Dag og Tid nr. 24, laurdag 14. juni 2003
Kultur:
Fjernsynskritikk i praksis
Fjernsynet gjer det umogleg å operera innanfor den akademisk innforståtte samtalen der halvkveda viser florerer, seier Jostein Gripsrud, som har laga tv-serie om kunst.
Svein Gjerdåker
svein@dagogtid.no
Jostein Gripsrud, professor i medievitskap og tidlegare leiar for Allmennkringkastingsrådet har laga TV-serie om kulturell uorden, seks program à 30 minutt på NRK. Ein «roadmovie», står det i reklamen for folk som kanskje er meir interesserte i kunst enn det dei er klare over. Det har vorte godt fjernsyn.
Du er mediekritikar. Har du laga din eigen serie for å visa korleis godt fjernsyn skal lagast?
Både eg og dei eg har arbeidd saman med, ville gjerne visa at det er mogleg å laga seriøse kulturprogram som også er underhaldande og breitt innretta. Ein ser i dag mykje triviell kritikk av fjernsynet, ikkje minst mellom akademikarar. Sosiologen Oskar Negt og filmskaparen Alexander Kluge konkluderte alt på 1970-talet at den ordinære offentlege kritikken av fjernsynet alltid vil liggja etter og alltid vil vera utvendig i høve til fjernsynsproduksjonen og dei vilkåra han lever under. Dei hevda at den einaste verkeleg verknadsfulle kritikken av fjernsynet var alternativ produksjon, produksjon som syner at noko anna er mogleg. Dette har eg hatt i bakhovudet dei siste 27 åra, samstundes som Kluge har laga merkelege filmprogram på den hyperkommersielle kanalen Sat1 i Tyskland.
Vanskeleg medium
Kva slag ideal hadde du før du tok til med serien?
Eg hadde tidlegare eit forskingsprosjekt om retorikk, kunnskap og formidling, der eg studerte folkeopplysing gjennom fjernsynet på 1960- og 70-talet. Der såg eg på norske program av Francis Bull, Per Hafslund, Helmut Ormestad og Otto Øgrim og dessutan britiske programseriar som Kenneth Clarke sin 13 timar lange serie Civilisation og John Berger sin serie Ways of Seeing.
Alle desse programma var laga av folk som kunne noko og som formidla det dei kunne. Det var forskarar som formidla sjølve. Men fjernsynet er svært annleis no, og konklusjonen min var at det er eit så vanskeleg medium for forskarar og akademikarar at dei stort sett burde overlata det til journalistar. Samstundes hadde eg, etter mange år med forsking og undervising om mediet, lyst til å prøva. Så då eg søkte om pengar til forskingsprosjektet «Kulturell uorden», la eg inn at prosjektet også skulle formidlast gjennom ein TV-serie.
Påverka det forskinga?
Ja, TV-serien kravde svar på spørsmål vi ikkje hadde tenkt på. Det vart også umogleg å operera innanfor den akademiske innforståtte samtalen der halvkvedne viser florerer. Vi vart tvinga til å få til ei langt meir poengtert framstilling. Det legg press på tanken og du må stryka dei fleste atterhalda. Ein TV-serie som dette skal tenna appetitten, men ikkje tilfredsstilla han.
Korleis er det å arbeida innafor eit så lite format som seks gonger 30 minutt?
Eigentleg hadde eg tenkt å laga tre timelange program. Men sjølv fjernsynsprogram om interessante emne har vanskar med å halda på merksemda ein heil time. Det er krevjande å fylgja med så lenge på eit program som verkeleg har noko å fortelja, i ein rytme programmet avgjer, ikkje sjåaren. Vi ville at folk skulle ynskja seg meir ved slutten av programmet, ikkje gleda seg over at det var slutt.
Forrett
Kva har du streva mest med i arbeidet med serien?
Det å laga godt fjernsyn om abstrakte omgrep og problemstillingar. Det handlar om å illustrera og eksemplifisera prosessar og relasjonar som ikkje utan vidare er handfaste. For eksempel: Korleis kan ein best illustrera fenomen som høg og låg kultur? Vi var inne på å laga to husvære eitt for kvart kulturnivå der ulike møblar og ting og tang skulle visualisera ulik smak. Men vi droppa tanken.
Kvifor det?
