Dag og Tid nr. 23, laurdag 7. juni 2003

Klok på bok:
Vonbrotet

«André Brink (født 1935) er professor i litteratur ved universitetet i Cape Town. Han engasjerte seg sterkt i apartheidbevegelsen, og hans romaner rommer kraftig kritikk av forholdene slik de var i et Sør-Afrika preget av undertrykkelse og sensur. Romanen Kennis van die Aand, 1974 (Looking on Darkness) var det første forbudte afrikaanspråklige verk i Sør-Afrika. André Brink er tildelt flere litterære priser, og i 1980 fikk han Martin Luther Kings Minnepris. Elleve av André Brinks romaner er oversatt til norsk, bl.a. Hvit tørketid (1981), En lenke av stemmer (1983), En terrorhandling (1991) og Bilder i sand (1996).»

Slik blir André Brink presentert på omslaget til romanen Djeveldalen som var Klok på bok-oppgåve 615. Romanen handlar om Flip Lochner, ein avdanka, alkoholisert krimreporter med eit havarert ekteskap bak seg.

Ho Inger Storbråten i Askim, han Olav Molven i Bergen og ho Birgitte Berge i Rådal skriv kort og greitt rett svar. Ho Elen Maria Todal i Hellandsjøen skriv slik: «Etter å ha mista to oppgåver på grunn av reising, må eg berre sjå i augo at Kpb 615 er heilt ukjent! Kom på norsk i 99, noko med Sør-Afrika (Kapp), og så det med helvete da. André Brink og ‘Djeveldalen’, Anne Randsman og ‘Djevelens skorsten’, geografisk kan båe bøkene høve, men synonym til paradis greier eg ikkje å sjå i titlane. Trur eg held ein knapp på Brink, eg. Det gjer du rett i, Elen Maria!

Heldigvis har han Kaare Stegavik i Trondheim slengt seg inn att i dansen: «Klok på bok på himmelfartsdagen. Hei Paula, æ mått ta en liten pause av ferskjellige årsaka, æ streva så me far hass Wergeland skjønne du, æ tænkt både på’n Kjærstad å’n Frobenius (Nikolaj), men det va no heilt bort i natta. Men det e fint med oppgava som gjær at en e nødt te å assosier litt. Æ starta litte feil med deinn herre oppgaven å, Kapp, da assosiert æ te Toten. No vesst æ at på Autobahn der e det mang tyskera som bli skræmt når dæm bli ferbikjørd tå en stor semitrailer som det står TOTEN TRANSPORT på. Itjnå rart det. Så når det skoill vårrå utenlainnds, da tænkt æ at kanskje va det ein skummel tysk roman som fer æksæmpel hette ‘Die Rückkehr der Toten’, eiller nå sånt. Men det va det itj. Nei, det herre va’n André Brink med boka ‘Djeveldalen’. Kainn æ få sitte’r litt tå anmeldelsa hass Jon Erik Bøe Lindgren? ‘Han vil vise hvordan det går når et samfunn får isolere seg og lage sine egne lover og regler, til dels basert på umenneskelige idealer, hykleri og troen på at man er Guds utvalgte.’ Æ veit fleire samfuinn som æ synes at det herre passe på, say no more!»

Takk skal du ha, Kaare, for at du skriv såpass langt. Elles måtte eg ha fylt det meste av spalta sjølv. Ho Birgitte Berge i Rådal vinn denne veka. Gratulerer!

Ja, då var det tompratet mitt att då. Eg lova dykk vel så vidt det var eit framhald om den første bilturen over fjellet i år. Det går ofte ikkje heilt slik som ein har tenkt. I alle fall hadde eg berre godt i tankane då han Peder kommanderte han Barabass fram i framsetet og sette seg ved sida av meg bak i 17 m-en. Men det var ikkje lukka som kom rundt neste sving. Det var han Skit-Endre som kom sigande midt i vegbanen med møkkaspreiaren på slep etter traktoren. Han Dale-Oskar måtte kaste bilen til sides for å hindre samanstøyten. Han Skit-Endre gjorde ikkje stort for å kome seg ut or vegen. Bra var nok det, elles kunne vi ha risikert at han hadde spreidd møkka der og då. Dessverre for oss så vart forhjulsstillinga slått skeiv, og vi måtte stable oss opp på gråtassen hans Skit-Endre og nyte den «friske» vårlufta heile den lange mila heim.  Og så eg som endeleg hadde fått han Peder inn i ein bil...

Sånn kan det gå. 17 m-en står no i sju steinar i steinrøysa bak huset på Dalen. Eg trur aldri han kjem på vegen att. Dessverre. Geitene har funne seg eit nytt leikety (håper biletet kom tidsnok fram i posten!), men den første softisen må eg visst sjå langt etter.

Klok på bok 617

IV

Du sökte en blomma
och fann en frukt.
Du sökte en källa
och fann ett hav.
Du sökte en kvinna
och fann en själ –
du är besviken.


Ja, dette er altså fjerde og siste strofe i eit nydeleg dikt skrive for snart hundre år sidan. Mange tek nok denne oppgåva på strak arm, men om andre skulle vere i tvil, røper eg at poeten er ei sjuk kvinne som døydde i 1923, og som ikkje vart påakta i samtida.

Kva heiter dikt og diktar? Svar Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 før fredag 13. juni.

Paula på Posta

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |