Dag og Tid nr. 24, laurdag 14. juni 2003
Litteratur:
George Orwell framleis vår samtidige?
I år, hundre år etter at han vart fødd 25. juni 1903, står George Orwell igjen i fokus på ein måte han ikkje har gjort dei siste tretti åra, skriv Olav Lausund.
«I Mulmein, i nedre Burma, var eg hata av store mengder av menneske, den einaste gong i livet eg har vore viktig nok til at dette kunne hende meg», skriv George Orwell i den klassiske skissa «Å skyte ein elefant». Teksten handlar delvis om han sjølv: Etter avslutta skolegang ved overklassebastionen Eton var Orwell politioffiser i kolonien Burma til han sa opp i 1927. Men han brukar også episoden han skildrar (pyntar litt på han også, kanskje) til å seie noko om den politiske konteksten han høyrer heime i. Kort fortalt dreier det seg om ein elefant som har slått seg vrang i brunsttida og drepe ein fattig burmesar. Innbyggjarane i landsbyen kjenner seg truga og tilkallar politiet, det vil seie den unge og forholdsvis ureflekterte Orwell, som påstår at han enno ikkje hadde tenkt over at det britiske imperiet gjekk mot slutten og slett ikkje at dette imperiet var ein god del betre enn dei nye som ville kome i
staden. Men han visste at det var meiningslaust å skyte det verdifulle dyret, og også at massane venta det av han. Dersom han ikkje gjorde det, ville alle le av han. Og det var no, skriv han, at det fåfengde i koloniveldet til den kvite mannen gjekk opp for han for første gong. Med rifle i hand og to tusen gule ansikt bak seg forstod han «at når den kvite mannen gjer seg til tyrann, er det sin eigen fridom han ofrar». Teksten blir såleis ein tekst om makt, hierarki og følgjene av makt og undertrykking, det vil seie om emne som går igjen i det meste av det Orwell kom til å skrive, og som gjer han til ein av dei heilt sentrale forfattarane om dei største politiske tema i det 20. hundreåret, ikkje berre imperialisme, men også fascisme og stalinisme, som han kjempa mot i tretti- og førtiåra med alle dei midlane han rådde over.
Skifta namn
Ikkje lenge etter dramaet med elefanten sa han opp stillinga si av grunnar som ikkje er heilt klare. Men slik Orwell (som gjerne ville forme sin eigen biografi, kanskje også skape sin eigen myte) framstilte det, braut han med det kolonialistiske maktsystemet som familien hans hadde levd godt av. Han er med andre ord på veg mot den karakteristiske rolla han valde som den som alltid står utanfor og ikkje ønskjer å passe inn. Dette var etter hans syn eit sikkert teikn på god dømekraft og mental helse, eit syn han òg deler med hovudpersonane, helst antiheltane, i dei fleste romanane han skreiv. Han hadde på eit vis meldt seg ut av plassen sin i samfunnet, som han med ironisk avstand til britisk klasse-system kalla «the lower-upper-middle class.» Og for å understreke brotet skifta han namn. Eric Blair vart til den radikale forfattaren George Orwell.
Eit stykke ut på trettitalet rekna den tidlegare imperietenestemannen seg som revolusjonær sosialist, og han tok del i den spanske borgarkrigen som aktivt stridande. Men samfunnsanalysane hans var personlege og berre i mindre grad inspirerte av teoretiske modellar, til dømes flyt radikal samfunnskritikk og gammaldags patriotisme lett saman i det kjende biletet hans av England som ein familie der dei minst skikka familiemedlemmene sit med makta. Med alle sine fordommar mot vegetarianarar, homoseksuelle, raudstrømper og mykje anna var han alltid ein brysam alliert for andre på venstresida. Særleg retta kritikken hans seg mot dei intellektuelle, mot det han såg på som opportunisme og mangel på prinsipp, og kritikken fekk gjerne eit krast, spissformulert preg. Det er symptomatisk at den radikale forleggjaren hans tenkte seg godt om før han valde å gje ut The Road to Wigan Pier (1937), og at han først
gjorde det etter at han sjølv hadde skrive eit føreord der han tok avstand frå synet til Orwell.
Borgarkrigen i Spania
Under borgarkrigen i Spania konstaterte Orwell at det for mange av dei leiande var vel så viktig å kjempe mot ideologiske avvik i den sosialistiske leiren som å slåst mot Franco, og at det Stalin-betalte politiet bak fronten kunne vere ein like stor fare som den fascistiske fienden ved fronten. Utan at dette overraska han, såg han at sosialismen bar i seg sterke impulsar mot eit totalitært samfunn. Likevel kunne han så seint som i 1946 skrive at kvar einaste seriøs linje han hadde skrive sidan 1936 var, «direkte eller indirekte, skriven mot diktatur og for demokratisk sosialisme, slik eg forstår sosialisme». Reservasjonen som ligg i adjektivet, er avgjerande: Demokratisk, ikkje revolusjonær sosialisme. For Orwell er ikkje i tvil om at revolusjon fører til tyranni, og at dei som set seg som mål å tvinge igjennom eit system basert på likskap, til sist
sørgjer for at somme vert «likare» enn andre. Det er dette Animal Farm handlar om, og det er eit slikt tyranni den marerittliknande anti-utopien 1984 skildrar, med eit samfunn der «partiet» systematisk knuser alt som minner om menneskelege kjensler, og der framtida kan uttrykkjast gjennom biletet av «ein støvel som trampar på eit menneskeansikt for all tid». Hovudpersonen, Winston Smith, «det siste mennesket i Europa», trur rett nok at det finst slike ting som rettferd, fridom og objektiv sanning, men også han må til slutt «sigre over seg sjølv». I «rom 101» lærer han seg å elske «Store Bror», «Big Brother.»