Det vart for dyrt. Det var det eine. Vi hadde lite pengar. Vi måtte ha hatt dramasekvensar med innleigde skodespelarar. Det kostar. Men for det andre fungerer det nesten alltid dårleg. Det blir gammaldags skulefjernsyn med ein gong. Vi prioriterte heller å bruka pengane på reiser. TV eignar seg godt til lenestolsreising. Ein får mykje gratis visuelt, og reisa gjev ei slags forteljarform i seg sjølv.
Har du måtta gå på akkord med faglege krav?
Nei. Dette er fjernsyn. Alle forstår at verda er langt meir kompleks enn det programma kan gje plass til. Serien er dessutan prega av ei segmentert framstilling med montasjar av emne og sitat som gjer det tydeleg at mangt er utelate. Hovudinntrykket skal vera at her er det mange spennande tema og at kunst og estetikk er viktig for alle. Grundigare framstilling og dei finare distinksjonane må andre medium ta seg av, det er ikkje styrken til fjernsynet. Fjernsynet kan stå for ein appetittvekkjande forrett. I det ligg det også at ein får andre opplevingar og erfaringar enn dei ein får i hovudretten. Forretten har sine eigne kvalitetar.
Underhaldning
Var det viktig for deg å provosera?
Nei, men å underhalda var viktig. Det er mogeleg at vi kunne ha erta kultureliten meir, det har eg eigentleg alltid likt. Men det viktigaste var å overraska. Gong på gong frå første episode prøver vi å følgja det vi kalla «estetikken til dei brotne forventningane». Folk skal tru at no kjem rockelåten ein gong til, men så kjem det berre strykarar. På alle plan prøvde vi å bryta forventningane om kva som skulle koma i neste sekvens. Ein kan kanskje provosera nokon på denne måten, men poenget er å engasjera.
Går det an å provosera i dag i det heile?
Nei, i kunstsamanheng er det nesten umogeleg.
Serien har eit høgt tempo, med raske skifte. Kvifor?
Tempoet er høgt, men ikkje høgare enn det kompetente TV-sjåarar meistrar. Framdrift er viktig. Visuelt har vi dessutan tenkt film heile tida. Ikkje TV.
Fordi?
Fordi det er kjekkare å sjå film enn tradisjonelle TV-program det er rett og slett ei større visuell oppleving. Og serien vår er ei visuell oppleving.
Kva er det ein mistar ved denne måten å laga TV på?
Sjølvsagt den langsame utdjupinga, nyansar og ulike typar kompleksitet. Men farten i serien trur eg gjer at ein vert meir nyfiken og sit att med spørsmål som ein vil ha svar på. Og det er like viktig.
Eg var inne på tanken om ein studiesamtale etter Kveldsnytt som vara fram til halv to om natta, eller til programleiaren fann ut at no var det ikkje meir å snakka om. Noko slikt kunne nok ha hatt sine høgdepunkt, men det ville ha mangla det som er svært viktig på TV: temperatur. Ein må heller bruka skriftmedia til dei store refleksjonane.
Men du har mange små uhøgtidelege samtalar i programma?
Ja, tanken er delvis at samtalane skal vera med på å avmystifisere og menneskeleggjera ekspertane og ekspertisen. Men eg har sjølv lært svært mykje ved å snakka med folk, og dialogen er ei eldgammal form for kunnskapsformidling.
Vanskelege vilkår
Kva har du lært som medievitar med denne serien?
Ikkje minst at vilkåra for uavhengig fjernsynsproduksjon er svært vanskeleg. Det er vanskeleg å skaffa finansiering, og spørsmål om opphavsrett er i ferd med å kvela mykje av denne typen produksjonar. Ein må i dag betala for å filma visse hus utvendig. Og prisane for arkivstoff vert høgare og høgare. NRK kjøpte i si tid Filmavisa for ein million kroner og har i tillegg heile kringkastingsarven til det norske folket. Dette er dei i dag pålagde å gjere forretning med.
Ein ikkje liten del av dei pengane som NRK betalte for serien, tok dei tilbake i prisen for eitt minutt fjernsynsteater frå 1960-talet.
Har du vore objektiv? Eller er det Jostein Gripsrud sitt syn som kjem til orde?
Eg er subjektiv, men skikkeleg eg prøver å vise føresetnadene for det eg påstår.
|