Dag og Tid nr. 24, laurdag 14. juni 2003

EU: Noreg driv mot ein splitta union

Aldri har Unionen vore mindre unison, og trass i ny EØS-avtale og Polen-sug, har vel aldri det norske folket vore mindre engasjert i EU-spørsmålet enn nett no. Ja-sida surfar mot EU-valet i 2005 på ei bølgje av resignasjon.


Johan Brox
johan@dagogtid.no

At 39 millionar polakkar blir med i EU, har lite å seia for leiar i Nei til EU, Sigbjørn Gjelsvik. Eller «Sigmund Gjelsvik», som VG kallar han på leiarplass i nett-avisa, under den tala

nde tittelen «tette skylapper».
VG har rett i at Nei-sida no har mist argumentet om at EU er ein rikmannsklubb. Det er ikkje nok at Gjelsvik snur bunken av gode nei-grunnar frå 1994 for å venda opinionen før ei eventuell omrøysting etter Stortingsvalet i 2005. I god tid før det bør han kan hende òg gje roret til ein leiar som største avisa i landet finn det bryet verdt å læra namnet på.

SupperådetVG har ikkje rett når avisa i same leiaren skriv at EU er i ferd med å bli omdanna til ein «alleuropeisk union som vi står utenfor». EU minner for tida mest som eit regionalt FN som me står utanfor, eit supperåd som USA kan splitta og herska over med Polen som ny trojansk hest i EU-parlamentet. Praten om sams utanrikspolitikk, sams tryggingspolitikk og ei alleuropeisk grunnlov har stilna av. Medan yttergrensene til unionen eser ut i aust, har visjonane om brorskap og einskap skrumpa inn til noko som minner om den opphavlege kol- og stålunionen det heile byrja med.

Prisen

Leiaren i Hedmark Arbeidarparti, Reidar Åsgård, appellerer til Jagland og Stoltenberg om å ha is i magen og ikkje bli for oppglødde over den polske folkerøystinga. «Det er tross alt i Polen det har vært en folkeavstemning, og ikke i Norge», minner han partileiarane om.

Etter å ha blitt skalta og valta med i hundreår, ønskjer polakkane tryggleik – så sterkt at dei gjekk med på å ofra sitt eige jordbruk for å få vera med i EU. Jordbruket er inngangsbilletten polakkane måtte betala, etter som dei ikkje får del i støtteordningane som andre EU-bønder har, og det er bønder polakkane no må konkurrera mot på fellesmarknaden, med berg og fjell av korn og smør å drukna polakkane i
Demokratiet

Noreg har ikkje halde folkerøysting, tvert om har ei handfull diplomatar forhandla fram eit utkast til EØS-avtale som korkje folk eller folkevalde i Noreg har blitt spurde eller informerte om. Interessa for avtalen er tilsvarande, og lite veit me om denne Bondevik-babyen. Heller ikkje stortingsrepresentantane er fullt ut orienterte. «Det er oppsiktsvekkende at avtalen ikke offentliggjøres. Jeg kan ikke skjønne hvorfor den skal holdes hemmelig når den er ferdig forhandlet. Enten må avtalen legges fram, eller så må utenriksministeren redegjøre for avtalen i Stotinget», seier Åslaug Haga i Adresseavisen.
Mellom vondt og verre

Men me veit så pass at korkje tilhengjarar eller motstandarar av EU brenn for ein EØS-avtale som kostar det same som eit fullt medlemskap (1,8 milliard kroner), som gjev oss same pliktene som eit fullt medlemskap, men ikkje rett til å ha eit ord med i laget. Det er, som Aftenposten skriv på leiarplass «en tidsbegrenset husmannskontrakt». Det er det beste me får.

Dei 64 prosentane som svara at dei kom til å røysta ja til medlemskap ved neste høve, augnar vel ikkje andre alternativ: EU er som alderdommen – ein kan kjempa imot med sminke, gymnastikk og kalde avrivingar, men til sist må alle gje seg over. Få gjer slikt med entusiasme.

EØS-avtalen er derimot tidsavgrensa, som Aftenposten peikar på. Dessutan kan han, motsett EU-medlemskapen og alderdommen, seiast opp så snart eit betre og meir sexy alternativ dukkar opp, som ein sambuarkontrakt. I det er han uendeleg mykje betre enn eit EU-medlemskap utan ende. Aftenposten gløymde i farten å nemna dette i leiaren.
Tysk tragedie

Det gjer ikkje stortingsrepresentant Ågot Valle (SV) i eit intervju i Nationen. Ho viser til den aktuelle stoda i Tyskland, der arbeidsløysa har kome ut av kontroll. Men stabilitetspakta i EU set grenser for kva tiltak tyskarane kan treffa for å løysa problemet. Euro-land har ikkje lov til å budsjettera med underskot som er større enn tre prosent av brutto nasjonalproduktet. Tyskarane kan med andre ord ikkje bruka pengepolitikken og tilpassa renta til tyske tilhøve, slik Noreg for tida freistar å gjera. EØS-avtalen hindrar oss ikkje.

«Da gjenstår det bare for sosialdemokratiets forbundskansler Schröder å angripe faglige rettigheter som lønn, oppsigelsesvern og arbeidstidsordninger», seier Valle.

Tyskarane kan kasta kanslaren sin, men dei kan ikkje endra den politiske kursen han har følgt. Misnøya med denne kursen kan stort sett berre bli manifestert gjennom apati, raseri eller ved å røysta fram meir eller mindre ekstreme protestpolitikarar på fløyene, som me har sett i Frankrike (Le Pen), Austerrike (Haider) og dels i Danmark (Pia Kjærgaard).

Den som har størst grunn til entusiasme over at ja-sida går fram her i landet, må såleis vera Carl I. Hagen i det programforplikta nei-partiet Frp.
Demokratiet

Medlemskap er beste måten å sikra seg for all tid mot at opinion, debatt og norske interesser får avgjerande påverknad over økonomien og politikken for arbeidsliv og maktfordeling i Noreg. EØS-avtalen er ein stein i skoen. Det demokratiske underskotet som følgjer av at Noreg og andre små EØS-land må stå på gangen medan EU-parlamentet vedtek lovene og politikken for seg, blir permanent den dagen dei melder seg inn. For det er rett som Sigbjørn Gjelsvik seier til Aftenposten, at reformarbeidet i EU no går ut på at små land skal gje frå seg makt til dei store.
Pengeunionen

Åslaug Haga meiner at det britiske neiet til ØMU – Euro-klubben i EU – er viktigare for Noreg enn at Polen melde seg inn. Ho påstår Jens Stoltenberg talar med minst to tunger når han ivrar for medlemskap samtidig som han hevdar at kampen mot arbeidsløysa framleis er jobb nummer ein for Arbeidarpartiet. Den britiske regjeringa – som òg kallar seg sosialdemokratisk – kom til at ØMU ville verka negativt for britisk økonomi, med auka arbeidsløyse som resultat.

– Stoltenberg må gjere greie for nett korleis han skal kjempa ned arbeidsløysa som medlem av EU, seier Haga.

Åslaug Haga minner om at nye medlemer ikkje har høve til å seia nei til den økonomisk-monetære unionen, som slit med dobbelt så høg arbeidsløyse som Noreg.

Difor er det berre rimeleg at det nett er den tyske avisa Die Welt som skriv at britane valde rett ved å seia nei til ØMU. «Det er bittert for Europa, men slik situasjonen er, bra for økonomien på øya.» I Austerrike legg Der Standard til at det hadde vore dumt av britane å knyta seg til ØMU så lenge «kontinentet nektar å setja ned skattane eller liberalisera arbeidsmarknaden».
Ja-folk til nei-parti

Oppglødd av dei siste meiningsmålingane i Noreg, trur Jens Stoltenberg at han kan få oppfylt tre ønske på ein gong: Arbeidarpartiet kan vekse, Stoltenberg kan bli statsminister og Noreg kan bli med i EU, skriv Kjell Erik Kallset i Dagsavisen.

Men kinderegget til Stoltenberg er skjørt, minner han om. «Ingen målingar har vist intensiteten i ja-røystene. Tvert om synest det som om mange ja-folk er så lite brennande for EU-prosjektet at dei har samla seg om nei-partiet SV, og ikkje ja-partia Ap og Høgre.» Jens Stoltenberg elskar EU «i den grad det er mulig å ha kjærlighetsforhold til en institusjon». Kjærleik gjer blind. Og folk er svikefulle, konkluderer Kallset.

EØS-avtalen gjev oss høve til å svika ikkje berre politikarane våre, men òg politikken dei fører. Det er eit gode som fullverdige EU-medlemer har gjeve frå seg.


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |