Dag og Tid nr. 25, laurdag 21. juni 2003
Bøker:
Ein forstyrrande Garborg
Geir Mork har skrive eit viktig bidrag til nordisk litteraturvitskap og eit nyskapande verk om Arne Garborg, skriv Bjørn Kvalsvik Nicolaysen.
Geir Mork:
Den reflekterte latteren. På spor etter Arne Garborgs ironi
Aschehoug 2002
Men kva skal ein seie til slikt, då? Anna enn å takke og vere glad til. Det er plent uråd å femne mangfaldet i denne boka i éi melding. Ein kan jo prøve å vise retninga i tankegangen, eller ein kan diskutere resonnementa, om ein får til å summere dei skarpt nok. Men ein kjem lett til kort. Difor er då boka også lite, om i det heile, offentleg omtala sidan ho kom ut. Ho er av det slaget bøker som gjer folk usikre på seg sjølve og kva dei no meiner om det dei meinte seg å vite. Ikkje minst av den grunn er Geir Mork si digre bok om Den reflekterte latteren. På spor etter Arne Garborgs ironi, rett og slett ein lesefest!
Tenk det: Ei lærdomsspekka fagbok om ein av våre fremste forfattarar, full av referansar til viktige verk i europeisk litteratur, dessutan sprelske og klare drøftingar av sentrale litteratur- og kulturteoriar frå dei siste par hundreåra og inkje verkar tyngjande eller unødvendig!
Oppdagingsreise
Ein grip seg i å undrast på om Geir Mork i arbeidet har ledd mest kost seg, kan ein tenkje, over alle poenga han har fått inn, alle vriane han gjer, måten han handfritt leikar seg med Garborg-tekstane på. Det uærbødige samrøret av elegant turnerte språkbrukselement er til å gle seg over; blandinga av arbeidsam grundigheit og open fryd, signa med innleving og engasjement (som altså heldigvis enno ikkje er gått heilt av mote), spekka med spiss ironi, klare kritiske passasjar mildna av lun humor..., nei, han lèt seg eigentleg ikkje karakterisere, den sprudlande? frekke?... skrivemåten til Mork. Difor les då denne over 600 sider tjukke boka seg like lett som ein spenningsroman. «På spor etter...» ja, boka ter seg som ei oppdagingsreise, mest ein detektivroman der lesaren får grave fram og undersøkjande fylgje nye, stadig nye, spor...
Denne monografien snur om på det gamle stusslege Garborg-biletet så mang ein klassetime ja, i alle høve i min sarte ungdom, slik eg minnest det mana fram og sette inn i sjelene til unge sakeslause vesen. Garborg vart den gongen, i nittensyttiåra, til ein dyster melankolikar som ikkje treivst i denne verda. Godt opp i sytti-åra vart Bondestudentar gjerne presentert slik at vi aldri fann på å spekulere over kvifor Daniel Braut eller andre unge menn i den romanen ikkje såg ut til å nyte noko kjønnsliv å snakke om til dømes. (Mannfolk las jo ikkje vi, den gongen!) Å vere frå bygda, det var å vere ikkje-brautande, men Braut-aktig, underlegen og lite av ein vågsam Daniel. Prøvde dei å lære oss, då... Somme tok til motmæle, og lærde noko viktig, lell. Og, under over alle under, Garborg-jubileet 2001 synte koss den yngste generasjonen av
vaksenlesarar omfamna Garborg, koss dei ope fann glede i dei rare tekstane hans jamvel hadde då teikneseriebladet Pondus ein innsiktsfull leiarartikkel om kor mykje sprut der er i språkbruken til Garborg! Den opnare og meir utfordrande Garborg-en som Mork legg fram, har såleis eit publikum, i dag.
På tvers
Den reflekterte latteren tek ikkje opp heile produksjonen til Garborg, men legg særleg fram det paradoksale, det sjølvmotseiande og det omvandlande i Bondestudentar, i Den ny-norske Sprog- og Nationalitetsbevægelse, i bladet Fedraheimen, i Kolbotnbrev og andre brev, epistlar og essay, i Mannfolk, i Trætte Mænd, og tek oss med innom fleire andre arbeid. Valet av tekstar som blir drøfta, viser koss Mork går på tvers. Han lyftar fram ein Garborg vi har snakka altfor lite om. (Mange hovudfagsstudentar og andre har imidlertid leitt opp og lese doktoravhandlinga til Mork, så nokre av perspektiva hans har alt fræva seg og inspirert nye analysar av «ein annan Garborg.»)
Tekstlesingane legg seg etter spenningar i teksten, der Garborg anten har stilt spørsmåla på tvitydig vis eller ikkje gjev eintydige svar, eller også, der tekstane seier noko anna enn dei tilsynelatande ser ut til å seie og skaper ironiske samanhengar som rett som det er utfordrar lesaren sitt sjølvbilete. Når lesingane slik opnar opp nye perspektiv, nyttar Mork gjerne høvet til å vende blikket endå vidare ut, og set Garborg ikkje berre i samband med samtida og nynorsken og gullalderlitteraturen, slik vanleg er. Han gjer Garborg meir til europear enn kva som har vore vanleg (trass i Rolf Thesen sitt solide, gamle arbeid om Garborg som «jærbu og europear»! Der fanst tankar som enno lite er fylgde opp, sjølv om fleire også Mork har peika på den fundamentale pendel-rørsla mellom «ute» og «heime» hjå Garborg).
Mork ser Garborg sine tenkje- og skrivemåtar i høve til samtidige rørsler på kontinentet, men set dei også dels opp mot vår tids litteraturestetikk og filosofiske tenking. Garborg får såleis her ei langt meir utfordrande rolle enn han oftast er gjeven i litteraturhistorieskrivinga, tekstane hans verkar brått meir moderne; vanskelegare på ein måte (ein må tenkje seg om), men også meir gripande, dei vedkjem oss meir. Den som kan lese denne boka tvers igjennom utan å ha endra noko på sine tidlegare oppfatningar, han eller ho må vere velsigna med eit uvanleg harskt feittlag kring nervetrådane.
Demokratisk
Boka har likevel tre lyte: 1) Ho er lettlesen; kan lesast av alle interesserte utan særlege forkunnskapar om litteraturteori, filosofi, historie eller for den del Garborgs verk og virke, for her får vi alt saman presentert på ein liketil måte. Boka skriv seg såleis inn i den opphavlege nynorsktradisjonen: Ho er demokratisk innretta samstundes som forfattaren er klart sjølvmedviten om at han har noko å fare med. Den slags intellektuelt strev har ein vore skeptisk til i hovudbølet for målrørsla så vel som i humanistisk forsking siste tida (tiåra). Kunnskap om grunnlaget for kulturen vår har vore framstilt som fjernt oppnåeleg. Men Mork legg seg ikkje etter å gje lesarane kjensla av at Garborg berre er til for litteraturvitarar eller også at nynorsken er til for spesielt interesserte. Båe slaga gamle mistankar blir avsanna.
Innvending 2): Boka er nok for storfelt og samansett til at maurtravle professorar i nordisk litteraturvitskap ved universiteta kjem til å kommentere henne noko større. Ein eldre, mindre utarbeidd versjon har då vitterleg vore tilgjengeleg i universiteta sine bibliotek sidan Mork forsvarde doktoravhandlinga si om emnet i 1990. (Merk: I boka er det gjort avgjerande endringar og utvidingar). Skulle ein ta Mork alvorleg, måtte ein leggje bort flest alle gjengse førestellingar om nasjonalisme, om nasjonsbygging, om nasjonalromantikk, om naturalisme og om diktarverket sin store einskap og samanheng, alt dette som har vore så vanleg å harpe på i nordiskfaget. Ein måtte tenkje gjennom den litterære estetikken så vel som teoriar om litteraturen og det moderne på ny, og bli meir oppteken av alt som ikkje heng saman. Kanskje gå laus på nytt for å finne nye perspektiv på tilhøvet mellom tekst og
kontekst, ja, skrift og samfunn for den del. Slike refleksjonskrav er vel ei årsak til at fagmiljøa ikkje jublande har styrta til med offentlege kommentarar, sjølv om dei snart har hatt eit år på det.
Så ein meir praktisk merknad: 3) Boka manglar, som så mange norske bøker av liknande slag, eit register. Ein mangel som kjennest, sidan argumentasjonen somtid er spretten i tydinga dansande; ein del trådar heng lause. Viktigare; rett ofte får vi henta opp att argument og synspunkt vi mest trudde skulle få liggje etterlatne i vegkanten mangfaldige sider framanfor. Eg stortrivst med denne stilen, som gjer at du føler deg som ein retteleg oppdagar, du lagar jo sjølv kart og oversyn ved å binde i hop nokre trådar. Men det hadde vore gildt om lesaren fekk lage seg eit eige system i dei mange omgrepa og opplysningane som grupperer seg under ulike hovudtema. Eit register gjev jo lesaren høve til å konstruere seg sin eigen «hypertekst», ein samanheng i tekstmassen ut frå ymsande behov. Boka kunne då fungert meir som ei oppslagsbok svært mange rike oppslag er her visseleg.
Såleis fylgjer ein fjerde observasjon: Med eit register ville det vore lettare å finne fram til eller bla tilbake til sider der Mork drøftar innsatsen frå andre forskarar. Særleg tenkjer eg her på tilvisingar til Sveinung Time, som sidan 1970-talet stegvis har bygd ein ny måte å tenkje og å snakke om Garborg på: Ironikaren, journalisten, tenkjaren og kritikaren Garborg, skrivaren med det splitta sinnet med ei uro som aldri kunne staggast. Ein slik uroleg Garborg har, ikkje minst takk vere Time, etter kvart teke plassen for den trauste, triste vi før vart presenterte for. Og betre enn før øygnar vi store motsetningar og nye samanhengar i forfattarskapen. Eg saknar ei systematisk drøfting av Time sine arbeid om Garborg, slik at vi lettare kunne sjå koss Time og Mork utfyller kvarandre, eller også, koss dei ser sakene ulikt. Eg oppfattar då posisjonen til Mork som ganske nær opp til Time sin.
Rastlaus
Mork seier då også at «Garborg» (den heilslege konstruksjonen av mannen og skrivaren, tolkar eg det som) ikkje finst. Garborg var ikkje berre ei uroleg sjel men dét var han, alltid rastlaus, same kvar han heldt seg, kanskje med unnatak av nokre periodar, heime på Jæren og som Mork viser, fjernt frå folk på fjellet i Kolbotnen; jamt ville han helst vere ein annan stad enn der han var. Sjølv når han treivst ein stad, var det ikkje nok. Men både Time og Mork viser koss Garborg-tekstane snarare kan uroe lesaren, koss dei manar fram brotne kulturmønster og situasjonar som viser at verda ikkje heng godt i hop; dei gjer situasjonar og opplevingar underlege og skaper ein ofte djuptgripande ettertanke over vilkåra for livet vi lever både for den delen av det som vi reknar til kulturen, og det vi har lært er menneskenaturen. Etter ein viss definisjon er det slik uro som spring ut av stor kunst.
Skal eg våge å hinte om kvar Time og Mork skil lag, trur eg det startar i synet på kor frigjerande målrørsla og folkemålet er. Time har vore oppteken av det vi her stutt kan nemne som den demokratiske grunntonen i strevet for eit nasjonalspråk; slik eg oppfattar det, har han vist koss Garborg ville gje tilskott til ny normdanning i ålmenta (eller allmenningen, som Time har sagt med ei heldig omgrepsutviding) og at fornyinga av skriftspråket såleis kunne gje nye mulegheiter for menneskeleg livsutfalding.
Fridom eller band
Mork ser det ikkje slik at landsmålet står som eit program som utan vidare sikrar fridom. Snarare framstår dei mangfelde miljø av målfolk og dei rammene nynorsk publistikk fekk, som bindande og styrande for nynorskingane si verksemd, eit eige nynorsk og til dels tilbakeskodande offentleg rom vart skapt (slik Idar Stegane har synt; vi fekk «profesjonelle nynorskingar», seier Mork). Nynorskingar møtte då minst dobbelt opp av krav og forventningar; same krav til konformitet som for alle andre, dessutan særeigne krav som nynorskingane la på kvarandre. (Sidan har vi levd med dette pirkeriet som målfolk plent skal halde på med overfor kvarandre og overfor skriftnormalen sin...) Mork peikar på at slik fekk vi likevel installert den ideen som fekk Kjartan Fløgstad (på Mållagslandsmøtet 1984) til å hevde at språkstriden er vunnen: Vi har vunne retten til å vere ulike;
målsaka var og er striden for skilnaden, for ein «motstandens estetikk», for ikkje-identiteten retten til å ikkje vere lik med alle dei andre.
To nasjonar
Denne revolusjonerande tanken synest Mork å finne alt hjå Garborg. Som då han var 26 år, forma ei lære om det organiske i språket som grunnlag for å hevde at målformene ikkje kunne møtast i noka større eining («to-nasjons-læra»). Ja, han kom sidan til å bruke dette som bilete på tilhøvet mellom mann og kvinne òg: Liksom vi er to ulike organismar, er vi to ulike nasjonar, med to ulike språk, og det skal fælt mykje til før vi forstår kvarandre. (Same ideen møter vi utvikla hjå Vesaas, som skildrar koss to menneske aldri kan skjøne kvarandre men dei kan skjøne ei felles oppgåve.) Mork plasserer den unge Garborg som ei formingskraft mellom andre sentrale kulturteoretikarar i samtida, såleis Marcus J. Monrad og Christopher Bruun. Der filosofen, hegelianaren og den tilbaketrekte universitetsmannen Monrad var ein tilbakeskodande metafysikar, men også konstruktivist i den forstand at han meinte danninga måtte byggjast langsamt, ja dyrkast i kropp og sjel, var presten og folketalaren Bruun
progressivisten som forlangte nydanning, nei, rask gjenføding, folket måtte bli nytt og det kunne skje ved at bonden vart sentralsymbolet for ny odling, ny vokster.
Her kjem Garborg til, og sjølv om han er den sosialradikale mellom desse, så tyr altså han også til ein vokstermodell som gjer at han sidan alltid får problem med å gjere greie for brot og mangel på samanheng i utviklinga. Og som gjorde at vi vart sitjande att med bonden som nasjonalt hovudsymbol, i tider som meir og meir avskaffa bonden som yrkesgruppe... Som Mork peikar på, då det intellektuelle feltet endeleg var etablert som eit sjølvstendig felt (frå 1880-åra av), så var mykje av den drivkrafta som hadde gått ut på å gjere litteraturen sjølvstendig, oppbrukt eller snarare, irrelevant, den måtte heretter brukast som sjølvkritikk, mot litteraturen og litteraturens mulegheiter, noko Garborg då gjer utetter 1890-åra.
Ein kjem i medviten og umedviten outsider-posisjon når ein ser det ideelle språket som ei utspalting frå det gjengse og maktberande språket, og set denne splittinga inn i sitt eige praktiske liv og virke, der ein jamleg vekslar mellom sfærar ved å ty til språkveksling. (Til dømes tala Garborg mest alltid norsk-dansk i venekrinsen og familien, bortsett frå somtid på Jæren, og vel 90 prosent av dei om lag 1400 breva vi kjenner etter honom, er på norsk-dansk. Kanskje just difor lite tekne omsyn til i forskinga..?). Men nett den same situasjonen viser noko av den moderne sprengkrafta i det nynorske prosjektet: Nynorskingane (nokre av dei) tok alvorleg tanken om at verda ikkje var sjølvsagt gjeven og naturleg heilskapleg.
Sjølve nynorsken viste koss verda splitta seg opp og koss tenkinga omkring sjølvet var avhengig av at ein kunne akseptere å leve i ein splitta eksistens. Modernismen i det nynorske prosjektet er blitt lite drøfta dei siste hundre åra, og her står nok mykje tenking att. Men eg vil gjerne ha nemnt, slik Mork sjølv eit par stader hintar om, at der er gjort ein del tenking som enno vantar samlande handsaming, og at det ikkje er utan grunn vi har fått såpass mange nynorskingar som på mykje ulikt vis har problematisert moderne kommunikasjon og livsformer.
Paradokset
Noko av det nye med Mork sitt perspektiv (lesemåte) er at han så sterkt framhevar rolla paradokset får hjå Garborg. Mork syner koss tekst etter tekst faldar ut ei undergraving av vissa om det sikre i kulturen. Garborg står nemleg oppspend mellom «ortodokset» og «paradokset». Ortodokset er å tale på vegner av noko eller nokon, og dermed sklir ein inn i ritualet og gjentakinga, der ein kjenner seg heime og trygg og fremjar dei verdiar som høyrer til der ein høyrer til. Men denne forma for demokratisk fellesskap, om det er dét det er, møter tvil, retta mot kjensla av det nødvendige i nærleiken med sine eigne.
Motmakta blir språkleg utforma i ironien, som berre kan spele seg ut der nokon er innforståtte og nokon er utanforståande. Ironien spelar på paradokset, som tvilsfremjande, underfundig undergraving av trua på at samhaldet og samkjensla er einaste verdfulle meining, og vekkjer kjensla av at der er noko som ikkje heng i hop. Her har essayet, somtid brevet, ei eiga rolle å spele, for der finst ein intimitet og eit personleg ansvar i skrivemåten som i det små kan rokke ørlite på faste føresetnader, og vekkje til live nye mulegheiter for refleksjon. Dei diskusjonane Mork gjennomfører av Kolbotnbrev, til dømes, kan dei godt merkje seg, dei som no for tida baksar med å plassere sakprosa som ei mektig kraft i samfunnslivet: Det saklege er berre ei kraft til opplysning dersom saka blir erkjent som noko som må nøyereknande ettergåast og oppdagast, trass i alt som før er saka og sagt. Så
Garborg dregst ikkje alltid med alle gamle motsetningar, plukkar dei heller frå kvarandre og får nye samanhengar figurar, om ein vil.
Kierkegaard
Hjå Mork møter vi ein meir forferdande, difor meir interessant, Kierkegaard enn i vanleg norsk resepsjon, idet han les Kierkegaard opp mot Garborg: Sentralt står ikkje her lengten etter å bli eit autentisk menneske, eller å nå det etiske eller religiøse stadiet (oftast optimistisk og difor feil framstilt av norske litteraturvitarar, diverre, for det å nå det øvste stadiet av autentisitet, det å bli eigentleg, er enkelt sagt å misse evna til å kommunisere). Snarare funderingane til den unge Kierkegaard over koss ironien bryt ned samanhengar, og i kva grad dette er kontrollert (beherska, seier Mork) eller totalt, altså tvingar oss inn i ei drift mot kjensla av subjektiv einsemd i eit språk som fliser seg opp i usamanhengande motsetningar. Derifrå går Mork til drøftinga av Mannfolk og Trætte Mænd, og viser nye sider ved romanane. Kjærleikssviket i Mannfolk,
som flest alle mannfolk og kvinnfolk synest å måtte gjennomleve, men i ulike eksistensformer, seier noko om det umoglege prosjektet det er å skape sameining. I Trætte Mænd er sjølve sjølvrefleksjonen fragmentert, i visse måtar samanbroten, utan von om heiling og frelse. Desse bøkene viser koss alle deltek i spel, såleis sosiale konvensjonar og deriblant, som i Trætte Mænd, det spelet skriftformene set i verk med den som skriv om seg sjølv. Mork tek fram korleis mottakinga av slike bøker provoserte og forvirra, og syner dermed at Garborg fekk planta ein angst inn i kulturlivet. Overfor eksistensielle konfliktar som framleis er aktuelle, om dei enn ter seg litt annleis.
