Dag og Tid nr. 23, laurdag 7. juni 2003

Bøker:
Den fastfrosne og udemokra tiske grunnlova

Kvifor skal amerikanarane halda fast på ei grunnlov vedteken for meir enn to hundre år sidan av 55 døyelege menn, underteikna av berre 39, dei fleste slavehaldarar, og deretter godteken berre av 13 statar med færre enn 2000 mannlege, kvite veljarar?


SAKPROSA
Robert A. Dahl:
How Democratic is the American Constitution?
New Haven & London: Yale University Press

Så respektlaust spør nestor i statsvitskap ved Yale-universitetet, norskætta Robert A. Dahl, i eit biletstormande åtak på eit nasjonalt ikon: the US Constitution. Ikkje nok med det. Av dei 13 engelske kolonistatane som var byrjinga på dagens Sambandsstatar, nekta Rhode Island å vera til stades ved grunnlovskonventet i Philadelphia sommaren 1787, og delegatane frå New Hampshire rakk ikkje ein gong fram før etter seks veker (nett som utsendingane nordfrå på Eidsvoll i 1814). Resultatet var at ei rekkje avgjerande voteringar i den grunnlovgjevande forsamlinga vart haldne med berre 11 statar til stades. Vidare veit vi at røystene vart talde opp innanfor kvar stat. Ofte var statsdelegasjonane så oppsplitta at dei var ute av stand til å stemma. Så nok ein gong: Kvifor halda fast, nærast religiøst, på dokumentet som til slutt vart pressa fram, eit skrift som trass i at det var grunnlagt på ein idé om at «alle menn er fødde like», likevel slo ring om eit av dei verste utslaga av menneskeleg undertrykking nokosinne: slaveriet. (Inspiratoren til sjølvstendeerklæringa i 1776, forfattar av dei stolte orda om likskap, Thomas Jefferson, eigde fleire hundre og frigjorde ingen slavar medan han levde – og alt tyder no på at han fekk born med ei svart kvinne, Sally Hemmings.)

Nasjonale ikon

Ikkje slik at Robert A. Dahl, i dag 87 år gammal, med familierøter frå garden Dal vestre i Følling utanfor Steinkjer, ikkje ser nytten av nasjonale ikon. Høgtidsamt vandrar publikum i dag rundt Magna Carta frå 1215 i British Museum og ser avtalen mellom den engelske kongen og adelskapet om at dei skulle verta dømde av sine likemenn, ikkje vilkårleg av kongemakta. (Dermed vart det skapt ei slags likevekt mellom adelen og kongen som la grunnlaget for den særeigne britiske rettsutviklinga.)

På same viset: Vår eiga grunnlov ligg nedisa i Stortinget som historie frosen fast i all æve. Det franske nasjonalbiblioteket tek vare på manuset til Zolas verdskjende handslag til kaptein Dreyfus, J’Accuse frå 1898, som ein republikansk relikvie. Grekarane har sitt Partenon som mor til alle nasjonalikon. Sovjetarane gjekk til og med til ytterpunktet: Å gjera eit balsamert lik (av ein sann despot) til si nasjonale altertavle.

Og går du inn i stasrommet i Nasjonalarkivet i Washington, ser du den amerikanske grunnlova vakuumpakka og mumifisert under gulna ljos. Køane framfor glas-sylindaren har ikkje så lite til felles med den svunne slangen framfor Leninmausoleet. I ein stat der skiljet mellom stat og religion er eit statslegitimerande prinsipp er dette det næraste du kan koma guddomen sjølv.

Med andre ord: Det er ikkje så liten distanse som skal til før nokon tek til å stilla spørsmål om kvifor dette høgst menneskelege dokumentet enno skal styra den einaste supermakta. Utan mykje kritikk. Utan nærare analyse av om det er på høgd med vår eiga tid. Særleg om grunnlova stettar moderne krav til å vera ein demokratisk konstitusjon.

Alle reformer vert avretta


Robert A. Dahl er illusjonslaus når det gjeld utsiktene til endring. Det har til dømes vorte gjort ei rad freistnader på å oppløysa det anakronistiske valmannskollegiet som gav George W. Bush valsigeren i 2000. Senatet har drepe dei alle. Den amerikanske konstitusjonen er så innvoven med balanseomsyn og kompromiss – ja, så fastfrosen, ikkje minst på grunn av all omsut for dei små statane – at Dahl ikkje ser utsikter til grunnleggjande endringar i overskodeleg framtid. Grunnlovsgjevarane sytte for så mange hinder for endringar at den amerikanske konstitusjonen i praksis er støypt i æveleg stål, overmåte tung å gjera noko med.

