Dag og Tid nr. 24, laurdag 14. juni 2003

Bøker:
Festskrift med fiksjon

Spennande bok om ein merkeleg klubb med engelske forbilde og nansenske dimensjonar. Men kva skjer med fakta når forfattaren krydrar dei med fiksjon?

Edvard Hoem:
Roerne i Christiania – Edmond Raveharts fortelling
Aschehoug forlag


Edvard Hoem har skrive historia om Christiania roklub, og den historia har han skrive på riksmål. Det er sikkert fleire grunnar til at Hoem har skrive boka på sidemålet sitt. Kanskje klubben hadde tinga ei historie om seg sjølv på riksmål, og kanskje Aschehoug forlag også meinte det var best med riksmål i denne samanhengen? Forfattaren sjølv har vel også til slutt, eller frå starten av, vore samd i at denne historia ville bli best slik. Christiania roklub er ein konservativ klubb etter engelsk mønster, og sidan klubben nå ein gong held til i hovudstaden, har klubben, forlaget og Hoem funne riksmålet mest formålstenleg for oppgåva. Riksmålet til Edvard Hoem fungerer da også greitt gjennom dei 353 sidene, og alt i alt står det i alle fall i stil med dei folka som vanka i klubben dei første 50-70 åra.

Djerve menn

Roerne i Christiania – Edmond Raveharts fortelling
er eit festskrift eller dokumentarskrift om Christiania roklub. Starten, stiftinga og merkeåra i klubbhistoria blir dokumenterte. Forutan å vere klubbhistorie og 125-års-dokumentasjon er boka også blitt eit interessant stykke historie om Noreg, Oslo, rosporten og dei mannfolka som gjorde det mogleg å bygge klubbhus, reise på tevlingar i England, hente engelske trenarar til klubben og i det heile halde klubben levande frå 1878 og fram til i dag. Stiftaren Axel Heiberg og den mangeårige formannen Hannibal Fegth er blant dei viktigaste personane. Men det er fleire store, sære og peronlege karar i denne klubben som lenge berre tillét mannlege medlemmer. Axel Heiberg er ein mann med nansenske dimensjonar. Etter studiar i utlandet, kjem han tilbake til Noreg med ambisjonar om å gjere Noreg større, og på mange vis får han det vel også til. Boka handlar om ein pussig del av norsk sjøfartshistorie og ein stolt bit av norsk idrettshistorie. Det er blitt ei forteljing om snobberi, drøymeri, pågangsmot, innsatsvilje, kameratskap, naturglede, konkurranselyst, arbeidslyst og klasseforskjellar. Og det er dei store og djerve mennene som spelar hovudrollene i denne boka. Utan ein Heiberg, ein Sverre eller ein Fegth hadde ikkje klubben hatt pengar til å halde det gåande.

Utanpåklistra

Edvard Hoem har skrive forteljinga om Christiania Roklub i høve 125-årsjubileet til klubben i år. Boka er blitt ei blanding av fakta og fiksjon, utan at det er klårt kva som er verkeleg og kva som er oppdikta. Fiksjonen – «Edmond Raveharts fortelling» – verkar som eit utanpåklistra grep som ikkje hjelper Hoem å fortelje artigare eller meir djupsindig. Eg trur Edvard Hoem kunne klart seg utan ein fiktiv forteljar i sin dokumentasjon av den stolte og rare roklubben. Kanskje hadde Hoem og forteljinga kome lenger med sedvanleg essay- eller artikkelstemme.

Hoem vinn og taper med valet av fiktiv forteljar. Han vinn distanse, men kva skal han med distanse når forteljaren hans taper perspektiv i og med at han ikkje er grublande og spørjande nok? Hoem taper nok ikkje truverd, til det er det for tydeleg kva som er forteljinga til Ravehart og kva som er fakta om roklubben. Men eg synest Hoem med sin fiktive forteljar taper fokus og intensitet i forhold til hovudoppgåva – å fortelje om roklubben og rosportens grunntrekk – og han mistar eit godt høve til å vere drøftande, grublande, spørjande og tvilande essayist. I staden for ei mang-slungen essaystemme får Ravehart fortelje ganske einsidig, subjektivt og i sjablongar om skilnader på Oslo før og nå (i forteljinga nåtid er han der i 1998, tidlegare var han der i 1960-åra). Noen vil kanskje meine at ein oppdikta og subjektiv forteljar ikkje er meir eller mindre subjektiv enn ein subjektiv essayist, og det kan vel også hende noen gonger. Men ein subjektiv essayist prøver seg sjølv og saka si, og vil dermed vere langt meir sjølvransakande enn ein oppdikta forteljar som har ei forteljing å fortelje og ikkje ei sak og ein identitet han skal utprøve. Eg veit nok at forteljarar i romanar og noveller kan vere sjølvransakande og sjølvprøvande nok, men Hoems forteljar i denne boka er det ikkje, og eg trur at Hoem kanskje kunne sleppt seg meir laus om han var seg sjølv. Kort sagt er det ikkje perspektiv, sus, djupn og refleksjon nok i Edmond Ravehart.

Verd å lese

Når roklubben i samarbeid med Aschehoug og Edvard Hoem først har fått Hoem til å skrive på aftenpostensk, burde dei samtidig lagt seg i selane for å utfordre essayisten og radikalaren Edvard Hoem. I staden for å utfordre essayisten har dei late Hoem velje den enklaste løysinga for å skrive 125-årshistoria til roklubben. Hoem distanserer seg ved ei platt rammeforteljing, der han lèt ein engelsk-nordmann fortelje historia om roklubben og Noreg. Grepet er gjort for å skape distanse til det norske og freiste å sjå Noreg utanfrå, samtidig som Noreg og Christiania roklub blir sett av ein engelskmann, fordi England også er heimlandet til rosporten. Eg synest som sagt at dette grepet ikkje er vellykka. Boka er likevel vel verd å lese for dei som er interesserte i norsk historie frå 1878 og fram til i dag, og særleg for dei som er interesserte i idrettshistorie og dei som aldri får nok av historie(r) om Oslo by.

Atle Christiansen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |