Dag og Tid nr. 24, laurdag 14. juni 2003
Leiar:
Så tek vi sjukehusa
Denne helga vert 400-årsmarkeringa til helsestellet feira i Bergen. Helse Vest helsar festlyden med å leggja ned sjukehuset i Florø og gjera fødeavdelinga i Lærdal om til fødestove. Det kjem ikkje som ei overrasking. Det er ein del av ei utvikling vi etter kvart kjenner til. Skular vert slegne saman, postkontor lagde ned, nattoga forsvinn. Alle mogelege offentlege tilbod skal vurderast opp mot økonomi, inntening og kva som er mest kostnadseffektivt.
Florø sjukehus har i fleire år gjennomført omorganiseringar og driv i dag eit godt sjukehus. Sjukehuset har hatt ei god utvekslingsordning av lækjarar med Førde sjukehus. Dei har eit stabilt personale og dei rekrutteringsproblema som måtte vera, er skapte av den usikre situasjonen sjukehuset har vore i på grunn av alt snakket om nedlegging over lang tid.
I Lærdal vert dei sitjande att med ei såkalla jordmorstyrd fødestove. Fødestova skal berre ha gynekolog i arbeidstida, og ein kjem ikkje til å ha kirurgar med spesialisterfaring for fødselshjelp, slik ein har i vanlege fødeavdelingar. Det gjer at langt fleire særleg førstegangsfødande må sendast til Førde eller Voss. Heile Sogn vert rett og slett utan ei fullgod fødeavdeling.
Det tek i dag to og ein halv time frå Årdal til Voss. Likeins frå Luster til Førde. Det tek ein time frå Florø til Førde. To timar frå Bremanger til Førde. I sum er nedleggingane i Florø og Lærdal ei sterk svekking av heilt elementære og grunnleggjande helsetilbod for svært mange i Sogn og Fjordane. Det svekkjar tryggleiken til folk i lokalmiljøa, og det er dårleg distriktspolitikk.
Svein Gjerdåker
|