Lovprist av Hoover
Nesten med det same boka kom ut i 1949, vart ho eit ideologisk våpen i den kalde krigen. Sjefen for FBI, J. Edgar Hoover, lovpriste romanen. Avisa Pravda, derimot, omtalte han som «tarveleg og skitten». Den revolusjonære sosialisten frå trettiåra hadde kasta seg hylande inn i armane på dei kapitalistiske forleggjarane, skreiv Marxist Quarterly. Det var difor å vente at Orwell måtte verte eit problem også for «det nye venstre» på slutten av 60-talet og utover. Ein av dei fremste representantane, Raymond Williams, skreiv gjerne om Orwell, og den korte monografien hans (1971) er eit viktig bidrag til debatten om forfattaren og hans verk. Men sjølv om boka er skriven med respekt, er ho også sterkt kritisk i analysen sin. Eit hovudpunkt i kritikken til Williams er at Orwells samfunnsanalyse aldri var djuptpløyande nok til å gripe grunnlaget for det klassesamfunnet han hata med eit intenst
personleg hat. I staden for å sjå at tilhøva i samfunnet var eit produkt av ei grunnleggjande motsetning mellom dei som eig produksjonsmidla og dei som lever av arbeidet sitt, lét han seg blende av sitt eige bilete av det engelske samfunnet som ein familie der familiemedlemmene ikkje har makta å ordne familien på fornuftig måte. Williams meiner at dette har samanheng med den spesielle bakgrunnen til Orwell som i utgangspunktet tilhøyrde overklassen og såleis berre kunne sjå samfunnet frå ein høgst utypisk vinkel. Som Williams oppsummerte det, var Orwells historie «ei historie å respektere, hugse, og gå vidare frå». Andre ville helst leggje henne fullstendig bak seg og har hatt vanskeleg for å tilgje Orwell det pessimistiske synet hans på verdien av politisk engasjement i essayet «Inside the Whale».
Igjen i fokus
Så kanskje var det mange som av ulike grunnar vakna første nyttårsdag 1985 og kjende seg lysare til sinns enn kvelden før. Skrekkvisjonen 1984 med tankepoliti, tovegs fjernsynsskjermar og «Store Bror» som ser deg over alt hadde vist seg å vere akkurat det, altså ein skrekkvisjon, marerittet framfor alle mareritt om systematisk maktmisbruk. Heller ikkje hadde det vorte noko av tanken om ei verd delt i tre store geopolitiske grupperingar som låg i permanent strid med kvarandre, i alle fall ikkje enno. Og så kunne ein berre gløyme George Orwell som ein blant mange som har skapt seg eit stort namn ved å skremme med dommedagsscenario som det ikkje vart noko av. Ein tittel som knyter ei bok til eit konkret årstal i nær framtid, vel ein ikkje heilt ustraffa. Interessa for forfattaren var ikkje lenger den same som før.
I år, hundre år etter at han vart fødd 25. juni 1903, står Orwell igjen i fokus på ein måte han ikkje har gjort dei siste tretti åra. Blant bøkene om han som nyleg er komne ut, er to biografiar av D.J. Taylor og Gordon Boker. Begge har si eiga vinkling på mennesket og forfattaren, og begge fortener meir omtale enn det er plass til her. Ingen av dei er i tvil om at Orwell framleis er ein viktig forfattar. Det er heller ikkje Christopher Hitchens, stjernejournalist og trotskist, som i boka Orwells Victory leverer eit engasjert og sterkt polemisk forsvar for forfattaren. Ikkje fordi Hitchens nødvendigvis ser på Orwell som eit geni: på eit punkt siterer han (synest også å slutte seg til) ein amerikansk kritikar som spør seg sjølv om kva Orwell står for og svarar slik: Den dygda det er å ikkje vere eit geni, den dygda det er å konfrontere verda med berre ein enkel, direkte
intelligens som aldri lèt seg lure. Ærleg, uavhengig og klarsynt, opptatt av mange av dei spørsmåla som dominerer den kulturelle og politiske debatten i vår eiga tid, til dømes europeisk integrasjon og nasjonale forskjellar, eller forsøpling, forureining i global skala, dei udemokratiske tendensane som ligg i alle «ismar», og den totale staten. Dette er eigenskapar ved Orwell som Hitchens lyfter fram, slik også andre til dels har gjort før han. Og ikkje minst: Orwells reflekterte syn på språket og farane som ligg i misbruk av språk, det vere seg gjennom tilslørande kvasipsykologisk, byråkratisk og militær sjargong, eller gjennom alt det som i dag går under namnet «political correctness». For Hitchens er Orwell kort og godt vår eigen samtidige, eit syn det er vel verdt å tenkje over. Og vil ein teste det og gå litt utom allfarveg, kan ein til dømes prøve å lese ein roman som Coming up for Air frå 1939.
Olav Lausund,
professor ved Universitetet i Oslo
|