Samanbrotet
Mork oppsummerer aldri funksjonsmåten til den logiske figuren paradokset, drøftar difor ikkje i og for seg det logiske samanbrotet som paradokset står for. Sjølv om han i nokre høve syner koss forventa meiningsfylde blir noko så nær tomme formlar, tømd for meining, og koss oppløysing blir resultatet. Såleis av maskuliniteten hjå ein Gabriel Gram, eller femininiteten hjå ei Fanny. Mork driv argumentet sitt til den beiske slutt, slik argument alltid skal og skulle drivast, som ein øyk i plogfora. Likevel lèt han vere å kommentere fylgjande spørsmål, og kanskje er det viktig nok: Dersom fragmenteringa av livskjensle er det vi står igjen med etter lesinga av stor litteratur, som dette er, så kan vel kulturkritikken også sprengje det poetiske?
Paradokset er ein kulturelt betinga tankefigur: Eit paradoks får vi når vi legg saman sanne (rette) premiss (eller observasjonar) og står att med ei sjølvmotseiing. Samanhengen vi er i, difor andre enn oss sjølve, definerer premissa, elles kan der jo ikkje finnast attkjenning av grunnlaget for samtale eller erkjent logikk. Ta eit par døme, då: Eg oppsummerer i farta brutalt frå Garborgs skrifter (om enn Mork visstnok meiner at Garborg avviser litteraturen sin eksempelfunksjon): Dersom du vil gjere deg nyttig for dei mektige, og dermed ikkje tør finne på noko anna enn det du får beskjed om å gjere, så blir du treg og bakstreversk og unyttig for alle, også deg sjølv (Daniel Braut). Dersom du meiner at vilkåret for å vere eit lukkeleg menneske er å vere ærleg, og du har ærlege, tydelege lyster som du så fylgjer, kan du oppleve at du gjer både andre og deg sjølv
ulukkeleg (Laurits Kruse).
Poesiens stordom
Kor råkande dei er, slike summeringar som dei eg nyss har gjort, kan i høgste grad diskuterast. Eg berre gjorde eit grovt grep for så å få høve til å seie følgjande: Garborg viser koss våre måtar å handle på og å tenkje på bryt saman, og ikkje berre koss språket vårt har vondt for å formidle meining. Når Geir Mork legg slik vekt på dekonstruksjonen, og oppløysinga i fragment av det vi har halde for å vere tilforlateleg, så er ikkje dermed enno alt forklårt, tykkjest det meg.«Vegen til meininga (...) blir radikalt utlevert til det poetiske», seier Mork. Javisst. Poesien slyngjer oss eller lokkar oss ut, tvingar oss somtid ut av det kjende og tilvande, og det skjer ved ei intens merksemd omkring formene noko ytrar seg i. Som kan gjere innhaldet, kulturen, meir merkeleg enn før.
Om det er dette Garborgs skrifter står for, så står dei vel samstundes for nye moglegheiter? Mork viser koss harmoniens og forsoninga sine figurar vart «sprengde til fragment». Men det kan sjå ut som om Mork meiner den siste løysinga då er poesien, det er det einaste som står att. For eigen del synest eg, sjølv om eg har glede av poesien i livet, det kan bli litt snippeleg å late poesiens stordom vere løysinga på alle kulturkonfliktar, slik postmoderne litteraturvitskap gjerne har sett det. Utan å gjere Garborg til nokon tråkig moralist, har eg ei kjensle av at han var såpass optimist at konfliktane og paradoksa han syner fram, er utgangspunkt som lovar noko nytt. I det minste ettertenksame smil over ironien, og kanskje jamvel nye mål.
Hjarteleg tilrådd vere boka hermed!
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen
|