I staden gjer Dahl framlegg om noko mindre kravlaust: Lat oss ta til å tenkja annleis om grunnlova vår, skriv han, og framfor alt reisa spørsmålet om kva for standardar vi skal leggja til grunn for det politiske samlivet vårt, dei ei grunnlov skal ordfesta. Og undervegs tek han føre seg ei rad feilslutningar om tilhøvet mellom likskap og fridom som den franske aristokraten Alexis de Tocqueville kom med i ein elles framifrå røntgenanalyse av USA frå 1840-åra. Dahl meiner kort og godt at den innsiktsfulle franske greven ikkje såg klårt nok at politisk likskap ikkje truga personleg eller politisk fridom. Folkestyret står ikkje i konflikt med fridomen. Tvert om er fridom intimt knytt til dei demokratiske institusjonane som rettsvesen, parti, val og maktdeling. Utan dei, heller ikkje noko demokrati. Det er også kan henda eit paradoks at det fleirtalet som folket fekk i demokratia, ikkje har vorte brukt til å fjerna privateigedomen eller jamna ut levekåra. På ny tvert om: USA har i dag ei av dei skeivaste fordelingane av inntekt mellom demokratia i verda. 82 prosent av dei demokratiske landa i verda gjer det betre enn USA på denne målinga.

Dahl har skrive ein liten klassikar i demokratisk kritikk av frykta for massedemokratiet. Her skal eg visa kvifor.

Angsten for folket

Robert A. Dahl er den mest framståande demokratitenkjaen i live i dag, og det er difor ikkje overraskande at han meiner den amerikanske konstitusjonen bør vurderast etter dei mest avanserte, demokratiske måla. I høgsetet set han politisk likskap: Temaet for boka hans er spaninga mellom dei moderne krava til folkeleg påverknad, retten til å styra seg sjølv ut frå ein idé om at alle personar har lik rett til å verta høyrde, og forfatninga, slik ho er nedarva. For Dahl er saka klår: Han argumenterer kraftfullt for at legitimiteten til grunnlova berre kan førast attende til den nytten han har som verkty for demokratisk styre. Ikkje meir, men heller ikkje mindre.

Grunnlovsfedrane (Dahl er påpasseleg med å skriva «the Framers», ikkje «the Founding Fathers») frykta folket, dei mobb-liknande instinkta deira, ukunna og massane som trugsmål mot ro og orden. Dei kunne lett undergrava eigedomsrett og politisk klokskap. Difor er den amerikanske grunnlova sjølve stjernedømet på dominansen til «kautelar»: Hinder som sluser i kanalar skal halda styr på dei folkelege understraumane og balansera institusjonane mot kvarandre for å hindra despoti – og, det er like klårt, for mykje demokrati.

Ei rekkje sterkt udemokratiske element i den opphavlege grunnlova frå 1787 er difor lette å isolera: Forutan slaveriet, ein sterkt avgrensa stemmerett (kvinner, svarte og indianarar vart utelukka, kvinner til 1919); valet av president, som grunnleggjarane til å byrja med ville halda folket borte frå; valet av senatorar som også skulle leggjast til delstatsforsamlingane for å skapa distanse frå folket; ulik representasjon i Senatet, uavhengig av folketalet (noko Dahl meiner rett og slett ikkje kan sameinast med demokratiske krav: Ei stemme for senator i Alaska er i dag 54 gonger meir verd enn ei stemme i California); overprøvingsrett i Høgsterett over lover vedtekne i Kongressen; sterk innskrenking av makta Kongressen skulle ha for å regulera økonomien, mellom anna ikkje rett til å ileggja inntektsskatt.

Men snart møtte dette opphavlege, innskrenkande reisverket demokratisk motstand. På same vis som den norske grunnlova var smidig nok til å verta ei ramme kring demokratiske reformer, viste Sjølvstendeerklæringa frå 1776 seg å vera eit spenntak for demokratisk lengt og reformarbeid. «The Greatest Utopian Movement in American History», som historikaren Gordon Wood seier det. Den amerikanske likskapskulturen, «jamne vilkår», som Tocqueville sa, hjelpte godt til. Men motsett av kva dei pessimistiske grunnlovsfedrane i Philadelphia frykta, stod dei kvite farmarane som utgjorde veljarskaren i Sambandsstatane på 1800-talet, ikkje for mobbstyre. Dei valde lov, føreseieleg styre og eigedomsrett. Kort sagt: Dei stod for demokratiske verdiar og prosedyrar. The Bill of Rights, dei ti tilleggslovene som den gåverike James Madison, enno før han var 40, utforma frå 1789-90, vart amerikanarane sitt verdslege svar på grunnleggingsmyten til romarane, Romulus og Remulus.

