag er annleis. Tidlegare var kultursidene i avisene ein av dei få stadene der ein drøfta kultur. Då var dei viktige. No er det mange fleire arenaer som også gjer det. Om ikkje avisene klarer å møte utfordringane frå andre, står kultursidene i fare for å verte mindre interessante.

Langeland meiner problemet fyrst og fremst ligg i innhaldet.

– Dette er noko av den same problematikken. Anten vert det for langt og kjedeleg, eller for kort og uinteressant. Problemet er at kultursidene reflekterer eit hegemoni som meiner at det ikkje skjer noko interessant. Det er den same falske forståinga av at «vi har det jo så bra». Men det norske samfunnet vert erfart på ein heilt anna måte enn det som kjem til syne. Dei gamle har ei haldning som går ut på at alt er over no, dette ligg som ei klam hand over skapelysta, og det vert godteke av dei servile unge. Ein slik tanke pregar òg publikum og det kulturlivet journalistikken skal dekkje. Dette er journalistikk for eit publikum som ikkje er interessert. Det er ei underliggjande forståing om at det ikkje er verkeleg alvorlege hendingar i dette feltet, seier Nils Rune Langeland.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |