Dag og Tid nr. 25, laurdag 21. juni 2003

Bøker:
Kjærleik i Francos tid

Tømmermannsblyanten
er enkelt og greitt eit døme på god litteratur.

Manuel Rivas:
Tømmermannsblyanten
Cappelen
Omsett frå galisisk av Christian Rugstad

Eg skal innrømma at eg er reisesjuk for tida. Fjordarmar på Vestlandet kjennest ikkje alltid ut som ein del av verda. Sjansane for eit vellukka møte mellom Tømmermannsblyanten og meg var av den grunn truleg særskilt gode. Men når ein kjem over ein forfattar som har eit språk som glir og dansar, ein komposisjon som opnar opp, lukkar att og som skaper rom å dikta med i, ei innsikt i mennesket som gjev nye perspektiv og horisontar og ei historia som skakar og rører, då nærmar ein seg, uansett andre omstende, eit døme på god litteratur. Og det er nett det Manuel Rivas har skapt med Tømmermannsblyanten: Utifrå ei kjærleikshistorie frå 1930-talet i Spania, maktar han vakkert, vondt og klokt både å gje vidare ei reise inn i Spanias grufulle historie og inn i mennesket.

Silketrådar

«Vi lager en tråd alle sammen, som silkeormene. Vi mumser i oss bladene på morbærtreet, vi krangler om dem, men hvis denne tråden krysser de andres, filtrer seg inn i dem, kan den lage et vakkert teppe, en uforglemmelig vev», seier lækjaren Da Barca som lurte døden så mange gonger under den spanske borgarkrigen til den deprimerte journalisten, ein samtale som rammar inn historia i Tømmermannsblyanten. Det er mange silkeormtrådar som smyg seg inn i denne historia frå eit Spania i Franco-helvetet; dokter Nóvoa Santos og omgrepet hans om «den intelligente virkelighet», landsbytullingen Domodán, den smuglande analfabeten og nyrikingen Benito Mallo som brått vert gripen av poesien og Djengis Khan som ein gong snakka om «en fjert i en håndvending» og som frå då av gjekk under namnet «Håndvendingen». Men i sentrum står kjærleikshistoria mellom lækjaren, idealisten og opprøraren Da Barca og Marisa Mallo, med Herbal som tilskodar og voktar.

Ulike røynder

Innanfor forteljarramma med journalisten og Da Barca er forteljarsituasjonen ein bar. Her sit Herbal og fortel kjærleikshistoria si til Maria da Visitacão og bind slik fortid og notid saman. Historia er i utgangspunktet driven fram av eit hat til Da Barca, den uoppnåelege kjærleiken til Marisa og eit samvitsnag for å ha drepe målaren, ein nær ven av Da Barca. Den døde målaren vert ein forsonande og hjelpande mellommann som gjev den litt enkle og bitre Herbal visdom og på eit vis den kjærleiken og respekten han aldri har fått. For det er som Da Barca seier til Herbal siste gongen dei ser kvarandre: «Det er ikke tuberkulose som er ditt problem. Det er hjertet».

Og trass i alt det vonde Herbal påfører Da Barca og Marisa, oppsummerer han det slik for Maria da Visitacao: «De var det beste livet har gitt meg».

Stor litteratur

Omsetjar Christian Rugstad har gjort eit framifrå arbeid. Med eit godt språk og kreative ordval vert innhald og språk løfta opp av kvarandre. Den poetiske undertonen i romanen minner meg om marokkanske Tahar Ben Jellouns roman Dette blendende fravær av lys. Romanane har i tillegg tematiske likskapsband:

Dei handlar om dei grusomme overgrepa til eit regime og om evna hjå mennesket til å overleva det forferdelegaste.

I Tømmermannsblyanten held den fengsla lækjaren Da Barca motet og gneisten oppe med forteljing og draum – og ikkje minst; med å hjelpa andre. Herbal held ut livet med å undertrykkja  andre.

Men samstundes viser Rivas ei strime av noko menneskeleg hjå Herbal; den kjem frå kunsten, frå målaren han har drepe og som følgjer han vidare som ein samtalepartnar Herbal etter kvart vert avhengig av og ein som bind dei levande og døde saman. Og det humane hjå Herbal kjem, på eit vis og paradoksalt nok, frå kjærleiken mellom Da Barca og Marisa.

Romanen har sine lyte og alle silketrådane, eller historiene, som Rivas ønskjer å ha med, vert nokre gonger litt for mange og overflatiske. Og nokre gonger vert Rivas for overtydeleg. Men når ein forfattar til dømes skildrar songen til svarttrosten «lik svarte sjelers melankolske fløytetoner» og samstundes maktar å gje romanen ein liknande grunntone, då kan i alle høve eg bera over med mykje.

Margunn Vikingstad

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |