Dag og Tid nr. 24, laurdag 14. juni 2003

Klok på bok 618:
Ein gammal travar

Ho Brita Lundeland i Aurland skriv at ho tok oppmodinga om å rime bokstaveleg:

«Kva er det som rimar på jippi?
Jau, det må bli ‘Mississippi’
Forfattaren er 43 – han er ingen gamling
debuterte i 85 med novelle-samling

Morten H. Olsen voks opp i nord
den nye ‘Mississippi’ kom ut i fjor
Hovudpersonen er Leonard – kalla Leo
Tittelen på boka er ‘Mississippi.neo’
»

Takk for godt svar, Brita! Slikt løner seg. Gratulerer med premie denne veka!

Han Harald Haugland i Mandal ber meg sende premien til Mandal sidan det ville glede ein «ujamn lesar». Men som du ser, Harald, eg kunne ikkje godt la ho Brita stå utan premie, ho som har dikta så fint. Men du har eit poeng du òg: «Dette er noko så spesielt som ei omarbeidd bok, gjeven ut i redigert versjon om lag 12 år etter første boka kom. Difor har ho fått tillegget .neo og tittelen elles som i 1990: Mississippi. Eg trudde ikkje det var nokon annan boktittel som rimte på jippi enn ‘hippie’. Den einaste boka med denne kule tittelen er skriven av Arne Ruset, men han har ikkje så mange bøker bak seg, så eg måtte ut på leiting att. Då dukka Morten Harry Olsen opp, og dermed var gåta løyst. At Leo kan klare å køyre 40 timar + på amerikanske vegar utan å sove, høyrest underleg ut. Eg las litt av boka på heimesidene til Morten Harry Olsen, og heldt på å sovne, men det kan jo skuldast at middagsluren ventar», skriv han Harald i Mandal.

Han Kaare Stegavik i Trondheim skyt langt over mål: «Hei igjen, haijnn e heijlldi som har Harry te mellomnavn, fer som du veit så e Morten Olsen deijnn danske laijnnslagstrenarn i fotbaijll, å haijnn like vi bærre sånn passeli akkorat no, like før tidenes kamp i Parken. Deijnn kar’n som vi ska fram te, ha skrevve boka ‘Mississippi.neo’, å det e stor prestasjon bærre å bokstavér det elvenavnet rætt synes æ. Men du ga no vel i meste laget med spor læll no, Paula, æ syntes det va bærre skonommeret hass Harry som mangla. Skjønt så myijtti svar å få, å my fint lesestoff åt dæ

Ja, det har vore underskot på godt lesestoff i det siste. Skonummeret til han Morten Harry Olsen er ukjent for meg, men kanskje det er det same som alderen – 43?

Han Thor Henriksen i Oslo skriv slik: «Reiser oppover fremmede elver, eller innover i skremmende sinn, kjenner vi fra verkene til Conrad og Coppola. Men Morten Harry Olsens ny-parafrase over ei lignende erkjennelsesreise holder seg nærmest i hjemlige farvann. Mange synes at de kjenner Sørstatene og Mississippi bedre enn Kongo og Kambodsja, selv om de aldri var der heller. Mørkets hjerte har i alle fall sluttet å gjemme seg langt borte, på hvite kartflekker. Min datter sier ganske muntert at det en stund befant seg i ei bowlingkule fra Columbine, og at det fortsatt er minst like hjemløst som Conrad var

Ho Tove Thorp som truleg bur i Oslo, sender rett svar og legg til denne kommentaren: «Siden du vil ha lange svar, kan jeg nevne en liten kuriositet. Deichmanske Bibliotek i Oslo plasserte (ganske riktig) den første boka på vanlig skjønnlitteratur, men så har jo Olsen skrevet noen krimbøker etter dette, og fjorårets utgave er å finne blant krimbøkene. Jaja.»

Han Gunnar Hagen i Andfiskå synest òg at eg var raus med stikkorda: «Kva som rimar på jippi? Jau, det er vel ‘Mississippi’, det. Men sitatet er vel henta frå nyboka, ‘Mississippi.neo’, i alle fall finn eg det ikkje i gamleboka. Spora låg i tjukke lag. Det einaste som mangla, var at forfattaren er barnefødd i Narvik. Men det er han altså, og busett sørpå

Ho Anna-Margrethe Birkland i Kristiansand skriv slik: «Du får nok både mange, lange og velformulerte svar på oppgaven denne gangen. Så jeg fatter meg i korthet: Forfatteren er Morten Harry Olsen og romanen er ‘Mississippi.neo’, som kom i fjor høst, en spennende historie – omarbeidet fra ‘Mississippi’ (1990)

Tusen takk til alle andre som sende korte eller lange velformulerte svar! Det er godt å sjå at de framleis er med.


Klok på bok 618

Statelig og trinn trådte Buck Mulligan frem øverst i trappen. Han bar på en skål med såpe-skum, hvor et speil og en barberkniv var lagt i kors. En gul slåbrok, uomgjort, ble båret mykt bak ham av den milde morgenbrisen. Han holdt skålen frem og intonerte:
– Introibo ad altare Dei.
Han stanset, kikket ned den mørke vindeltrappen og ropte barskt:
– Kom opp, Kinch! Kom opp, din fryktelige jesuitt!


Vi skal til ein verdskjend forfattar og ein vidgjeten roman på 650 sider, utgjeven i 1922. Sjølv om eg risikerer nokre safige gloser fordi eg gjer det for lett, serverer eg dette stikkordet: Dublin Bloomday.

Ho Paula vil framleis ha mange svar til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 før fredag 20. juni.

Paula på posta

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |