Dag og Tid nr. 23, laurdag 7. juni 2003

Kultur:
Mannen med sinte øyro

– Eg vil ha meir radio om gikt, graviditet og kink, seier medievitar Lars Nyre.



Kjetil A. Brottveit
kbrottve@online.no

«Angry ears», sinte øyro, er eit uttrykk frå sosiologen Erwing Goffmann. Lars Nyre brukte uttrykket då han nyleg disputerte for doktorgraden i medievit-
skap ved Universitetet i Bergen. Han har teke føre seg lydmedium og lagt spesielt vekt på den teknologiske og retoriske utviklinga i radiomediet. Avhandlinga har
tittelen: Fidelity Matters. Sound Media and Realism in the 20th Century.

Truverd eller tillit

«Fidelity» – truverd eller tillit – er eit nøkkelord for Nyre.

– Vi har ein tendens til å tenkje på programleiarar som vener,
men dei klassiske kriteria for
kvifor ein liker folk, gjeld ikkje. Programleiarane har ikkje gjort noko for deg. Kanskje dei spelar roller, men dei vert oppfatta som ærlege, komplette menneske. Som lyttar går ein gjerne til ytterkantar i forholdet til programleiarar. Ein liker dei, eller liker dei ikkje. Det treng ikkje vere bygd på refleksjon, men likne på opplevingar ein kan få på ein fest: Etter tre minutt slår ein fast at «han der kan eg ikkje snakke med». Dersom ein ikkje kan formulere kvifor ein har ei haldning til ein spesiell programleiar, bør ein kanskje arbeide med det. Som lyttar er ein i ein forhandlingsposisjon. Eg vil gjerne minne folk om at dei ikkje treng å vere generøse med tilliten, seier Nyre.

Kven er mest folkekjær?


Før i vår terga han på seg Tande-P. etter ein kronikk i Dagbladet. Nyre sette dagens tv-kjendisar som Tande-P. opp mot Rolf Kirkvaag på 1950-talet: «Definisjonen på ein kjendis er at han er kjend for å vere seg sjølv, og dette var Rolf Kirkvaag veldig flink til. Eg meiner at publikum på 1950-talet hadde større tillit til Kirkvaag enn nokon av oss kan ha til Tande-P. og andre samtidskjendisar.»

– Kva var det Kirkvaag hadde som Tande-P. ikkje har?

– Kirkvaag var ei Marshall-hjelp til det norske folket, seier Nyre som slik legg vekt på innverknaden frå USA.

– Vi fekk kjøt og flesk, og Kirkvaag fekk lov til å vere personleg og intim på radio. Det var opp-siktsvekkjande på den tida, og Kirkvaag kunne med rette kallast folkekjær. Det var legitimt å lite på Kirkvaag. Han var aleine om den personlege forma i norsk radio. No, når ein kan sjå 14-16 programleiarar på TV kvar helg, skal det berre eit minimum av kritisk tankegang til å gjennomskode at dei bruker mange av dei same personlegdomsstrategiane, seier Nyre og siktar til kos og hygge i snakkeprogramma på fjernsyn.

– Kanskje det ikkje var betre før, men då var det berre ein som spela denne rolla. Tande-P. prøver å vere flinkast av mange til å spele folkekjær, men han står for berre tull. Det forstår vi alle, seier Nyre, og intervjuaren tenkjer at han kanskje gløymer å vere ikkje-kulturelitist av og til.

Nyre presiserer at dette er påstandar, ikkje funn i avhandlinga der han berre skriv om lydmedium.

– Mange av mekanismane er dei same i radio og fjernsyn, men på fjernsyn er det lettare å sjå konstruksjonen av det hyggelege. Vi knyter oss personleg til programleiarane. Når vi snakkar om programmet Nytt på nytt, seier vi ikkje «programleiar 1, 2 og 3». Vi seier Anne Kat. Hærland, Jon Almaas og Knut Nærum.

– Å, så lett desse namna kjem ut av munnen, seier Nyre.

Eit av studieobjekta i avhandlinga er radioprogrammet «Det fikser P1». Folk ringjer inn for å etterlyse noko dei treng, eit utstoppa hestehovud eller mønsteret til ein kniplingsduk frå 1930-talet.

