Dag og Tid nr. 25, laurdag 21. juni 2003

Klok på bok 619:
Piano

Strofe IV frå Eidth Södergrans ‘Dagens svalnar’ – er vel av hennes mest siterte. Hadde du bare tatt innledningsdiktet ‘Dagen svalnar mot kvällen – Drick värmen ur min hand’, ville kanskje ikke så mange kunnet svare! Men storartet at dere tar opp Södergran. Hun fikk skrevet uforglemmelige ting i sitt beste korte liv – delvis fra sanatoriet i Davos. Hun blev bare 31 år gammel og hadde fått tuberkulose da hun var 16. Halldis Moren Vesaas forteller at hennes første reise til Finland var en pilgrimsreise, men Edith Södergrans grav var slettet. Hvis noen er interessert, kan jeg varmt anbefale Gunnar Tideströms biografi (E.S. Aldus/Bonniers 1963), og i antologien finnes de gripende diktene ‘Smärtan’, ‘Jag längtar till landet som icke är’, og ‘Det finns ingen som har tid til världen utan Gud’. Lykke til!
», ynskjer ho Maj Voss i Oslo.

Frå Trondenes historiske senter skriv han Vidkunn Eidnes: «I mine mange år i folkehøgskolen hadde vi alltid eit ord for dagen som fin start kvar dag. I slik samanheng var eg ofte på leit etter høvelege dikt, – og i ei bokklubbok frå 1970 med dikt av Edith Södergran og Karin Boye stikk det enno nokre lappar opp på høvelege dikt! Der finn eg då òg diktet ‘Dagen svalnar’ av Edith Södergran. Denne kvinna som var fødd i St. Petersburg av svenskætta foreldre, og seinare også budde i Karelen. ‘Edith Södergrans hjärtefargar er det røda och det vita’, skriv Margit Abenius i ein biografi. Trass sjukdom og eit liv under vanskelege tilhøve – eller kanskje derfor – er mange av dikta så inderlege og nære

Ho Målfrid Nordvik på Kvammen skriv slik: «Denne gongen var eg ikkje i tvil, gjekk rett i bokhylla og tok fram ‘Visjon og virkelighet’ – leseverket som ongane hadde på ‘gymnaset’ i 70-åra. Der står dette diktet og forfattarportrett av diktaren.»

«Endelig en superlett oppgave, dette diktet hadde vi på pensum i høst! Dikt: Dagen svalnar Dikter: Edith Södergran. Avsender: Ellen M. Mjømen
», som postlagde kortet i Bergen.

Ho Gyro Knutsdotter Homme frå Valle sender eit sitat frå eit brev som Edith Södergran skreiv i 1919, fire år før ho døydde av tuberkulosen, tre år etter den fyrste diktsamlinga hennar kom, i 1916: «Jag anser att jag gjort mystiken orätt. Men jag vill icke det, som icke är, utan det som är... Jag vill ett omätligare liv, som endast mystiken kan ge, men det skall då vara det som faktisk existerar... jag går om kvällarna och ser på månen och stjärnorna och fordrar att naturen skall svara på mine tankar.»

Så til nokre gamle vener: «Kjære Paula! Takk for en oppgave som passer for damer med gjennomsnittsalder på knapt 70! Vi er enige om at sitatet i Kpb 617 er fjerde del av Edith Södergrans ‘Dagen svalnar’. Hun er VÅR dame, vi tror nok hun var en ekte Sherrysøster i sjel og sinn! Når det gjelder Konjakkameratene fra Telemark som har etterspurt oss over ei heil spalte, så er vi ikke uinteressert, men vi har et tips som du kanskje vil formidle videre, Paula? Når de jakter på oss, er ikke busstasjonen i Odda det rette utgangspunktet. Nei, prøv biblioteket! Der kjenner de oss både under dekknavn og mindre anonymt, og videre kontakt vil kunne oppnås. Bill.mrk. sherry først, konjakk etterpå. En skål for sommeren fra Sherrysøstrene i Odda

Då håper eg at Konjakkameratane framleis er med oss, og kan ta seg ein ny tur over fjella og freiste lukka.

«Ja-ja, så var det ei svært lett oppgåve denne gongen. Men takk skal du ha, Paula, for påminninga om å ta fram att ei dikting som, les eg, ‘karaktäriseras av en trotsig livskänsla och av intensiva naturupplevelser’. Den trassige livskjensla appellerer til meg
», skriv ho Kari Seland i Mandal.

«Mange tek nok denne oppgåva på stram arm, seier du, og det gjorde eg, – for ein gongs skuld. Du skriv om poeten at ho ikkje vart påakta i samtida. Da var det godt at ho var trygg på seg sjølv. Ho seier: ‘Min självsäkerhet beror på att jag har upptäckt mina dimensioner. Det anstår mig icke att göra mig mindre än jag är.’ Det gjør ho da heller ikkje i det fine diktet sitt i Klok på bok
», skriv ho Kari Nord i Stavanger.

«Kpb 617 gjorde at eg fekk Lena Nyman loud & clear på mitt indre (?) øyre. Fordi min gamle venn Erling ikkje lenger har gammaldags platespelar, har eg nokre av hans gamle LP-ar i pensjon, og mellom dei ei plate som heiter ‘Var ming nära – kärleksvisor på svenska’, med Lena Nyman og Rune Andersson, med musikk av Berndt Egerbladh. Her er mange fine tekstar, mellom anna av Pär Lagerkvist, Karl Asplund og Ebba Lindqvist. Og Lena Nyman har ei formidlingsevne som er utruleg sterk. Ståpels!
», skriv han Ebbe Aarvåg i Oslo.

Denne veka fekk eg over 50 svar. Vinnaren vert difor trekt ut av hatten: Premien går til Geir Tomter i Oslo. Gratulerer!



Klok på bok 619

Eg forsona meg aldri med bestefar min. Han blei borte før eg kom så langt. Eg brukar uttrykket «bli borte», for slik verka det. Det kom så brått på.



Vi er i nynorskheimen midt på 1990-talet, hjå ein forfattar som forfattarar likar, og som har gjeve ut minst ti bøker sidan debuten i 1979. Stikkord: Bach og Bedford.

Send namn på mann og bok til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 før fredag 27. juni.

Paula på posta

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |