Dag og Tid nr. 22, laurdag 31. mai 2003
Roald Helgheim:
USA går baklengs
Etter at USA-diplomaten John Brady Kiesling sa opp stillinga si som sendemann i Athen fordi landet hans gjekk til krig mot Irak, har han reist rundt for å fortelje verda ei lekse. Denne veka var kan på konferansen «Hva nå for freden?» i Oslo, og bodskapen har ikkje endra seg etter utfallet på krigen, eller det Bush og alle hans lojale media har kalla ein siger. Her i landet har krigstilhengarane brukt «sigeren» det vil seie Saddam-regimets fall som prov på at USA gjorde rett i å invadere Irak. Endå fleire også mellom dei som var mot åtaket har gjort eit nummer av at «dommedagsprofetiane» ikkje slo til: Krigen har ikkje ført til ei humanitær katastrofe, melder internasjonale legeteam. Dei menneskelege omkostnadene vart ikkje så store som frykta, og dei amerikansk-leidde styrkane måtte ikkje føre ein langvarig krig. Det har likevel ført til
hovudrulling og utskifting av dei innsette militærkommandantane, etter at Saddam-regimet fall saman som eit korthus.
Ingen kunne vel spå kor fort eller seint det ville gå, sjølv om det endelege utfallet var gitt. Men alle som har snakka seg håse om dei feilslåtte antikrigs-profetiane har omgått kardinalspørsmålet: Kva var det USA gjekk til krig for, og kva fann dei? Dei fann ikkje masseøydeleggjingsvåpena, og heile verda kan sjå at det rotne regimet umogleg kunne vere noko trugsmål mot USA og det internasjonale samfunnet sin tryggleik. Dette veit USA, og kva verre er: Dei bryr seg ikkje om det. Dei bryr seg ikkje om dei kritiske spørsmåla om målet med krigen. Han var bygd på ei propagandaløgn, and they dont care! Meir og meir kjem for ein dag som underbyggjer at den faktiske avgjerda om krig var teken for lenge sidan, og alt maset med våpeninspektørar og tida som vart brukt på FN-sporet berre var hår i suppa. Colin Powells «bevisføring» på direkten i FN var
ein av krigens store farsar.
Dette har den røynde karrierediplomaten med fartstid både hos Bush senior og Clinton sjølvsagt sett betre enn dei fleste av oss. Difor lar han seg ikkje dupere av stoda, men spør i ein tale han heldt i Princeton (omsett i Klassekampen):
«Hvilken jordisk makt kan stoppe oss, utenom en katastrofe? Noe må det være. Jeg tror ikke det vil være Irak. Vi kommer til å rote til gjenoppbyggingen av Irak fullstendig, slik vi har vært smertelig ute av stand til å leve opp til løftene våre i Afghanistan. På et visst tidspunkt kommer denne administrasjonen eller den neste til å bare gå sin vei, og finne på noe som kan distrahere det amerikanske folket fra kaoset som følger. Men jeg har ingen tro på at de vil måtte stå til ansvar.»
Og når det gjeld kampen mot terrorismen?
«Krigen i Irak bidro ingenting til å minske denne trusselen. Bin Ladens variant av islamsk absolutisme hadde ingenting å gjøre med Saddams Irak, selv om denne absolutismen nå kan komme til å blomstre i det nye Irak» (uth. av meg). Det er ei ufjelg påminning om korleis USA, då dei første gong drog seg ut av Afghanistan, hadde medverka til å bane veg det for det regimet verda skulle hugse som Taliban.
Innlegg her i avisa har skulda Dag og Tid for anti-amerikanisme og kunnskapsløyse i krigsdekninga. Mine beste kjelder har vore Time, New York Times og tidsskriftet New York Review of Books, der mange av skribentane er framståande personar i det nordamerikanske samfunnet. Det var her eg i vår første gong las Kieslings Letter of Resignation, avskilsbrevet han sende Colin Powell frå Athen. Ein månad seinare følgde han opp med artikkelen Athens In Wartime, der han frå den greske hovudstaden førde vidare kritikken av den politikken som gjorde at han gjekk av.
No ligg 12. juni-nummeret av New York Review of Books alt på nettet. America Goes Backward er tittelen på ein artikkel av Harvard-professoren Stanley Hoffman, som snart kjem med bok om politikk og etikk i det globale samfunnet. Felttoget mot Irak har slett ikkje svekt kritikken hans av ein politikk, som held på å snu ei utvikling som heilt sidan New Deal-politikken til Roosewelt trass i alt kunne halde dei verste sidene av kapitalismen i age. Under det nye Bush-banneret har samfunnet alt fått smake følgjene av ei utvikling som både heime og ute går bakover. Applaudert av media som, slik forfattaren opplever det, har vore meir ukritiske enn nokosinne. Rett før krigen mot Irak såg Hoffmann ein pressekonferanse i Washington, der presidenten mange gonger kopla Saddam Hussein med Al Qaida. Ikkje ein einaste av dei seksten journalistane som spurde om Irak, utfordra han i den saka.
Hoffmanns analysar er ikkje spesielt oppsiktsvekkjande. Men han er ein av mange som ser lenger enn til ein kortsiktig vinst, når den endelege prisen for Bush-eventyret skal betalast. USA vil amerikanisere verda. Washington ser ut til å ha fått det for seg at dei kan nedkjempe islam og «demokratisere» heile den muslimske verda like lett som Olav den heilage tvangskristna Norge. Resultatet kan vi lese av framsida til Time, biletet av ei folkemengd der alle har bin Laden-maske. Why the war on terror will never end, står det. Det er noko anna enn Matrix Reloaded, der helten Neo slåst mot hundre kloningar av skurken Smith. I røynda er dei berre digitale bilete, laga på ein skjerm. Bak bin Laden-maskene er menneska verkelege nok.
|