Dahl avlivar ei rekkje argument for konstitusjonen. Han er ikkje noko føredøme for andre land. Ikkje nokon har kopiert han. Med sin kombinasjon av presidentstyre, føderalisme, fleirtalsval i einmannskrinsar, ein sterk maktbalanse mellom folkevalde, dømande og utøvande makt pluss ein aktivistisk, lovoverprøvande Høgsterett er han eineståande. Eit sterkt andre kammer, som det amerikanske Senatet, er ingen føresetnad for stabilitet og demokrati (Noreg har ikkje eit slikt). Tanken at ulik representasjon i Senatet skulle verka som ein blokk mot mobbstyre og verna sårlege minoritetsinteresser har i røynda ført til at dei mest privilegerte av slike minoritetsinteresser har vorte hegna om (til dømes slaveeigarane før innbyrdeskrigen 1861-65 og sørstatane allment etter det).

Det direkte valet av president var noko grunnleggjarane ikkje ville ha, og Dahl gjev ei fascinerande skildring av korleis den opphavlege ideen deira med indirekte val av han i Kongressen, ei amerikansk form for parlamentarisme, vart vendt 180 grader rundt. Det var valmannskollegiet som skulle gje ei aristokratisk sperre mot folket og samstundes hindra at presidenten var for sterkt avhengig av Kongressen. Men alt ved valet i 1800 viste det seg at dette kollegiet var like sårleg for partistrid og hestehandel som Kongressen. Valmennene var like mykje utsendingar frå «fraksjonar» (Madison) som partimedlemmer. Det som hende var rett og slett at utviklinga av det amerikanske partisystemet omgjorde valmannskollegiet til ikkje noko anna enn ei stemmeteljande og sandpåstrøande forsamling – av og til med lagnadstunge og utilsikta fylgjer, som hausten 2000 (og tre gonger før – i alt 18 presidentval i USA har gjeve som resultat at kandidaten med lågast stemmetal i folket har gått av med sigeren).

Reformer som bør koma

Hovudkritikken frå Dahl si side er at den amerikanske konstitusjonen systematisk fell gjennom dersom demokratiske kriterium er norma. Valmannskollegiet bør leggjast ned, meiner Dahl, og presidenten bør peikast ut på grunnlag av kven som får flest stemmer totalt. Folkerepresentasjonen bør fylgja folketalet, og den heilt meiningslause fordelinga i Senatet (same stemmevekt for alle senatorar og to frå kvar stat) av dei små statane, stogga. Dessutan bør valsystemet endrast, frå «fyrst framfor mållina», det britiske mønsteret med fleirtalsval i einmanns-krinsar, til PR, proporsjonal representasjon. Tida er ute no for eit særskilt vern av små statar, seier Dahl (sjølv frå ein stat med 3,4 millionar innbyggjarar). Heller enn det bør det innførast vern for dei minst privilegerte minoritetane. Han viser konkret at det ikkje er mogeleg å argumentera for at den amerikanske konstitusjonen verkar betre enn land med parlamentarisme, PR og titulært statsoverhovud. Korkje på vern om rettar, stabilitet, konsensus om offentleg politikk eller rettferd skårar USA særleg høgt på tabellane. Sanninga er at det systemet som mest av alle skulle sikra balanse og motmakt, sjølv lett kan verta svært einsidig og partistyrt. Som no, då president G.W. Bush i ly av krigen mot terror har sett ei rad grunnlovssikra standardar for rettstryggleik ut av spel. Den same krigen hjelpte han til å vinna mellomvalet til Kongressen i haust. Republikanarane har no fleirtal i båe kammer. I tillegg kan han etter alt å døme sjå fram til å utnemna nye høgsterettsdomarar som deler konservatismen hans – alt medan demokratane på grunn av nasjonalismen ligg med broten rygg andsynes dette nasjonalistiske hegemoniet. Eit system med så mange innebygde dike mot maktmisbruk har vist seg med dette svært sårleg for partidominans.

Han meiner også at presidentvervet inneber ei umogeleg blanding av roller. Presidenten skal på same tid vera statsmann, slu og djerv politikar og moralsk føredøme, pluss samlande statsoverhovud. I røynda har det vist seg umogeleg å eina alle desse eigenskapane. Konklusjonen er at det amerikanske systemet i mangt er udemokratisk og mellom dei andre demokratiske statane langt «det mest ugjennomsiktige, innfløkte, forvirrande og vanskelege å forstå». Det er ein hybrid, korkje fleirtalsfundert eller proporsjonal, utan føremonene ved båe og med båe sine feil.

«Eine grusame Salbe», må ein seia, for ein sitjande president som fekk presidentstillinga i gåve nett på grunn av desse skavankane.

Bernt Hagtvet,
professor ved Universitetet i Oslo

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |