Dag og Tid nr. 24, laurdag 14. juni 2003
Roald Helgheim:
Viktig melding, lytt på radio
Alarmen gjekk til vanleg tid midt på dagen. Viktig melding, lytt på radio. Som alle andre rekna eg med at Sivilforsvaret berre prøvde alarmsystemet sitt, og eg tenkte at den dagen det er alvor, vil eg tru det same, og ta det med ro. Slik er alle øvingane i røynda med på å leggje landet vårt ope, og det vil ikkje hjelpe at Kristin Krekar Devold blir ny Nato-sjef. Namnet Kristin Krekar berre glapp or meg, som eit felles namn på to norske såper. Den eine er balladen om forsvarsministeren vår, den andre er den endelause såpa om Mullah Krekar, ein permanent norsk komedie der staten i mangel av ei sak som held juridisk vatn, prøver seg på nye krumspring kvar dag. Det eine er meir latterleg enn det andre, og ein undrast over kvifor det er Økokrim som er hovudaktør i ei sak der nasjonen vil gje inntrykk av handlekraft fordi terroristane no også skal ha kasta augo sine på uskuldige Norge. Jakta
på Krekar er forlengst ein politisk skandale, men kva hende med alarmen?
Det var den morgonen barnehageforliket vart berga. I alle fall nesten, for det vart berga tidsnok til at Kjell Magne Bondevik nådde kampen Norge-Romania, og såg laget vårt fuske seg til ein straffe. Men Ole Gunnar Sol-skjær gjorde ikkje som den unge Brannspelaren, som i 1920 skulle eksekvere ein openlyst feildømd straffe mot svenske Djurgården. Han skaut med vilje utanfor, etter at Djurgården hadde protestert mot avgjerda med å ta keeper ut av mål. Han gjorde noko liknande fem år seinare, men då vart han utvist. Det som fem år tidlegare var godkjent som eit uttrykk for danning, var no eit trugsmål mot dommarstanden.
Episodane er ikkje skildra i det nye store Slagstad-verket Dannelsens forvandlinger, men i Goksøyr/Olstads jubileumsbok om det hundre år gamle Norges Fotballforbund. Og den næraste parallellen vi kan komme i vår tid, var då Arne Larsen Økland i ein kamp for Bayer Leverkusen fekk dømt mål då han skaut ballen mot utsida av nettveggen. Han henta ballen, gjekk bort til dommaren og gjorde merksam på feilen. Det skal leggjast til at laget alt leidd med fleire mål, men handlinga var verd ein fair play-pris. Ikkje så med Jon Carews hands, som Romania vart straffedømd for. Etterpå presterte trenar Nils Johan Semb å seie at vi hadde blitt frådømt så mange straffer i det siste mellom anna mot Danmark! at det var berre rett og rimeleg at vi endeleg fekk ein.
Eg veit ikkje kvifor eg bryr meg om dette, men eg trur det går inn i ein allment nedslåande analyse av nasjonens politiske og moralske habitus. Denne nasjonen har denne våren halde pusten for eit barnehageforlik, og etterpå prøver politikarane å kaste blår i augo på folk med at det snart blir barnehagar til alle, ein lovnad vi har høyrt sidan ei moroside eg var med på å lage, lanserte parolen Gratis barn til alle daghjem. Ein dag høyrde vi radioen melde at 200 arbeidsplassar no blir borte kvar dag. Det blir over 70.000 i året, i skrivande stund råkar det ei verksemd i Molde som går med overskot. Nokon ymta midt i barnehageinnspurten om at arbeid kanskje var ei sak å prioritere. Han drukna i larmen. Nye nedleggingar høyrer til dagens orden utan at vi løftar på augneloket. Det som ein gong var Norges Statsbaner legg ned nattog, sjukehussektoren blir rasert i mitt gamle
fylke, tusen fiskarar er i fare, Posten er snart ein saga blott, og staten hjelper nedleggjarane i å etablere seg i utlandet. Påstanden om at det er kostnadsnivået altså lønsnivået som har skulda, har blitt ei vedtatt sanning. Vi har ein økonomisk journalistikk i alle kanalar som dagstøtt tutar oss fulle med indeksar, aksjekursar, renter opp og renter ned, og løner det seg å binde henne no? I Dagsnytt meinte ein banktalsmann at nasjonen endå kjem til å ha råd til å betale pensjonar til folk, mens NHO seier det stikk motsette. Den fragmenterte, hysteriske journalistikken fører til fordumming heller enn til opplysning. Han manglar eit oversyn som kan gi folk ei førestelling om kva det eigentleg dreier seg om. Slik speglar han på ein talande måte også det systemet han skildrar, ein marknadsøkonomi der alle slåst mot alle.
Dag Østerberg har skildra dette i ein Prosa-omtale av ei samling førelesingar i offentleg økonomi. Dei makroøkonomiske modellane der det offentlege hadde ei hovudrolle, har vike for dei mikroøkonomiske. Desse modellane tar marknadsøkonomien for gitt, slik at «den offentlige sektor oppfattes som en mikroøkonomisk aktør som opererer i markedsmessig sammenheng sammen med andre aktører». Oppgåva til den offentlege økonomiske politikken blir i beste all å trå til der marknaden sviktar. Altså å vere redningsskøyta til eit system som styresmaktene med vilje lèt segle sin eigen sjø.
I dette kaoset er det sjølvsagt inga hjelp å hente hos politikarane. Kvar er den som vågar å bryte det populistiske spelet og det skamlause friarkappløpet om veljarane og «forbrukarane» (som Gro Harlem Brundtland under fridomsdebatten i Ap kalla «kundar»), og snakke om heilskaplege løysingar, eit overordna grep og det offentlege sitt ansvar for å syte for dei fellesgoda generasjonar har vore med på å byggje opp? Eg kjenner orda vekse i munnen, men den politikaren ser eg ikkje. Nett no ser dei som skulle vere det, ikkje lenger enn til eit syltynt barnehageforlik.
|