Dei avslørande brota

– Innringjarane skal kjenne kontakt og identifikasjon med programleiaren som er koseleg og lett å begeistre. Så kan ein mistenkje at det ikkje er heilt ekte. Programleiaren opnar gjerne samtalane med å spørje: «Kva driv du med i dag?» Då kjem det som regel noko hyggeleg, om barnebarn som kjem på besøk eller fisketurar. Men ein gong svara innringjaren. «Eg er arbeidslaus.»
Arbeidsløyse passar ikkje inn i formatet, og ein kunne merke korleis radiohjernane knirka. Det tok til å verte spennande, seier Nyre, som vart skuffa då knirkinga var over.

– Ho sa: «Då har du i det minste god tid.» Når brotet kjem, merkar ein kva dei er ute etter. Det koselege skal med koste kva det koste vil, seier Nyre.

Han fortel om eit anna innringingsprogram, «Tvert i mot» på P4. Folk ringjer inn for å diskutere eit bestemt emne. Programleiaren Anders Høglund prøver å argumentere for det motsette av det dei seier uansett.

– Dermed kan dei ikkje byggje på det dei føregåande innringjarane har sagt, og slik kome vidare i problematikken. No må eg ikkje verte kulturelitist, men det er eit dusteprogram, seier Nyre som har høyrt timevis av opptak frå programmet.

– Ein kan stadig merke korleis innringjarane vert frustrerte. Ein gong var det ein som sa: «No får det vere nok» og slengde på røyret. Programleiaren vart utsett for det same som han gjer sjølv heile tida. Han er så proff at det ikkje hende noko spektakulært. Men det kom ei lita nøling, seier Nyre.

Terapeutisk radio

Lars Nyre meiner at det norske magasinformatet på radio er utilstrekkeleg: Tre minutt prat som vert avbrote av songar. Han trur det er mykje å hente på at ein berre får god tid.

– Det er altfor lite kvalitetspludring på radio. I USA finst det radiokanalar utan musikk, der samtalane går i timevis, berre avbrotne av nyhende.

Nyre har fått pengar frå Forskingsrådet til å prøve ut alternativ. Han skal delta i eit forskingsprosjekt knytt til Høgskulen i Volda, og har laga seg stikkorda terapeutisk radio.

– Eg ser fram til å eksperimentere med nye programformer, der ein kan snakke lenge, heilt utan omsyn til lyttartal. Mange eldre er til dømes uroa over helsa. Kva om dei fekk ringje inn og diskutere med andre som har dei same problema? Det er for lite gikt og kink på radio.

– At folk skal få høve til å snakke ut – vil du kalle det eit demokratisk prosjekt?

– Ja, eg vil gjerne setje filosofen Habermas sine ideal om god kommunikasjon ut i livet. Dersom eg kan få ei uroleg, gamal dame til å vere mindre uroleg, skal eg vere nøgd.

– Du har òg kome med programideen om at diskusjonen frå Store stå skal kunne halde fram på radio etter fotballkampen. Men ein går ikkje heim og høyrer på radio etter kampen? Dersom ein vil diskutere kampen, går ein vel heller på pub?

– Det har du heilt rett i. Men diskusjonen er ikkje nødvendigvis over når puben stengjer. Tenk om NRK Hordaland slo til med eit dagleg to-timars program om Brann så lenge eliteserien held på? Då kunne ein verkeleg ha gått i detalj, seier Nyre.

Han skal òg sjå om tekniske radioformatet kan utviklast. Saman med internett kan ein kombinere tekst og bilete.

– Ein maksimal framtidstanke er at lyd og tekst vert kopla saman på mobiltelefonen. Når ein har ein mobiltelefon med radio og internett, vert det ein svært stutt teknisk veg frå høyring til respons. Dersom vi får det til, skal vi ikkje late formatet korrumperast av inntektsbringande tabloidisering. Vi skal ta patent på det og nekte P4 å bruke det, seier Nyre.

– Dersom du får gjennomslag for ideane dine: Kva hadde vore drøymeradioprogramet ditt?

– Det måtte vere eit to-tre timars program om mediekritikk. Då skulle eg ha vore trufast: «Nyre?! Er det deg att? Før du tek til å leggje ut: Hugs kva du sa førre veke.»

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |