Dag og Tid nr. 22, laurdag 31. mai 2003
Klok på bok 616:
Om att att
Eg hadde ikkje tenkt å fortelje om det, men sidan eg no har så mykje plass til disposisjon, må eg visst ut med det likevel: Sist søndag var eg på tur saman med karane mine, og det var noko til utfart! Han Peder først på motorsykkelen (innbilt kortesje) og han Dale-Oskar bak i den nydelege, gamle, okergule 17 m-en (Ford). Eg sat i baksetet og naut vårlufta saman med han Barabass. Vi var på søndagstur for å feire at vegen over fjellet var open att etter vinteren. Tradisjonen tru skulle vi kjøpe is på hi sida. Både sjåførar og køyrety er veteranar, så det skulle borge for tryggleik. På den andre sida kan ein ikkje verte overraska om noko skjer seg etter år med ein viss slitasje. Trur de ikkje anna enn at han Peder fekk vanskar med kardangen atter ein gong. Eg såg draumen om den første softisen forsvinne i det blå, men for ein gongs skuld tok han Peder til vitet. Han
parkerte jawaen, kommanderte han Barabass fram i framsetet og sette seg bak saman med meg. Det var ikkje berre isen som smelta... (Vi får sjå om framhaldet (får) følgjer.)
Så til den harde røynda. Ja, nei eg har ikkje hatt lukka (les vitet) med meg i det siste. Denne veka sit eg like tomhendt som sist: fire svar har funne vegen heilt fram til bordet mitt. Denne veka presenterer eg dei fire svara kronologisk frå start til mål: «Hei Paula, Rett på sak: Diktet er hentet fra ei bok som kom ut våren 2002, kort og grei tittel; Bare med undertittel Lærestykke. Forholdsvis stringente dikt, men ikke så stutte som den første skjønnlitterære boka til Øystein Hauge, Grønt, en flott samling med haikudikt. Personlig foretrekker jeg nok haikudiktene til Hauge heller enn diktene fra denne boka. Øystein Hauge har også skrevet et par andre bøker, blant annet anekdoter fra forfatterliv til kjente størrelser og redigert antologier. Styrer Bjørnsonfestivalen i Molde», påstår han Truls Horvei i Haugesund.
Svar nummer to: «Haiku på deg, Paula! Denne gangen vil jeg gjette på Øystein Hauge, og det regner jeg med at jeg gjør klokt i», skriv ho Hilde Matre Larsen i Oslo.
Svar nummer tre: «Dag og Tid, Klok på bok 614, Løysinga: Øystein Hauge, bare (lærestykke), 2002, Diktet: (to fotografi). Eg helsar utan kommentarar, denne gongen! God helg, gode dagar til alle i Dalen og til ho Paula», helsar han Olav Molven på en faks frå Bergen storsenter.
Svar nummer fire: «Hei Paula! Stikkordet Haiku fører lett til Øystein Hauge, som i 2000 fekk utgitt diktsamlinga Grønt (med raude bokstavar mot kvit bakgrunn på bokpermen!). Den inneheld 100 haikudikt. Men over spalta skriv du Ikkje berre, så da får du sagt at tittelen på boka er Bare. Den kom i fjor, og der finn vi dei siterte linjene. Dei aller fleste tekstene i samlinga er svært korte, men haikudikta i Grønt er enda knappare. Her er to døme:
i familiealbumet
to framande
på ei bru
togkupéen
full av haustsol
og raudhåra jenter
Eg skal òg vera knapp:
sitatet
svaret
før fredag
Med gode helsingar frå:
Karl Johan
Grønning
på Rykkin
Takk for det, alle fire! Han som kom først til mølla, får premie. Gratulerer Truls!
Ja, nei, eg hadde trudd at dette skulle vere enklare enn det ser ut til å ha vore, sjølv om han Karl Johan skriv at det var «lett» å finne svaret på grunn av haikustikkordet. Han Øystein Hauge vart intervjua i Dag og Tid då diktsamlinga kom ut. I artikkelen var fleire dikt, mellom anna oppgåvediktet, siterte. Difor vil eg tru at mange av dykk har lese det før utan at det tydelegvis har gjort noko særleg inntrykk. Det var synd. Håper ikkje forfattaren sjølv tek seg nær av det. Han verkar ikkje å vere av den hårsåre typen, så det går nok bra.
Denne veka gir eg dykk alt anna enn namnet på forfattaren. Eg orkar ikkje å vere venelaus lenger. Kunne de ikkje ha sendt meg eit kort og skrive noko om veret, konfirmasjonane eller feiringa av 17. mai? Det må då vere grenser for kor interessant livet på Dalen er. Eg vurderer sterkt å grave meg ned, før nokon andre gjer det.
Klok på bok 616
Det er selvfølgelig umulig å si når noe begynner og slutter, og jeg tror ikke på at sosiologiske detaljer egentlig kan forklare hvorfor ting skjer. Det som er viktig er det som hendte. Men for ordens skyld: Jeg heter Leonard Holm, og har alltid blitt kalt Leo.
Denne romanen kom ut for første gong i 1990. Nyleg kom han ut i ny versjon. (Dette bør vere nok for mange av dykk, men eg held fram:) Forfattaren debuterte med ei novellesamlinga i 1985, og har gitt ut tolv bøker så vidt eg veit. Viss du trur at du har kome fram til rett svar, kan du sjekke om det rimar på jippi.
Send lange og velformulerte svar til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 før fredag 6. juni.
Paula på posta
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|