Dag og Tid nr. 23, laurdag 7. juni 2003

Bøker:
Wittgenstein no igjen?

– Det er eit paradoks at ein så anti-akademisk filosof som Ludwig Wittgenstein har gitt opphav til så mange dogmatiske skular og retningar, seier Knut Olav Åmås. Han har skrive ei 60 siders innleiing til ei nyutgjeving av hovudverket
Filosofiske undersøkelser.

Roald Helgheim
roald@dagogtid.no

Boka kjem no ut i Bokklubbens Kulturbibliotek. Anfinn Stigen var den første som på sekstitalet presenterte ei svært ufullstendig utgåve av dette verket, som for det meste består av tekstar Wittgenstein skreiv i perioden 1936-49. Det einaste bokverket Wittgenstein sjølv rakk å gje ut før han døydde var Tractatus Logico-Philosophicus (på norsk i 1999), som då vart rekna som hovudverket hans. Resten vart gjeve ut posthumt. Den første fullstendige norske utgåva av Filosofiske undersøkelser kom i 1997. På norsk finst også Filosofi og kultur (1995) og Den ukjente dagboken (1998). I 1999 kom Tractatus, i 2000 kom Bemerkninger om fargene, og i 2001 Zettel. Wittgenstein, som døydde i 1951, budde store delar av mellomkrigstida i Skjolden inst i Sognefjorden, der han også skreiv dei 188 første «merknadene» i Filosofiske undersøkelser.

Diktarfilosof

Knut Olav Åmås skriv i det innleiande essayet at verket er «et oppgjør med store deler av moderne filosofi. Stilt overfor språkfilosofene i Oxford fikk Ludwig Wittgenstein følelsen av at universitetsfilosofien hadde mistet sin kilde og sitt utgangspunkt. Wittgenstein distanserer seg fra en ‘ren’ tenkning som ikke har røtter i virkelige liv». Åmås, som i 2000 sjølv skreiv ein monografi om Wittgenstein, kallar han ein av våre få diktarfilosofar.

– Wittgenstein var anti-akademisk og dyrka stundom ein litterær, aforistisk stil. Det kan ein også lese av måten han skriv på, som er ei rad fragment som stadig var i endring og revisjon. Han tar avstand frå vitskaplegggjeringa av filosofien som den tidlegare læraren hans Bertrand Russell og andre stod for. Filosofi skal ikkje ha som mål å systematisere, teoretisere eller generalisere. Han er situasjonsbestemt og historisk forankra. Dei filosofiske problema er konkrete.

– Men han såg på filosofien som ein eit hjelpemiddel til å skilje mellom vitskap og det som ikkje er det?

– Ja, som klargjerande, og han viser gjennom måten han skriv på at filosofisk tenking liknar litteraturen og kunsten framfor å vere scientistisk.

– Som er?

– Å ha vitskap som metodisk førebilete i filosofien og å bruke vitskap som reiskap i eit politisk prosjekt, noko delar av Wienerskulen stod for på 20 og 30-talet.

Wittgenstein-mani

Då Wittgenstein døydde i Cambridge, let han etter seg 18.000 sider med stort sett handskrivne manuskript. Mengda av etterlatne skrifter blir likevel lita i høve dei siste femti års produksjon av bøker om problem og emne i filosofien hans, konstaterer Åmås i det innleiande essayet.

– Det er eit paradoks at ein så anti-akademisk filosof har gitt opphav til så mange dogmatiske skular og retningar. Om fem prosent av det som er skrive om tenkinga hans er interessant, er resten andektig utlegging og nasegrus tolking.

– Kvifor meiner du han blir betre forstått av kunstnarar og forfattarar?

– Ein kan like godt gripe kjernen i tenkinga hans i ei kunstnerisk form som ei akademisk. Mange har vist det, mellom andre Cecilie Løveid som laga eit stykke bygd på Den ukjente dagboken. For Wittgenstein var filosofien ein måte å spørje på, ei eksistensiell haldning, seier Åmås.

Språkfilosof

– Kva vil det seie at Wittgenstein var ein språkfilosof?

– Filosofi er ikkje anna enn ein freistnad på å løyse problem som oppstår fordi vi ofte
misforstår korleis språket fungerer i alt sitt mangfald. Språket konstruerer røyndomen rundt oss. Språk er handling. Gjennom å lære språk og å bruke det, gir den einskilde brukaren røyndommen ein profil, seier Åmås.

– Eit mangfald av filosofiske fragment og perspektiv er den forma som trengst til å gripe eit problem, til å sjå det frå flest mogleg vinklar. Wittgenstein vil ha lesaren til å sjå på ei sak på flest mogleg måtar. Det er ein antidogmatisk filosofi. Det gjer den også til ein «veik» filosofi, som ein kan vri på og bruke og misbruke som ein vil, seier Knut Olav Åmås.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |