Dag og Tid nr. 22, laurdag 31. mai 2003
Island:
Smetthol for smelteverk
Medan Noreg byggjer ned smelteverka, byggjer Island stadig nye. Lokkemiddel er kraft til spottpris, dyktige arbeidsfolk og lågaste selskapsskatten i Europa. Omnshus og Thatcher-politikk skal gjera Island til reinaste, sunnaste landet i verda.
Johan Brox
johan@dagogtid.no
Fyrste aluminiumsverket på øya starta så seint som i 1966, men i dag er Island største produsentland i verda rekna i aluminiumsvekt per capita. For kvar bidige islending blir det årleg prosessert 900 kilo aluminium på Sagaøya og det blir raskt meir, opptil to tonn innan 2007.
Største private industribedrifta i landet er i dag det USA-eigde aluminiumsverket Alcoa med 500 tilsette, og snart flytter konkurrenten Alcan («can» står for Canada) inn i eit endå større verk på øya. I førre Dag og Tid sa Thomas Knutzen i Hydro Aluminium at òg det norske selskapet har tilbod om å byggja opp att verk som skal stengjast av miljøomsyn i Årdal, på Karmøy og i Høyanger, både på Island og andre stader i verda, og det på vilkår som er langt betre enn kva sjølv Hydro kan vona på i Noreg.
Tilgang på kraft er berre eitt av stikkorda, og Island, som er ein lukka energimarknad slik Noreg òg var til dåverande politikar, no Hydro-hovding, Eivind Reiten liberaliserte han på 1990-talet lokkar med langsiktige lovnader om kraft til 2-3 amerikanske cent per kilowattime.
Den tidlegare fiskeriavhengige nasjonen Island lukkast såleis med å byggja opp ein ny prosessindustri på same tid som det tradisjonsrike energilandet Noreg ikkje maktar eller vil halda liv i dei gode, gamle smelteverka sine.
Krafta
I Noreg er det, om ein skal tru Hydro-talsmannen, uvisst om selskapet i det heile kan få langsiktig kontraktar til nye kraftkrevjande prosjekt, etter som elprisen her i landet svingar med ver, vind, tilbod og spurnad frå time til time slik han skal i ein «velfungerande marknad».
Ein slik marknad er øybuane spart for i alle fall til dei får strekt kablar til kontinentet. Difor har islendingane eit sanseleg overskot av vasskraft som dei deler ut til kostpris. Slik har Island rigga opp ein berekraftig elektromagnet som no dreg til seg tungindustri på flukt frå marknadskraftprisen på kontinentet eller rettare, kontinenta på båe sider av Atlanterhavet.
Viljen
Om billig kraft på langsiktige vilkår ikkje skulle vera nok, skiltar dei islandske politikarane òg med andre lokkemiddel: Selskapsskatten er kutta frå 30 til 18 prosent, og er no mellom dei lågaste i Europa og ti prosent under Noreg. Lønskostnadene på Island ligg òg på europeisk botnnivå, på line med Italia medan Noreg sjølvsagt tronar på toppen, med berre Tyskland over seg. Dessutan arbeider islendingane 400 timar meir i året enn me gjer dei har 43,5 timars arbeidsveke. «Island har den mest fleksible arbeidsmiljølova i Europa», skryt regjeringa der.
Thatcher
Den konservative koalisjonsregjeringa med statsminister Davíd Oddsson frå Sjølvstendepartiet i spissen, er samanlikna med Thatcher-regimet i England. Ikkje utan grunn, vedgår finansminister Geir H. Haarte til nyhendebyrået AFP. Men Island har teke lærdom av feila til Jarnkvinna, sa han, og la til: «Same kven som er sjef, ein politikk for privatisering og skattelette er uansett fornuftig».
Statsminister Oddsson har sidan 1991 fått ha arbeidsro til å meisla ut ein heilskapleg høgrepolitikk for landsmennene. Ikkje berre er selskapsskatten nær halvert og personskatten redusert no går han laus på moms og eigedomsskatt. Oddsson lova veljarane ei samla skattelette på meir enn to milliardar kroner (nær 7000 kroner for kvar av dei 288.201 innbyggjarane i landet) om han berre fekk ny tillit og det fekk han også denne gongen, så vidt det var, med hjelp frå Framstegspartiet. Den «nye» Oddsson-regjeringa tok over 23. mai, men statsminister Oddsson sjølv varslar at han kjem til å byta plass med utanriksminister Halldór (inn-i-EU) Asgrimsson frå Framstegspartiet halvveges i perioden, frå 15. september 2004.
