Dag og Tid nr. 24, laurdag 14. juni 2003
Musikk:
Inn og ut av lyset med Scott
Når ein lyttar til Mike Scott, får ein gåsehud i det eine augeblikket, raudnar i det neste, og slik held det fram.
The Waterboys
Universal Hall
Puck/MNW
Mike Scott har teke vegen tilbake til det vesle kystsamfunnet Findhorn i Skottland, der han har funne den store roa i alle fall inntil vidare, for det er vel få artistar som har virra meir rundt i karrieren enn han, og det er ingen grunn til å tru at dette vil endre seg heretter. Universal Hall er utgitt på eige selskap, og på platemarknaden i 2003 står plata åleine i utkanten av kva som helst som ein identifiserer som eit sentrum, på sida av alle trendar og tendensar. Det har vorte ei uvanleg ujamn plate, forbausande sterk og inspirert på sitt beste, irriterande mellomgod her og der, og alarmerande slett på sitt verste. Grunnen til dette er å finne i Scott sine skyhøge ambisjonar.
20 år
I år har det gått tjue år sidan Scott fann fram til bandnamnet The Waterboys og gav ut The Waterboys. Åttitalsklassikarane A Pagan Place (1984) og This Is The Sea (1985) følgde, mektige plater som held seg usannsynleg godt i dag. Med ein sikker teft for gode popmelodiar og eit stort talent som poplyrikar stod Scott fram som ein visjonær, original artist som ikkje var redd for å søkje etter det store uttrykket, «the big music», og produksjonen bar preg av desse ambisjonane, med eit panoramisk, klangrikt lydbilete. Det som gjorde platene og ikkje minst konsertane til bandet i denne perioden legendariske, var intensiteten deira, ikkje minst slik han kom til uttrykk i stemma til Scott. Musikken var søkjande, driven fram av lengt og rastløyse. Scott fekk med seg Steve Wickham frå Dublin på fele. Ved sida av eit og anna av det den store inspirasjonskjelda til Scott, Van Morrison, har gjort, står Fishermans Blues (1988) framleis som det mest vellukka forsøket på å mikse rock og irsk
folkemusikk til ein genuint ny soulmusikk, musikk med sjel, for sjela.
Irsk inspirasjon
Scott busette seg i Irland og forelska seg i musikken og landet, og transformerte mytologien og poesien inn i sitt eige uttrykk med tidvis stort hell. Panteismen frå dei tidlegare tekstane fann vegen til dei bratte irske klippene, og i nokre år var verken puben eller Yeats langt unna. Dei triste kjærleikssongane fekk eit par dropar whisky i seg, og sjølv om Room To Roam (1990) ikkje på langt nær er på nivå med Fishermans Blues, er det eit fint album. Scott reiste så til New York, der han med nye musikarar laga Dream Harder (1993), ei ujamn plate med enkelte høgdepunkt. Under sitt eige namn gav han ut sterke Bring Em All In (1995) og stort sett svake Still Burning (1997), før han tok Waterboys-namnet igjen for tre år sidan og kom med den ujamne, men noko undervurderte A Rock In The Weary Land.
Best på 80-talet
Scott har altså trass i sterke einskildalbum og jamt over gode plater aldri klart å finne tilbake til den krafta han hadde på åttitalet. Eit par samleplater har kome med materiale frå denne perioden i ettertid, The Secret Life Of The Waterboys (1994) og sist Too Close To Heaven (2001), samt ei konsertplate frå 1986 gitt ut tolv år seinare, The Live Adventures of The Waterboys (1998), og desse utgjevingane har berre gjort dette tydelegare. Scott ser tilbake og prøver å finne den gamle gneisten med vekslande hell. Dette ber òg Universal Hall preg av. Wickham, som klokleg fann noko anna å gjere enn å følgje Scott på nittitalet, er tilbake, noko som vekkjer interessa mellom Waterboys-nostalgikarar, og det med ein viss rett, for Wickham lyfter albumet.
Ujamt
Skepsisen er stor når ein høyrer opningssporet, «This Light Is For The World», ein song som rett og slett ikkje held mål, han manglar substans og styrke, teksten er dvask, uinspirert og pompøs til same tid, ein kombinasjon som er døden for ein artist som Scott. Produksjonen maktar berre ikkje å realisere ambisjonane i arrangementet. Difor er det overraskande at to knallsongar følgjer, «The Christ In You», som har ei konfronterande og meditativ kraft på ein gong, og «Silent Fellowship», med lågmælt eleganse. Mykje her minner om Scotts førre plate frå Findhorn, Bring Em All In, sjølv om tekstane er enklare, nokre av dei som små haiku-dikt, kanskje, repeterte som mantra.
På sitt beste, som i dei nemnde to songane og i «Peace of Iona», der Wickham gnistrar på fela, lukkast Scott. «Aint No Words For The Things Im Feelin» er laussloppen og lett, og vinn seg mykje på nydeleg pianospel av Richard Naiff. Desse songane er skarpe og fokuserte, med ein tydeleg identitet, medan songar som «Eternal Being of Love» og «Ive Lived Here Before» verkar skisseaktige og uferdige, melodisk så vel som tekstleg, og den banale og konstruerte kvasireligiøsiteten gjer dei irriterande ufascinerande. Når Scott ser lyset, vert han frå tid til anna blenda av det. At han kan inkludere ein flopp som den redselsfulle og upassande «Seek The Light» på albumet får lyttaren til å ønskje at nokon kunne rettleie han frå tid til anna, når han vert gripen av ein verkeleg dårleg idé midt i eit heilskapleg akustisk album kliner han til
med eit larmande, feilslått tekno-inspirert oppkok. Legg til eit par halvgode låtar og ein irsk reel frå Wickham, og tre kvarter har gått.
Ambisjonane til Scott er å lage spirituell musikk, ikkje mindre, og det er den varierande evna til å få til dette som gjer Universal Hall ujamn. Han vil framleis lage den store musikken, musikken som er avgjerande, som til dømes stiller mennesket overfor spørsmål om det evige og det flyktige, i ord og tone. Scott oppsøkjer uredd det patetiske. Og nokre gonger når han heilt inn, andre gonger går det på trynet. Lyttaren sit der og raudnar i den eine songen, og får gåsehud i den neste. «I sacrifice my power on the altar of your love / that it may be born again on another world», syng han i tittelsporet, og eg tar meg i å ønskje, medan eg vrir meg over ein slik klisjébruk, at han kunne lage eit par songar utan å gjere dette offeret òg, noko han har gjort med stort hell tidlegare.
Øyvind Vågnes
|