Kraftliberalistar
Difor er ikkje nett kraftsosialisme rette omgrepet på orienteringa i islandsk politikk i 2003. Men trass iltre protestar og anke frå verneinteressene, er det solid, folkeleg støtte til planane om kraftutbygging på Aust-Island, planar som no er vedtekne og igangsette (fem av ti islendingar har ønskt ei slik utbygging, tre har vore imot og to visste ikkje). Annleis kunne det ikkje gå med ein miljøvernminister frå det islandske Framstegspartiet som øvste ankeinstans for naturvernarane, i eit land som trass i alt berre har nytta 17 prosent av dei potensielle berarane av avgassfri energi (jordvarme og vasskraft), og i tillegg har få alternativ til sau og fisk.
Kárahnjúkar-kraftverket, som skal matast ned smeltevatn frå Vatnajökul, kan etter planen levera 4.440 gigawattimar (GWh) elektrisk kraft frå 2007.
Aluminiumsverket
I vinter godkjende òg styret for aluminiumsgiganten Alcoa Inc. planane for nytt smelteverk med kapasitet på 322.000 tonn i Reydarfjordur. Det har fått alle naudsynte løyve frå islandske styresmakter og skal også stå driftsklart i 2007.
Alcoa tok over engasjementet til Norsk Hydro på Island i fjor. Men det norske selskapet kan likevel få nytt innsmett på Sagaøya, til dømes når selskapet Nordurál skal dobla kapasiteten til verket i Hvalfjördur til 180.000 tonn. Eller når Alcan, som Hydro både konkurrerer mot og samarbeider med, utvidar drifta ved aluminiumsverket i Straumsvík frå dagens produksjon på 167.000 til 460.000 tonn.
Rein energi
Mellom stadig fleire gryter med rykande metall, står islendingane og talar varmt om miljøvern, berekraft og internasjonal klimapolitikk. Desse honnørorda, meiner dei, er argument for å byggja opp og ikkje ned smelteverksindustrien i landet, etter som produksjonen på Island er meir miljøvennleg enn nokon annan stad i verda.
Og dei har truleg rett.
Island er no, etter at òg Noreg gjorde seg til netto kol- og gasskraft-importør, åleine om å tilby elektrisitet som er hundre prosent CO2-fri frå jordvarme og vasskraft. Dessutan er dei hypermoderne verka som no blir bygde på Island, langt meir miljøvennlege enn den gamle Søderberg-teknologien som blir sanert i Årdal og andre stader.
Hydrogen
Minuset i den store rekneskapen til Island, er transporten anten det gjeld miljøet eller lønsemda. Island er ikkje nett navlen i verda, sjølv om øya ligg som ein høveleg suppestasjon for skipsfarten mellom Europa og USA. Transporten av bauxitt frå Australia, Amerika, Asia og utskiping av prosessert aluminium til verdsmarknaden, er ikkje avgassfri.
Kvart år importerer Island 850.000 tonn olje, det meste til fiskeri- og transportsektoren. Difor er Island paradoksalt nok mellom dei land som har høgast CO2-utslepp per innbyggjar.
For styresmaktene er dette likevel mindre av eit paradoks enn det er ei utfordring. Det har fått dei til å grubla på korleis også transporten kan drivast med den «grøne» energien dei er så rikeleg signa med. Og funne svar i form av hydrogen og metanol.
Den fyrste fyllestasjonen for hydrogen blei opna i Reykjavik førre månad, og to til skal etter planen opnast før året er omme. Norsk Hydro er deleigar av dette pionerprosjektet som innan år 2050 vonleg skal ha fridd islendingane frå all bruk av fossilt drivstoff. Hydrogen-produksjonen skjer med luft og reint vatn som både råstoff og energikjelde, og avgassen, ja, det er vassdamp, det òg.
Metanol
Utsleppa frå aluminiumsverka og ferrosilisiumsverket på Island, som i stor grad er CO-gass, utgjer i dag 20 prosent av dei islandske såkalla drivhusgassane. Men CO kan òg vera råstoff, saman med hydrogen, for produksjon av metanol, som også er alternativ og supplement til bensin og diesel (jamfør til dømes Brasil). Potensialet for metanolproduksjon på Island er rekna til 450.000 tonn, og kan såleis erstatta meir enn halve den samla importen av fossilt brennstoff.
Reykjavik vonar å bli den sunnaste, mest økologiske hovudstaden i verda, seier ordførar Thorolfur Arnarson.
På kjøpet får han trekt ein verdsleiande miljøteknologi til landet, industriarbeidsplassar i hopetal til distrikta og pengar i statskassa. Alt dette i byte mot ein nasjonalpark i eit land der det bur tre personar per kvadratkilometer.
Ein suksessaga
Er den islandske liberaliseringa dei siste 12 åra under statsminister David Oddsson, som nett fekk tillit for ein ny periode, ei suksess-soge? Eg meiner det, seier redaktøren i største islandske avisa.
Johan Brox
johan@dagogtid.no
Thatcher-taktene hans har ikkje skremt islendingane, assisterande sjefredaktør Magnus Finnsson?
Thatcher-takter, synst du det?
Finansministeren dykkar tok seg ikkje nær av samanlikninga med Jarnkvinna...
Det gjorde han nok ikkje. Men eg synst han har hatt ei god hand med styringa av økonomien. Av di mykje av utanlandsgjelda er nedbetalt og avdragsbøra difor er mindre, meiner regjeringa at me har råd til skattelette no.
Er det difor Oddsson vann også dette valet?
Vel, men det var berre så vidt han greidde det denne gongen. Det var ein hard valkamp. Sosialdemokratane retta krass kritikk mot han.
For liberaliseringspolitikken?
Meir på grunn av måten han styrer på. Dei meiner han er for hard. Eg er ikkje samd i kritikken, og tolkar valresultatet til at folk flest heller ikkje er samde. Gløym ikkje at Oddsson starta ut i koalisjon med sosialdemokratane tidleg på 1990-talet. Etter fire år skifta han til Framsóknarflukkurinn og det er dei som har drive fram til dømes satsinga på aluminiumsindustrien, og langt på veg lukkast. Det byrja med planane til Hydro, som møtte sterk motstand frå miljøvernarane. Eg trur det var difor Hydro trekte seg ut. Så fekk me Alcoa istaden.
Island satsar no på både industri og miljø. Går det an?
Ja, eg trur det. Reykjavik har i fleire tiår vore den reinaste hovudstaden på den vestlege halvkula på grunn av jordvarme- og vasskrafta.
Har Island betalt ein sosial pris for høgrepolitikken i så mange år?
Vel, her er inga arbeidsløyse. Dei siste åra har vore gode, og aust på øya er folk svært nøgde med satsinga på industri og vasskraft. I mange år har folk bygd hus der, no får dei også lokale arbeidsplassar. Her er stor optimisme.
Har Island arbeidskraft til dei nye anlegga, eller må arbeidarane stelast frå fiskeindustrien?
Vel, men det kan høva godt, for då får fiskarane som no pressast ut av næringa, ein stad å gjera av seg. Det kan dempa misnøya. Regjeringa har fått mykje kritikk for fiskeripolitikken og innføringa av kvotesystemet, Oddsson miste mange stemmer på det.
Og kva har han vunne?
Eg anar ikkje.
Kan eg likevel konkludera med at livet på Island er godt?
Det kan du. Folk kjenner seg visse på at regjeringa greier å stabilisera økonomien. På dei 12 åra med Oddsson som statsminister, har han verkeleg greidd å endra denne samfunnet. Før var det til dømes ikkje tillate for islendingar å eiga noko i utlandet, ikkje ein gong eit hus, me hadde valutarestriksjonar og enorm inflasjon... No er alt fritt, og eg kan ikkje tenkja meg at nokon ønskjer seg attende, seier Magnus Finnsson.
Han legg elles til at regjeringspartiet Framsóknarflukkurinn ikkje reknar seg sjølv for å vera eit konservativt parti, og at det ikkje utan vidare kan jamførast med det norske Framstegspartiet.
Framsóknarflukkurinn har tradisjonelt vore partiet for bønder og bygdefolk ikkje ulikt det norske Senterpartiet, seier Finnsson.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|